Rafaelsen rasar mot UDI: – Dei spreier falsk informasjon

Sør-Varanger-ordførar Rune Rafaelsen meiner UDI med overlegg desinformerer statsråd Listhaug om konflikten rundt ubetalte asylmillionar. Ingen kommentar, svarer UDI.

Rafaelsen og Listhaug

Sør-Varanger-ordførar Rune Rafaelsen meiner UDI har feilinformert statsråd Sylvi Listhaug om konflikten rundt oppgjerdet etter asylkrisa som ramma kommunen i fjor haust.

Foto: Amund Trellevik/NRK

– Alt som statsråden har fått opplyst om frå UDI er feil, seier Sør-Varanger-ordførar Rune Rafaelsen til NRK.

Rafaelsen reagerer kraftig på eit brev som gjekk frå innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug til Stortinget i førre veke.

Gjekk til sak mot UDI

Listhaug er overfor Stortinget bedt om å gjere greie for kostnader knytt til ubrukte asylmottaksplassar i landet.

Sør-Varanger kommune har gått til sak mot UDI etter ubetalte rekningar etter fjorårets asylkaos på Storskog.

Listhaug opplyser i sitt svarbrev til kontroll- og konstitusjonskomiteen at «kommunen mener at UDI skylder et beløp for avtaler som skal ha blitt gjort muntlig».

Dette får Rafaelsen til å rase.

Kommunen krev 17 millionar

– Når UDI gjer feilaktige opplysningar og bevisst desinformerer statsråden, er dette alvorleg. Vi har fire bindande avtaler som er skriven på UDIs brevark, og det er heilt feil at det er snakk om munnlege avtalar. Dette er direkte usant.

– På kva grunnlag kan du seie det?

– Dei faktiske forholda er slik dei er. UDI har sjølv vore til stades her med representantar og skrive under. Dette er ingenting å skridast om. Så korleis dei kan fortelje statsråden at vi berre har munnlege avtalar er heilt absurd, seier Rafaelsen.

Kommunens totale krav mot UDI etter drift av blant anna Fjellhallen i Kirkenes som transittmottak er på 17 millionar kroner.

UDI meiner på si side at dei berre skal betale i overkant av halvparten. Saka vil mest truleg hamne i retten om ikkje partane kjem til ei løysing.

Listhaug i Kirkenes

Statsråd Sylvi Listhaug besøkte Kirkenes tidlegare i haust for møter med kommuneleiinga. Her i samtale med Rune Rafaelsen.

Foto: Amund Trellevik/NRK

– Ikkje objektiv framstilling

Rune Rafaelsen har no skrive eit svarbrev til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite, der han understrekar at fleire av opplysningane statsråd Listhaug gjer er «uriktige og ufullstendige» og ikkje ein objektiv framstilling av sakens fakta.

– Eg er slutta å verte overraska over UDI. Men dette er nok eit døme på at dei ikkje var i stand til å takle den krisesituasjonen som vi hadde på grensa i fjor haust.

– Kvifor har du sendt brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget?

– Eg tykkjer det er skandaløst at Stortinget ikkje får korrekte opplysningar. Eg håpar Stortinget gjer klar beskjed om at dette er uhøyrt og at dei må gjere opp for seg slik dei skal i følgje avtalane, seier Rafaelsen.

Christine Wilberg, UDI

Avdelingsdirektør Christine Wilberg i UDI.

Foto: Amund Trellevik/NRK

UDI vil ikkje kommentere

UDI har følgande kommentar til Rafaelsen sitt utspel:

– Saka er til handsaming i Oslo tingrett og vi har ingen ytterlegare kommentarar, skriv avdelingsdirektør Christine Wilberg i ein e-post til NRK.

Justis- og beredskapsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at det ikkje er noko motsetning mellom den skildringa Rafaelsen kjem med i sitt brev til Stortinget, og den skildringa Listhaug sende til kontroll- og konstitusjonskomiteen.

– Statsråden skildra sju tilfelle for å illustrere kompleksiteten i handteringa av denne situasjonen. Tvisten mellom Sør-Varanger kommune og UDI er eit av desse døma. Ingen av døma er detaljert skildra, det var heller ikkje meininga.

– Når det gjeld den konkrete tvisten, er det innleia rettsleg prosess og statsråden kan derfor ikkje kommentere den nærare, skriv kommunikasjonsrådgjevar Andreas Skjøld-Lorange i ein e-post til NRK.