Hopp til innhold

Nussir-sjefen hardt ut mot Miljødirektoratet: – Useriøst og demokratisk beklageleg

Miljødirektoratet kan ikkje svare på kor tid det vil kome svar på Nussirs søknad om utsleppsløyve i Repparfjorden. Søknaden skulle opprinneleg vere ferdig handsama før jul i fjor.

Rushfeldt

Øystein Rushfeldt i Nussir har venta lenge på å få svar på om selskapet får lov til å deponere gruveavfall i Repparfjorden.

Foto: Allan Klo / NRK

– Det er ekstremt useriøst å gå ut med lovnadar gong på gong. Tre gongar de siste året har me fått beskjed om at direktoratet har fått alt dei treng, og at dei planlegg å avslutte saka. No vil dei ikkje seie noko lengre. Dette er beklagelig i ein demokratisk prosess, seier dagleg leiar Øystein Rushfeldt i gruveselskapet Nussir.

Repparfjord

Nussir vil ha sjødeponi i Repparfjorden, i bakgrunnen.

Foto: Bente Bjerke / NRK

Vil ha deponi i sjø

Han har i fleire år forsøkt å leggje puslebitane riktig veg for å få i gong utvinning av dei særs verdifulle kobbar førekomstane som ligg i fjellområdet ved Repparfjord i Kvalsund kommune.

To forskjellige regjeringar har meir enn antyda at dette er ei verksemd ein ønskjer velkomen, så framt miljøomsyna vert ivareteken.

Nussir ønskjer ei sjødeponi, for denne utslippssøknaden ligg for tida til handsaming hos Miljødirektoratet.

Der har den lege lenge.

Utsett gong på gong

I august i fjor rekna direktoratet med å ha ferdighandsama søknaden innan jul. Etter det er det komen fleire lovnadar, seinast at søknaden ville ha ei avklaring innan sommarferie.

Då NRK torsdag denne veka spurte om eit svar, ønskja ikkje Miljødirektoratet å la seg intervjua.

Dei viste til følgande epost, der det står:

«Me har ikkje noko meir å fortelje enn at søknaden om utsleppsløyve Kvalsund er til handsaming hos Miljødirektoratet. Dette er ein stor og omfattande sak og me kan per dags dato ikkje gje noko tidspunkt for kor tid den er ferdig handsama.»

Og der står saka.

Jernrør Nussir-fjellet

Nussir er allereie i gong med prøveboring.

Foto: Bente Bjercke

Lokalpolitikar er oppgitt

– Eg byrjar vel eigentleg å verte ganske så oppgitt. Eg er imponert over dei som held på dette og skal få verksemda i gong, seier Randi Pedersen, mangeårig lokalpolitikar i Kvalsund Arbeiderparti.

Ho leiar kommunens utviklingutval, og har med det vore gjennom fleire rundar med både direktoratet og andre partar som har interesse i gruveprosjektet.

Draumen er ei oppblomstring av industriarbeidsplassar, noko som vil gje etterlengta og fornya liv i ein kommune med dryge 1.000 innbyggjarar.

– Eg trur ikkje lengre på direktoratet, diverre. Me fekk nokre signal om at dette skulle verte avklart etter jul. Seinare fekk me signal om at dette skulle verte avklart i vår, og så kom det signal om at utfallet i Førdefjorden skulle danne grunnlaget for Repparfjorden. Og då Førdefjorden var avgjort, tenkte eg at Nussir også ville få løyve.

– Kva trur du er årsaka til at det tar så lang tid?

– Skal eg vere heilt ærleg, så trur eg at dei vegrar seg for å ta ei avgjerdsle, sier Pedersen.

– Er jo ikkje hastverksarbeid

Naturvernforbundet har vore ein av dei mest markante motstandarane mot sjødeponi som løysing for utsleppa av gruveavfall i Repparfjord.

Natur og Ungdom demonstrerer mot dumping

Miljødirektoratet sa ja til sjødeponi i Førdefjoden. Mange trudde då at Repparfjorden også skulle få eit kjapt svar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det er vanskeleg å seie om dette er bra eller dårleg for saka totalt sett, men me kan vel allereie no seie at det ikkje er hastverk som har prega denne saka. Me legg til grunn at direktoratet gjer ein god og grundig jobb, og at det tar den tida det tar, seier Geir Jørgensen, regionssekretær i Nord-Noreg.

For Nussir og Øystein Rushfeldt handlar dette ikkje lengre berre om å få eit ja frå Miljødirektoratet.

– Me ber ikkje om å få ja til utslepp, men me ber om ei avklaring. Slik kan me anten jobbe vidare eller legge prosjektet bort. Me har krav på ei avklaring snart, og me vonar også at politikarane også spør etter den same avklaringa, seier Rushfeldt.

Rørtrasé

Dette kartet viser kor Nussir planlegg å legge sjødeponiet.

Foto: Skjermdump fra Nussir-notat

Flere nyheter fra Troms og Finnmark