Innrømmer svekking av ambulansetilbodet

Finnmarkslegar fryktar den nye ambulanseflyordninga vil gå ut over pasientsikkerheit og tappe fylket for kompetanse. Sjefen for Helse Nord vedgår at endringa gir eit dårlegare tilbod.

Ambulansefly

MISTER PROPELLFLY: Jetflyet som skal erstatte eitt av tre propellfly i Finnmark kan ikkje lande på kortbaneflyplassar, blant dei flyplassen i Hammerfest, der Finnmarks største sjukehus ligg.

Foto: Luftambulansetjenesten

I dag møtte Helse Nord fagfolk ved Finnmarkssjukehuset. Blant dei som var på møtet var anestesioverlege Hanne Iversen, som er bekymra for kva den nye ordninga vil gjere med beredskapen i fylket.

Leiinga i Helse Nord foreslår å fjerne eit av to propellfly i Alta, og heller ha eit jetfly i døgnberedskap i Tromsø - eit jetfly som berre kan lande på tre av flyplassane i Finnmark, Alta, Lakselv og Kirkenes.

– Rett nok dekker dei tre flyplassane mange av dei som bur i Finnmark, men det er eit stort problem at ein ikkje når ut til kysten, seier Iversen.

– Og det er sjølvsagt heilt innlysande at det er eit stort problem at flyet ikkje kan lande på det største sjukehuset i Finnmarkssjukehuset, seier ho.

Hanne Iversen

Hanne Iversen er anestesioverlege ved Hammerfest sjukehus, og har jobba i redningshelikopter i 10 år.

Foto: Torgrim Halvari / Finnmarkssykehuset

Kan ikkje lande der sjukehuset er

Sjukehuset i Hammerfest er det største i Finnmark, men det nye jetflyet vil ikkje kunne lande på flyplassen der. Iversen trur det vil føre til ei svekking kompetansen ved sjukehuset.

– Ein forsterkar ei akse av pasientstraum ut av fylket, til Tromsø. Det er fagleg einigheit om at dei som kan gjennomgå kirurgi på lokalsjukehus skal gjere det, slik at universitetssjukehusa kan handtere dei meir kompliserte tilfella. Det vil ikkje vere mogleg å få til når så mange pasientar ikkje kan komme hit lenger.

– På sikt så vil det få konsekvensar for Hammerfest sjukehus, som vil miste kompetanse, og vil ha problem med å halde på fagpersonane sine, og sjølvsagt problem med å rekruttere nye folk, seier Iversen.

Innrømmer at tilbodet blir svekka

– Det er ikkje tvil om at deler av Finnmark kan få eit dårlegare tilbod om vinteren.

Det seier direktør i Helse Nord, Lars Vorland, som tysdag møtte legar og anna fagpersonell til eit møte om bekymringane knytt til endringane i ambulanseflystrukturen.

– Det er jo eit tredje propellfly òg i Tromsø, det vil jo dekke deler av Finnmark, men at det kan bli noko dårlegare kom tydeleg fram på dagens møte, seier han.

Lars Vorland

Direktør i Helse Nord, Lars Vorland, seier dei kan endre ambulanseflyforslaget fram til slutten av oktober.

Foto: Helse Nord

Etter møtet har helsedirektøren òg blitt klar over kva følger endringane kan få for kompetansen ved Finnmarkssjukehuset.

– Det var aldri vår intensjon å bygge ned Hammerfest sjukehus, så det er noko vi skal sjå på. Vi har ikkje sett på denne konsekvensen i tilstrekkeleg grad, seier direktøren.

Etter møtet med fagpersonell ved Finnmarkssjukehuset, eit møte Vorland omtaler som godt og konstruktivt, vil Helse Nord gå gjennom innspela og sjå om endringar skal gjerast.

– Eg ser det har stått i avisene at vi har bestemt oss, men det har vi ikkje.

– Forslaget er ein del av eit strateginotat for anbod. Anbodet skal gå ut i midten av november, så det er ikkje tatt nokon avgjerd enda.

Den endelege strukturplanen for oktober må ifølge Helse Nord vere på plass i løpet av oktober.