Hopp til innhold

Fryktar for dei heilårlege arbeidsplassane

Tillitsvalde i fiskeindustrien kastar seg inn i kampen mot fiskeriministeren sitt forslag om å fjerne pliktsystemet.

Filetering av fisk på anlegg

HEILÅRLEG FISKEBRUK: Dei tilsette ved Lerøy Norway Seafoods har vore truga av permitteringar når aktiviteten har vore låg. Dei tillitsvalde fryktar det vil skje oftare om trålarane får mindre kvotar.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

På fiskeanlegget i Forsøl i Hammerfest jobbar 40 tilsette med å filetere fisk, året rundt. For kystsamfunna er det viktig å ha aktivitet på anlegga heile året, og ikkje berre under høgsesongen på våren.

Dei tilsette ved anlegget er redd heilårsjobbane er i fare, dersom fiskeriminister Per Sandberg sitt forslag får gjennom.

Bjarne Kristiansen

Bjarne Kristiansen er hovudtillitsvald for Lerøy Norway Seafoods.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Sandberg vil fjerne leveringsplikta for dei store fisketrålarane, og som kompensasjon for tapt råstoffleveranse til anlegga langs kysten, vil han overføre 20 prosent av trålkvotane over til kystflåten.

Hovudtillitsvald for Lerøy Norway Seafoods, Bjørnar Kristiansen trur det vil rokke ved heilårsdrifta.

– Slik forslaget ligg no, at ein skal føre over frå trålkvotane til flåten under 11 meter, så vil det medføre at ein flytter fisk frå haust til vår, seier Bjarne Kristiansen.

Tom Olav Johannessen

Tom Olav Johannessen er tillitsvalt ved anlegget i Forsøl

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Og det er jo på hausten ein treng fisk. På våren har ein jo fisk nok og vel så det, seier han.

Tom Olav Johannessen er tillitsvalt ved Lerøys anlegg i Forsøl. Også han fryktar framtida dersom trålarane blir tatt frå fisk.

– Eg vil påstå at om dette skjer, så vil vi oppleve at vi får fleire permitteringar enn det vi har hatt hittil, seier Johannessen.

Meiner trålarane si betydning er gløymd

Kystflåten har eit sterk fokus på vinter- og vårfisket etter torsk, medan trålflåten leverer fisk på heilårleg basis. Dei tillitsvalde meiner viktigheita i å ha trålarane er gløymt i fiskeridebatten.

– Det blir påstått at trålarane ikkje leverer inn til anlegga, men det er ikkje sant. Trålarane leverer om lag 30 prosent av si kvote inn til Norway Seafood, seier Kristiansen.

Varaordførar Marianne Sivertsen Næss i Hammerfest har saman med ei rekke lokalpolitikarar i nord stått på barrikadane for at kysten skal få halde på fisken.

Marianne Sivertsen Næss

– Heilårige arbeidsplassar er det vi slåst for seier varaordførar i Hammerfest, Marianne Sivertsen Næss (Ap).

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Enkelte i debatten kan nok ha medverka til å snakke ned trålarane si betydning, men for oss så handlar dette om arbeidsplassar på land, seier Sivertsen Næss.

Ho skjønner godt bekymringa hos dei tilsette: Ho meiner det er ei misforståing at dei berre snakkar varmt om den lokale kystflåten.

– Eg forstår dei kjempegodt. Dei arbeidsplassane er så viktige for kystsamfunna. Trålflåten levere som sagt råstoff gjennom eit heilt år, og det er viktig, seier ho.

Filetering av fisk

På Lerøy Norway Seafoods sitt fisk anlegg i Forsøl jobbar 40 tilsette med å filetere fisk frå Finnmarkskysten.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark