Hopp til innhold

– Norge svikter elevene i Finnmark

Finnmarks-tallene sjokkerer ikkje Amanda (17): – Det er vel på ein måte litt dårlegare haldningar til skulen her, folk trur ikkje det er så viktig.

Elevar Finnmark

17 år gamle Amanda Ernstsen ved (t.h) veit ikkje kva ho vil bli enno, men tek skulen på alvor og ønsker seg høgare utdanning.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det er trasig, men ikkje så veldig sjokkerande, seier Amanda Ernstsen ved Alta vidaregåande (17) om tala som peiker ut Finnmark som verstingen på bakarste rad i skule-Norge.

Denne veka kom kommentator i Aftenposten, Helene Skjeggestad, med eit varskurop, og går så langt som å seie at Norge sviktar elevane i Finnmark.

Dystre tal

– Eg trur det er ei vedteken sanning at skulane i Finnmark er dårlegare, seier Skjeggestad.

– Ungane i Finnmark får ikkje den starten på livet som dei fortener, meiner ho.

Skjeggestad Helene

Kommentator Helene Skjeggestad meiner det er på tide at nokon tek grep om skulesituasjonen i Finnmark.

Foto: Anette Karlsen / Aftenposten

Tal frå SSB viser at Finnmark har dobbelt så mange ufaglærte lærarar som resten av landet. Kun 41,2 prosent fullfører vidaregåande skule på normert tid, samanlikna med 58,9 prosent på landsbasis.

Finnmarksskulen gjer det også dårlegast i landet på såkalla skulebidrag, som måler kor flinke skulane er til å løfta elevane.

I tillegg kan motivasjon vera ein viktig faktor ifølge Skjeggestad si utgreiing. Det er Ernstsen einig i.

– Det kan nok henga saman med korleis det var før i tida, då du ikkje trengde utdanning for å få deg jobb. Viss far din jobba på ei fiskeskøyte så kunne du berre droppa ut og arbeida hos han, forklarer ho.

Les også: De går på en av de «dårligste» skolene i landet

– Kjempealvorleg

Skjeggestad meiner samfunnsutviklinga gjer det svært viktig å fanga opp og endra det som gjer Finnmark til dei svakaste i klassen.

Alta vidaregåande

Lågare skulemotivasjon kan vera ein av grunnane til at Finnmark gjer det dårlegare enn andre fylke.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Me ser at heile Norge er i ein omstillingsfase, og på full fart inn i kunnskapssamfunnet. det er Finnmark òg, og eg meiner og trur det hastar med å få finnmarksungdommen inn i konkurransen om ikkje berre dei beste jobbane, men om å få jobbar i det heile.

Underdirektør hos Fylkesmannen i Finnmark, Liv-Hanne Huru, er einig i at noko må skje.

– Dette er kjempealvorlege resultat, det er ikkje til å koma forbi. Det er noko som angår ikkje berre fylkeskommunen og skuleeigar, men også staten i aller høgste grad.

Amanda Ernstsen

Amanda Ernstsen trur fylket si historie har mykje å seia for elevane si haldning til utdanning.

Foto: Ine Eftestøl

Ønsker at nokon tek eigarskap

– Om ein først har vener som er umotiverte så skjer det lett at dei påverkar deg også til å bli umotivert, meiner Amanda Ernstsen.

Ho trur det kan ha store konsekvensar for dei det gjeld, om dei ikkje får seg arbeid.

– Det kan nok føra til at mange blir gåande arbeidsledige, utan utdanning, og ender opp på NAV.

Ho trur likevel at den nye fraværsgrensa har gjort situasjonen litt betre.

Nokon må ta ansvar

– Det eg saknar er at nokon tek eigarskap til denne problemstillinga over lenger tid, både nasjonalt og regionalt. At ein ser problemet og gjer noko konkret for å fiksa det, seier Skjeggestad.

Huru hos Fylkesmannen er einig i at noko må gjerast.

– Ansvaret for den lokale kvalitetsutviklinga og skuleresultata må både skuleeigar, det politiske, og det administrative nivået i kommunane ta ansvar for, slår ho fast.

Les også: Nasjonale prøver: Her er de beste skolene

Flere nyheter fra Troms og Finnmark