– Ambulanseflyet redda livet mitt

Hans Arne Nergaard veit betre enn dei fleste kor viktig ambulanseflya er for folk i Nord-Norge. Då han sprakk hovudpulsåra var det eit ambulansefly som redda livet hans.

Hans Arne Nergaard

Det gjekk heldigvis bra då hovudpulsåra til Hans Arne Nergaard sprakk for to månader sidan. Men Nergaard synest synd på dei som eventuelt treng ambulansefly i dag og ikkje får det.

Foto: Arne Egil Tønset

Den akutte situasjonen skjedde i heimen til Nergaard i Båtsfjord for to månader sidan. Brått sprakk hovudpulsåra hans. Heldigvis var kona heime og fekk tilkalla AMK. Han vart flogen direkte til Universitetssykehuset i Tromsø.

– Kirurgane der sa at eg akkurat kom fram i tide. Det var verkeleg kritisk. Hadde det vore rot med ambulanseflyet, så hadde eg ikkje sete her i dag og prata med deg, seier Nergaard.

NRK møter han på sjukehuset i Kirkenes, der han er inne for å følgje opp den akutte hendinga i mars.

– I Båtsfjord har vi helsesenter og dyktige legar. Men vi har ikkje kirurgar som kan ta tyngre ting. Vi er totalt avhengige av ambulanseflya, seier Nergaard.

Fly på bakken

Og det er nettopp ambulanseflya som har vore den heite poteta i Nord-Norge den siste veka.

Grunnen er at Babcock Scandinavian Air Ambulance (BSAA) har fått anbodet om å drive ambulanseflya frå 1. juli 2019. Norsk Flygerforbund anbefalte ei kollektiv overføring av pilotar frå selskapet Lufttransport, som hadde hatt tenesta i meir enn 25 år.

Men forhandlingane mellom Norsk Flygerforbund og BSAA har stranda. Derfor har ambulanseflya i Nord-Norge i periodar den siste tida stått på bakken. Det har mange reagert på.

Ambulansefly på Bodø lufthavn

Fleire ambulansefly har stått på bakken den siste tida. I dag stod seks fly heilt eller delvis på bakken.

Foto: Barbro Andersen / NRK

– Riv ruskande gale

Mange har bedt helseminister Bent Høie (H) om å gripe inn.

Rune Rafaelsen, ordfører i Sør-Varanger kommune

Rune Rafalesen (Ap), ordførar i Sør-Varanger.

Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

– Han er den øvste ansvarlege. Han må snakke med Helse Nord. For Helse Nord har svikta totalt i denne saka, seier ordførar i Sør-Varanger, Rune Rafaelsen (Ap).

Han meiner anbodet som BSAA har fått rett og slett må annullerast.

– Når det blir godkjent eit anbod som set folks sikkerheit på prøve, så er noko riv ruskande gale. Dette er ei hån mot folket, meiner Rafaelsen.

Hanne Heszlein-Lossius

Kommunlege i Berlevåg, Hanne Heszlein-Lossius.

Foto: Privat.

Også mange legar har kasta seg inn i debatten, til dømes legeforeininga i Troms og Finnmark og kommunelege i Berlevåg, Hanne Heszlein-Lossius.

– Dette er ein av dei aller, aller viktigaste delane av den prehospitale beredskapen. Den skal ikkje ut på anbod. Ein skal ikkje prøve å spare seg til fant når det gjeld ei slik teneste. Og det opplever eg skjer no, seier Heszlein-Lossius.

Fagdirektør Geir Tollåli i Helse Nord

Geir Tollåli, fagdirektør i Helse Nord, skulle helst sett at situasjonen med flya som står på bakken ikkje hadde oppstått. Han kallar situasjonen «lite triveleg». Men Helse Nord gjer sitt beste for at beredskapen skal vere så god som mogleg.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Ikkje spesielt triveleg

Så langt har ikkje Bent Høie gått med på at det blir ein ny anbodsrunde.

Geir Tollåli, fagdirektør ved Helse Nord RHS, kan ikkje kommentere Hans Arne Negaard si sak, anna enn at han er glad det gjekk bra med han.

Men Helse Nord seier at dei tek dagens spesielle situasjon på alvor. Beredskapsnivået er auka til gult.

– Situasjonen er krevjande. Men til no har vi klart å handtere han. Det trur eg vi også skal klare framover, seier Tollåli.

Hans Arne Nergaard

Hans Arne Nergaard minner om at det er personane som treng hjelp som får lide av dagens situasjon. – Ein kan ikkje setje prislappar på det som går på menneskeverd. Dette er ikkje haldbart. Det er 80 mil i luftlinje mellom Båtsfjord og Tromsø. Det nyttar ikkje å ta bil, seier Negaard.

Foto: Arne Egil Tønset