Hopp til innhold

Dette får italienarane til å bli nysgjerrige

Filmfestivalen i Italia vart så ivrige på det særnorske tv-programmet at dei bad om å få ein italiensk versjon av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Skorpo i Hardanger

IDYLL: Øya Skorpo i Hardangerfjorden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er skikkeleg stas, seier programleiar Noralv Pedersen.

No har det folkekjære tv-programmet fått sin eigen italienske tittel: «Dove nessuno crederebbe sí possa vívere»

Det er ein to år gamal episode frå øya Skorpo i Hardangerfjorden som stod på programmet til den italienske filmfestivalen «Procida Film Festival» før jul.

– Vi veit at programmet er godt likt utanfor landegrensene, særleg i Sverige, men også i andre land rundt oss. Men at ein filmfestival på ei øy i Sør-Italia ville ha med Der Ingen skulle tru i hovudprogrammet er stas, og er ei stor fjør i hatten for Torje Bjellaas og Arve Uglum som laga episoden det er snakk om, seier prosjektleiar Noralv Pedersen.

Skjermdump filmplakat

FILMPLAKAT: Slik blir Der ingen skulle tru at nokon kunne bu presentert i Italia.

Foto: Filmfestivalen Prosido

Måtte kome i rett stemning

22. desember vart filmen vist digitalt. Då kunne eit italiensk publikum nyte episoden frå øya Skorpo i Hardangerfjorden. Der driv familien Vågen med produksjon av både mjølk, ost og honning.

Signy Eika Klempe, som gjorde research til episoden frå Skorpo, tok kontakt med festivalen og fekk sikra at dokumentaren kom med i festivalprogrammet.

Ved hjelp av NRK-kollega Valentina Baisotti har programmet fått italiensk kommentar og den italienske tittelen.

Reporter Valentina Baisotti seier det var både spennande og annleis å skulle formidle den rolege stemninga frå Hardangerfjorden til nysgjerrige italienarar.

– Eg måtte sjå episoden fyrst, og berre ta innover meg den rolege stemninga og gå frå mi vanlege nyhenderøyst til eit rolegare tempo.

Trur det vil slå godt an

Det å finne ein tittel på italiensk var ikkje berre enkelt:

– Draumen ville ha vore eit rim på italiensk også, men det gjekk berre ikkje. Italiensk har ein av dei vanskelegaste grammatikkane ein kan finne, seier Baisotti.

Baisotti som har far frå Italia, seier italienarane er fascinerte av Noreg og fjordane.

– Kvar gong eg er i Italia og det er snakk om Noreg, snakkast det alltid om fjordar og desse små plassane litt slik som «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Eg trur at dette vil slå veldig godt an.

Programskapar Noralv Pedersen, trur det er grobotn for at det folkekjære programmet kan slå endå meir an i utlandet.

– Det er klart at for ein sør-europar er dette temmeleg eksotisk. Vi lever i ei tid der ting går raskare, her får ein innblikk i liv der folk framleis har god tid.

Programmet på italiensk kan du sjå her. (Ekstern lenke)

Den norske versjonen som gjekk på NRK TV finn du her:

Utan korkje bru til fastlandet eller rutetrafikk driv Ole Kristoffer Vågen mjølkebruk på øya Skorpo i Hardangerfjorden. Det er tungvint på grensa til det umoglege, men likevel rustar han garden for neste generasjon og vel så det. Norsk dokumentarserie fra 2018. Sesong 16 (5:6)

Utan korkje bru til fastlandet eller rutetrafikk driv Ole Kristoffer Vågen mjølkebruk på øya Skorpo i Hardangerfjorden. Det er tungvint på grensa til det umoglege, men likevel rustar han garden for neste generasjon og vel så det. Norsk dokumentarserie frå 2018. Sesong 16 (5:6)