Nils Leidal får aure.
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ein fri villmann

Nils Leidal brende passet og flytta åleine opp i ei seterbu i høgfjellet. Der kjenner han seg heil. Men nede i sivilisasjonen er det mange som treng Nils no.

Nils hadde fått nok. Det hadde tårna seg opp med saker der han var i konflikt med den norske staten. For fire år sidan braut han difor med alt, og isolerte seg på ei seterbu i fjellheimen. Oppunder vidda kunne han leva fritt og uavhengig av storsamfunnet.

I stilla i villmarka finn Nils det livet han har leita etter, eit enkelt jeger- og sankarliv. Han merkar like fullt at han blir dregen mot sivilisasjonen og menneska der som har han kjær:

Kan livet i høgfjellet halda fram når han også ønskjer å vera der for familie og kjærast? Kva er prisen for å leva eit stille liv i pakt med naturen når du samstundes har forlate andre ting som òg gir livet verdi?

Jakta på bekkeauren

Denne sommardagen er Nils Leidal uansett i riket sitt. Og det er fascinerande – at ein mann som har vore i så sterk konflikt med det norske storsamfunnet, kan vera så i harmoni med dei nære omgjevnadane sine:

Det gråkvite, skulderlange håret og skjegget går nesten i eitt med krattet som han smyg seg sakte gjennom. På veg til kulpen skrapar vierbuskene mot dei nakne låra. Men Nils Leidal ensar det ikkje.

For der borte fossar elva stri forbi, og nede i det skumkvite står bekkeauren. Den må Nils få tak i for at det skal bli middag på han denne sommardagen.

Men bekkeauren er vanskeleg å få has på, og forholda i Tessungåe gjer det ikkje enklare. Mykje vatn og intens solglans gjer auren endå meir sky enn vanleg.

Det stoppar ikkje Nils. Han har fanga aure her 1000 meter over havet sidan han var ein liten gutunge og hjelpte bestemora heile somrane med å driva setra. Nils kjenner kvar ein stein og kvart eit stryk. Og han veit korleis han skal lura den vesle blanke fisken.

Nils Leidal fiskar aure

ELVE-MEDITASJON: – Når eg går i Tessungåe og slenger med fluga, gløymer eg alt anna – og er i eitt med elva og fisken, seier Nils.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Nils losnar fluga og dreg litt snøre or snella. Brått spenner han opp stonga, rappar til så snøret fyk bak over vierkrattet, før det skyt fram att over kulpen og landar stramt og utstrekt på vassflata med den vesle fluga i eit fjørlett og lydlaust plopp til slutt.

Nils set seg mjukt på huk inni krattet. Konsentrert følgjer han fluga som driv over kulpen med elvestraumen. Han er klar til å hogga til viss auren bit.

Men auren bit ikkje. Han vil ikkje ha fluga, ikkje enno iallfall. Så draget i snøret blir svakare når det glir inn i dei rolegare straumdraga.

Nils reiser seg varleg, dreg inn litt line før han igjen rappar til med stonga, og fluga skyt ut over hølen.

Brende passet

Det er ikkje vanskeleg å sjå når Nils Leidal fiskar seg oppover Tessungåe for å skaffa seg middagsmat: Han er der han skal vera, årvaken og til stades.

Her på setra Presteroi i Tinn kommune i Telemark, like oppunder Hardangervidda, kjenner Nils seg heil – sjølv om det er ti kilometer til næraste nabo og kortare veg til vidda, fisken og reinen enn til næraste bilveg.

Straum i seterbua har han ikkje, og vatnet får han frå kjelda som piplar opp like på oppsida av bua. Om vinteren – når vassrøyret ned til bua frys – må han baksa på i hardvind og snøfok og henta vatnet i ei råk i elva.

Det var dette enkle livet han rømte til – fridomen og freden i fjellet – då livet i 2016 gjorde eit omkast. Eit kraftig omkast.

Nils hadde lenge kjent på at ekteskapet ikkje var som det burde vera. Og på same tid som han skilde seg, kulminerte ein veksande frustrasjon over den norske staten.

– Eg hadde lenge kjent meg som jakta vilt med skattekrav som var urimelege i forhold til kva eg tente. I tillegg opplevde eg at profesjonen min som naturterapeut blei marginalisert og latterleggjort.

– Og så var det Noreg som våpenprodusent og krigsnasjon i staden for fredsnasjon. Det var mange ting som tårna seg opp. Eg hadde ikkje lenger samvit til å vera ein del av systemet. Så då brende eg passet og las opp ein deklarasjon framfor Stortinget.

Nils Leidal brenner passet framfor Stortinget.

PROTEST: Nils Leidal brende passet sitt framfor Stortinget i 2016.

Foto: Vidar Paulsrud

I programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» kan du sjå korleis Nils Leidal stod framfor nasjonalforsamlinga for fire år sidan, tende på det raude passet sitt og erklærte Presteroi som fritt og uavhengig av Noreg.

Brenna passet – det var kraftig symbolbruk?

– Ja, det kan du seia. Men så er det kraftig kost det eg protesterer mot.

Ei av dei mange sakene som fekk Nils til melda seg ut av storsamfunnet, var at Noreg bomba Libya under Nato si krigføring i 2011.

Han kunne ikkje lenger akseptera det han meinte var urett. Han braut tvert, flytta åleine opp til Presteroi og har budd her storparten av tida etter det.

– Det handlar om at eg skal kunne sjå meg sjølv i spegelen og vita at eg står for noko.

– Og så ønskjer eg å leva eit enkelt liv med hausting av naturen, eit jeger- og sankarliv, som eg er fødd inn i, og som det er ein menneskerett å halda på i eit moderne samfunn. Men eit slikt liv er ikkje det norske systemet bygd for.

Nakenfiske

No er Nils langt vekke frå systemet – på veg oppover Tessungåe for skaffa seg middagsmat. Men så var det denne bekkeauren som ikkje er så enkel å få has på. For folk flest i alle fall.

– Det er mange som klagar på at det er dårleg med fisk, seier Nils.

Nils Leidal

BERRFØTTLIVET: – Alle veit at menneska er bygde for aktivitet, men me er òg bygde for stimulans. Og den stimulansen me får under fotsolane, er ei form for fotsoneterapi for kvart steg du tek. Det stimulerer òg intellektet, og du blir meir skjerpa og vaken, seier Nils.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Han har måtta gått opp frå elva. Snøret har krølla seg, slik at fluga har hange feil og ikkje kroka seg når auren har bite.

– Det har blitt mykje napp, men lite fisk.

Nils bit av lina og byrjar å knyta fast fluga på nytt.

Det er høgsommars, og det einaste Nils har på seg er eit skinnbelte og ein kniv, som har funne plassen sin mellom dei to delane som bakenden består av.

Du ser ikkje ut som alle andre elvefiskarar?

– Ja, du tenkjer på utstyret?

Nils ser opp frå knuten.

– Det er varmt, og fisket er kombinasjon av bading og vassing. No treng eg ikkje å stå tørt. Og i tillegg er eg skikkeleg jorda, og i eitt med elementa.

Og Nils meiner det bokstavleg.

– Ja, eg er i direkte kontakt resten av skaparverket. Jordkloden har ein nord- og sørpol og er såleis ein gigantisk magnet, som har sin eigenfrekvens. Når me får inn desse elektromagnetiske bølgjene gjennom fotsolane, blir det som ein straum av antioksidantar som strøymer inn i kroppen vår. Seigleiken i blodet endrar seg, det blir meir tyntflytande og tilfører meir næring og oksygen til kvar celle. Du kan ikkje ha betennelsar i kroppen om du er tilstrekkeleg jorda.

Men blir du ikkje brydd av å gå slik?

– Nei, reinsbukken er ikkje flau over å gå naken, det er heller ikkje røyskatten eller småsporven. Kjem det folk, kan dei berre gå ein annan veg viss dei ikkje vil sjå ein naken mann. Eg er på eigen grunn, så eg må nesten få lov til å gjera kva eg vil.

– Å vera naturleg naken når du solar deg, badar eller fiskar – og når temperaturen ligg til rette for det – er det einaste rette for meg. For meg er nakenskap er den ultimate openheit, ærlegdom og sårbarheit.

Blir dregen vekk

Fluga er festa – av ein mann med mange års røynsle med knutar og fiskesnøre. Nils er blitt 62 år gamal, men mjuk som ei gutunge hoppar han frå stein til stein ned mot elva. Nils har aldri slutta med å hoppa frå stein til stein.

Men kan fiskaren, jegeren og sankaren halda fram med å leva det naturnære, stille livet på setra, moltemyrene, elva, fjellvatna og vidda – med den livskrafta som alt dette det gir?

Nils Leidal

LIVET I SETERBUA: Nils har arbeidd som massør, akupunktør og soneterapeut i over 30 år. Folk som han behandlar, kan gi han ei pengegåve viss dei vil. Mykje av maten finn han i det butikkane kastar. Og nyleg fekk Nils òg ein liten alderspensjon.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Nils er uroleg for å bli dregen vekk frå Presteroi. For nede i sivilisasjonen er det mange som treng han:

– Eg føler eg blir dregen til alle kantar: gamle foreldre i Nordfjella, ung son med familie sørom her, ein kjærast nede i sumpane – som eg kallar det – og så har eg Presteroi. Men eg prøver å dela på meg så godt som eg kan og føler at eg trengst overalt. Og at eg treng Presteroi meir enn noko anna, er det ingen tvil om.

Nils har hatt mykje bearbeida etter det som skjedde i 2016. Samlivsbrotet har hatt sin pris.

– Det er trist med dei to døtrene mine, som bur i England, spesielt no med koronarestriksjonane. Eg har ikkje fått sett dei på nesten eit år. Det er sårt at familien er blitt broten opp, også geografisk. Det er det.

Rikdom er eit godt liv

Nils blir oppmerksam i det han nærmar seg elva att. Smidig og berrføtt smyg han seg lydlaust langs ein bergnabb medan han kastar opp i hølen.

Når han sakte og systematisk fiskar seg inn på kulpen, gjer han berre det han har lært av forfedrane sine – og det han har tileigna seg av kunnskap på eiga hand.

Utan å visa seg meir enn høgst nødvendig kastar han fluga bort i stilla ved den andre elvebreidda, følgjer nøye med, les straumen og let fluga flyta naturleg i vatnet.

Når du gjer det på den måten som du har gjort sidan du var ein liten gutunge, så veit du òg kor viktig tilslaget er: Når du ser at snøret stoppar opp, eller at fisken tek, då må du rykkja til med stonga for å kroka auren. Gjer du ikkje det, spyttar fisken fluga ut att, fordi han kjenner at det ikkje er eit insekt, men ein metallkrok med fjør på.

Og når du veit alt dette, slik Nils gjer, kan det plutseleg skje – det som skjer akkurat no – at det riv i stonga, og at det i den andre enden av snøret sprellar ein sky bekkeaure, som blir løfta blenkjande opp i solskinet, og ned i posen der resten av fangsten til Nils ligg, nok til ein middag for éin ved kveldsbålet.

Nils Leidal har fått aure

MATAUK: Mykje av maten som Nils et, hentar han sjølv frå naturen rundt seterbua, nett slik forfedrane hans gjorde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Og medan han sit der på setervollen på eit skinn av sjølvskoten rein og ser inn i elden som steikjer auren frå Tessungåe, kan det henda at tankane går til dei mange som treng han. Men er det ein ting livet har lært Nils, er det at han ikkje kan klara seg utan det stille livet på Presteroi.

– Eg har ein filosofi: Det er som på flyet – du skal ta på deg oksygenmaska sjølv fyrst, før du hjelper andre. Eg er avhengig av å lada batteria her. For å vera mest mogleg for andre, må eg også vera på Presteroi, her eg har røtene mine djupt nede i bakken.

Så du blir verande her?

– Ja, her blir eg. Eg har ikkje noko behov for luksus. Rikdom for meg er å ha eit god liv, å kunna nyta små gleder.

Som for eksempel eit bål?

– Som for eksempel eit bål, seier Nils og strålar opp under hatten.

– Eller det å eta sjølvplukka bær, urter, reinskjøt og sjølvfiska fisk.

Nils Leidal på setervollen på Presteroi

SJÅ PROGRAMMET: – Presteroi er blitt ein del av meg – suset frå elva, lukta av myr og mo og knitringa frå bålet, seier Nils.