Frank Vigart Eriksen
Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Draumen om eit gammaldags liv

Frank og Marit trong ein ny start i livet. Løysinga vart å reise 100 år tilbake i tid.

Ingen veit kva morgondagen bringar. Her skal du få møte nokon som har lært dette. Dei kastar seg difor ut i noko som for andre ser, tja, ganske krevjande ut, men som for dei er sjølve draumen.

Møt Frank

Ein vinterdag i 2011 sat Frank Vigart Eriksen i hytta si utanfor Sarpsborg og såg ein episode av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på mobilen.

På skjermen vart han introdusert for Ole-Jacob Christensen og Yvonne Tonnaer. Det norsk-nederlandske ekteparet hadde flytta til fjellgarden Vikabråten i Valdres, og dreiv småbruket på gamlemåten, slik ein gjorde det for 100 år sidan.

Dei brukte hest i staden for traktor, mjølka kyrne for hand, ysta sin eigen ost og budde saman med dyra på stølen om somrane. Og aller viktigast: dei var så godt som sjølvforsynte med mat.

Programmet gjorde inntrykk på Frank, som såg episoden igjen og igjen. I likskap med Yvonne og Ole-Jacob var han skeptisk til retninga resten av verda var på veg, med stadig aukande produksjon og forbruk.

Frank hadde sjølv valt eit enkelt liv. Han hadde nokre få sauar og budde på hytta si i skogen, men dette var noko anna:

Tenk å få jobbe med hest i staden for maskiner, og mjølke si eiga mjølk frå sine eigne kyr, i hjartet av Valdres.

Det hadde vore noko ...

Møt Marit

Vi skrur tida fram til sommaren 2014.

Marit Eckhoff hadde nyss funne kjærleiken med finansrådgjevaren Oddbjørn frå Finnmark. Dei vart kjærastar, lykkeleg uvitande om at han hadde ein svulst på hjernen, som vaks seg større og større.

Då legane oppdaga han, nokre månadar inn i forholdet, skjønte sjukepleiaren Marit at situasjonen var alvorleg.

Eg hugsar at dei sa namnet på svulsten, og at eg tenkte: «Det er den verste du kan få.» Så eg levde med vissa om at det ikkje kom til å bli så mange år, forklarar ho.

Nokre gode år fekk likevel Oddbjørn og Marit saman. Dei forlova seg, gifta seg, og tok vare på dei gode stundene. Den siste tida vart stundene tyngre, og Marit var minst like mykje sjukepleiar som kone.

Eg skulle vere sånn «superpårørande», for dette kunne eg, dette var jobben min. Det var heilt forferdeleg.

Like før Oddbjørn døde i mai 2019, kjøpte Marit border collien Liddi. Eigentleg mest for å redde hønene sine i hagen frå rev og hauk. Men då ho vart aleine, fekk den nye firbeinte vennen hennar ein heilt spesiell plass i livet.

Liddi (privat bilde)

LIDDI: Marit fekk hunden Liddi to veker før Oddbjørn døde. – Ho betyr veldig veldig mykje for meg, seier Marit. Veldig.

Foto: Marit Eckhoff

Marit og Liddi hang saman som erteris. Dei melde seg på gjetekurs, runderingskurs, lydnadskurs, agility-kurs ... Marit hadde høner som Liddi fekk passe på, men border colliar er jo eigentleg sauehundar.

– Eg tenkte på det, at Liddi måte jo få lov til å gjete sau.

Og jo meir ho tenkte, desto meir sikker vart ho. Marit måtte få seg sauar.

Tinder-sau

Marit begynte å leite etter sau på internett. Etter eit drygt år som enke følte ho seg også klar for å finne ein ny mann. Ho lasta ned dating-appen Tinder – og fann begge deler.

Mannen ho «matcha» med såg fin ut han, altså. Men enda viktigare: han hadde bilde av sauar på profilen sin. Marits opningsreplikk:

«Hei! Eg ser eigentleg meir etter sau enn ein mann.»

Og kven var no denne mannen med sauene? Jo, han heitte Frank og budde i ei lita hytta i skogen. Han jobba som politikar for MDG og hadde sett alle episodane av TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» minst fem gongar.

Marit fall pladask for Frank. Hunden Liddi fall pladask for sauene. Men hytta til Frank var ikkje særleg stor. Dei begynte å drøyme om ei ny framtid saman.

Frank Vigart Eriksen og Marit Eckhoff

FLAKS: Frank (40) og Marit (44) hadde skikkeleg flaks som fann kvarandre. Men kom dei til å ha like mykje flaks når dei skulle finne seg ein ny bustad saman?

Foto: Hans Petter Blom / NRK

Paret hadde berre vore saman i nokre få veker då dei begynte å leite etter småbruk på verdsveven.

Skriket frå do

Det ligg rundt 200 norske småbruk til sals på finn.no – og stadig kjem nye på marknaden. Det var nok av moglegheiter, men Frank og Marit var kresne. Dei ønskte å leve i eitt med naturen, og vere sjølvforsynte med mat.

Så – ein adventsdag i 2020, då Frank sat i sofaen og skrolla på mobilen, kom han over noko han drog kjensel på: ein gard han hadde sett på «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» minst fem gongar.

Ein fjellgard med fire mjølkekyr, to stølar, ein hest og ingen traktor.

Vikabråten

VIKABRÅTEN: Småbruket ligg 460 meter over havet i Vestre Slidre kommune i Valdres.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– No skal eg sende deg noko du kjem til å like, sa Frank og smilte til Marit som var på veg inn på do.

Frå badet høyrde han eit skrik:

«Væææ!» Dette må vi sjekke ut, ropte Marit frå toalettet.

To veker seinare sat Frank, Marit og Liddi i bilen på veg til fjells.

Frank og trikset med den musespiste ullgenseren

17. desember 2020 låg det eit tjukt lag snø over Valdres. Den bratte bakken opp til garden Vikabråten var pynta med to par fotspor, og to par potespor.

Marit og Frank var nervøse. Dei visste at eigarane Yvonne og Ole-Jacob ikkje ville selje garden sin til kven som helst. Marit følte at ho skulle på jobbintervju.

Eg tenkte at no må vi by oss fram her, vi ville så gjerne bli likt. Men så sat Frank der med ein sånn holete, musespist ullgenser ...

I mange situasjonar elles i livet gir ikkje holete, musespiste ullgenserar det beste inntrykket. Men når ein skal besøke folk som har hoppa av kjøpe-nytt-med-ein-gong-noko-blir-øydelagt-køyret for 30 år sidan, så kan det faktisk vere positivt å gå med musespist ullgenser.

Frank og Marit sat oppe og skravla med Yvonne og Ole-Jacob gjennom heile kvelden, og vart mata proppfulle av Yvonnes heimelaga ost. Dei enda opp med å overnatte, og vart verande til langt ut på neste dag. Eigarane var ikkje i tvil; besøket skulle få lov til å ta over garden. Om dei ville da?

Jo da, det skulle ikkje stå på viljen, men det var kanskje likevel lurt å tenkje seg litt om. Dei aspirerande gardbrukarane reiste heim og laga ei for-og-imot-liste.

Vi fylte eit heilt A4-ark med argument som tilsa at vi skulle gjere det, og så var det eit lite felt oppe i hjørnet med tre punkt mot: vennar, familie og jobb, mimrar Frank.

For mange av oss er nok dette tre viktige ting å ha i livet. Å flytte til fjells kom til å bli ei stor omstilling, men dei siste to åra hadde Marit også lært eit og anna om livet:

Eg kan ikkje utsetje det eg har lyst til å gjere, seier Marit.

Vi må leve mens vi lever, seier Frank.

Mai 2021

Frank og Marit sit utanfor sin nye heim i Valdres, og tar seg ein pause frå arbeidet.

Sjølv om det framleis ligg nokre snøflekkar her og der, herskar det liten tvil om at våren er i kjømda. Små grøne knoppar pressar seg fram på nakne lauvtre, og det er tid for å gjødsle dei 250 solbærbuskane på garden.

Frank Vigart Eriksen og Marit Eckhoff

DER FRANK OG MARIT ALDRI SKULLE TRU AT DEI KOM TIL Å BU: Kjærasteparet besøkjer garden som dei begge har sett så mange gongar på TV.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Dei tok valet om å ta over garden, men Yvonne og Ole-Jacob bur der framleis, og det nye paret skal ikkje ta ordentleg over før sommaren 2022. Før det følgjer ei lang opplæringsperiode, noko som Marit og Frank er takksame for.

Vi kunne jo ikkje berre hoppe rett inn i det, utan å få opplæring på vegen. Det hadde ikkje vore forsvarleg verken for oss eller dyra, seier Frank.

I dag øver dei seg på å mjølke kyr for hand og pløye potetåker med hest. Både hesten og kyrne verkar å vere litt småskeptiske til dei nye eigarane sine, utan at Ole-Jacob bekymrar seg nemneverdig av den grunnen.

Sånn er det alltid når det kjem ein framand, så vil dei prøve seg litt. Det er det same som når det kjem ein ny lærarvikar på skulen, forklarar han.

Frank Vigart Eriksen og hesten Blakka

TRAKTOR PÅ FIRE BEIN: Arbeidshesten Blakka må ofte trå til på Vikabråten. Han dreg brøyteplogen gjennom snøfonnene, jernplogen gjennom potetåkeren og hentar høy med sleden frå fjellstølen.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Men trassige dyr er langt ifrå dei einaste utfordringane Frank og Marit kjem til å møte på i sin nye kvardag. Dyr kjem til å bli sjuke, vêret kjem til å bli dårleg, avlingane vil på eit eller anna tidspunkt slå feil og reiskap kjem til å bli øydelagt.

Utan traktor og moderne hjelpemiddel må dei belage seg på musklar, tankekraft og gammal visdom for å løyse alle sine problem.

Kor enkelt blir dette «enkle livet»?

Dei bedagelege gardbrukarane

Kall dei gjerne naive, men Marit og Frank trur faktisk at det nye livet deira som gardbrukarar kan bli ganske bedageleg, i alle fall forholdsvis. Nøkkelen blir å ikkje gi etter for presset til å vekse seg store.

Få deg fire kyr til, så får du meir tilskot frå staten. Så må du bygge nytt fjøs, og ta opp lån på 2 millionar, så må du ha meir jord, og for å klare å halde det i hevd, må du kjøpe nye maskiner, og så må du ta opp lån for å kjøpe det også, og så ballar det på seg, seier Marit.

Men færre dyr og mindre produksjon betyr også mindre pengar i kassa. Yvonne og Ole-Jacob har stått igjen med ca. 300.000 kr i skattbar inntekt i året frå gardsdrifta.

Vi må nok jobbe litt ved sidan av, i alle fall i starten. Men det er ganske stille her på vinteren, så det kan nok vere fint å ta nokre kveldsvakter som sjukepleiar, seier Marit.

Når det kjem til å ikkje slite seg ut, så kan det i alle fall verke som at dei har gode forbilde i sine forgjengarar.

Yvonne og Ole-Jacob er veldig flinke til å ...

Marit leitar etter det riktige ordet.

... ta pausar, fullfører Frank og ler.

Han seier det med eit glimt i auget, for det eldre paret gir absolutt ikkje inntrykk av å vere nokre latsabbar. Men akkurat i dag har dei jo gratis arbeidskraft, og dei kan kose seg nokre ekstra minutt med avisa i vårsola.

Til neste sommar er dei pensjonistar, etter snart 30 år som småbrukarar. Du lurer kanskje på kvar dei skal flytte? Til Nice på den franske rivieraen, så klart. Der skal dei bu i ei leilegheit like ved havet, og nyte livets glade dagar.

Men det – det er ei anna historie.

Ole-Jacob Christensen og Yvonne Tonnaer

KLAR FOR NICE: Ole-Jacob og Yvonne har kjøpt ei leilegheit i den franske hamnebyen. I bakgarden har dei planta to appelsintre, eitt sitrontre og eitt grapefrukttre.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! Vil du lese meir om folk som bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu? Då kan du lese saka eg skreiv om Frank og Reidar, som i sine ungdomsår var ettersøkt av Interpol, og som no bur på Skrova fyr i Vestfjorden. 

Sjå episoden med Frank og Marit i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» her:

For Frank Eriksen var hockey alt. Då livet på isen tok slutt, blei naturen redninga. No skal han ta det heilt ut, med éi han ikkje har kjent lenge.

For Frank Eriksen var hockey alt. Då livet på isen tok slutt, blei naturen redninga. No skal han ta det heilt ut, med éi han ikkje har kjent lenge.

Sjå episoden med Yvonne og Ole-Jacob frå 2011 her:

Norsk dokumentarserie. 
Yvonne og Ole Jacob Christensen driv småbruket Vikabråten i Vestre Slidre, og dei driv det slik det vart drive i mellomkrigstida. Dei har ikkje annan straum enn den dei får frå eit lite solcellepanel, og dei har ikkje annan veg enn ein tung og bratt kjerreveg. Hesten dreg brøyteplogen gjennom snøfonnene, jernplogen gjennom potetåkeren og sleden med høy den milelange vegen frå fjellstølen. Sesong 9 (5:6)

Yvonne og Ole Jacob Christensen driv småbruket Vikabråten i Vestre Slidre, og dei driv det slik det vart drive i mellomkrigstida. Dei har ikkje annan straum enn den dei får frå eit lite solcellepanel, og dei har ikkje annan veg enn ein tung og bratt kjerreveg.