Kjetil Øygarden
Foto: Sander Heggheim / NRK

Draumen om toppen

Han var lei av å vere ein del av ein ubetydeleg klubb. Julaftan for åtte år sidan skulle bli starten på eit eventyr Kjetil Øygarden knapt hadde turt å håpe på.

2500 tilskodarar strekker hendene i lufta. Nokre hoppar og dansar. Andre klappar og feller til og med ei tåre. På den eine tribuna sit ein mann som er full av tårer. Eitt av måla han sette julafta for åtte år sidan kan kryssast ut. ØIF Arendal er klar for cupfinale.

– Det var ein ufattleg stor og emosjonell kveld, seier Kjetil Øygarden (42).

Juletreet er pynta, pakkane ligg under treet og lukta av julemiddag fyller heimen i Arendal i 2006. Kjetil er saman med familien heime hos foreldra for å feire jul. Ribbe står på menyen.

Det er ein tankefull 34-åring som sit rundt bordet. Ikkje fordi han er spent på kva han får til jul. Fordi han ber på ein draum og er i ferd med å klekke ut ein plan for korleis den kan realiserast.

Etter at middagen er ete og pakkane opna er handballdiskusjonen, som vanleg, i gang i den sportsinteresserte familien. Den tidlegare utanlandsproffen viser frustrasjonen sin over at ingenting skjer i klubben i hans hjarte. Dei utviklar talent, men klarer ikkje å halde på dei. Talenta reiser til andre klubbar for å ta det siste steget.

– Ser de dei same moglegheitene som meg, spør Kjetil foreldra.

– Kva tenker du på?

– At vi kan skape ein toppklubb i arendalsregionen der vi verkeleg skal setje oss på handballkartet, svarar Kjetil.

– Er du full?
Faren Arne hentar ei flaske konjakk. Faren, mora og Kjetil diskuterer utover natta. Kjetil vert sittande heilt til morgonen etter. Han planlegg korleis organisasjonen i klubben skal sjå ut.

Han lagar eit tankekart med bobler på eit A3-ark. Korleis skal klubben sjå ut? Kva skal den stå for? Korleis skal klubben klare å ta steget opp blant dei beste i landet. Eitt av hovudpunkta er lokale spelarar. Han vil han ein lokal profil.

Morgonen etter, altså 1. juledag 2006, vaknar han litt utpå dagen. Arbeidet med å skape ein toppklubb er i gang.

– Eg tok kontakt med to personar eg visste var heilhjarta, hadde interesse og var nysgjerrige. Det var viktig for meg å finne personar eg visste ville stå løpet ut. Vi hadde eit møte med dei seinare den jula. Då såg eg gneisten i auga deira og eg fekk tru på at vi skulle klare det, seier han.

Dei to personane var Erik Smedsrud og Harald Nilsen. Smedsrud er styreleiar i klubben i dag. Kjetil måtte seie nei til fleire personar som ville bidra, men han hadde ikkje tru på at dei ville ofre nok. Han var ikkje interessert i personar som kunne komme i ettertid og seie: «det var det eg sa. Det kom ikkje til å gå».

I romjula tok Kjetil og faren Arne telefonar til fleire dei ville ha med på prosjektet. Mange trudde det hadde rabla for dei. Dei pynta bordet, sette fram julekaker og inviterte aktuelle personar og la fram planane.

– Den umiddelbare reaksjonen var gjerne, er du gal? Er du full? Det var eg absolutt ikkje. Eg var så dedikert og fokusert, seier han.

Alt-mogleg-mann
Mange hadde rett innstilling og han fekk samla ein «hær», som skulle kjempe for å få ein toppklubb i Arendal. Eit nytt styre vart danna. Over nyttår inviterte dei til eit møte der alle som ville kunne møte opp. Kring 60 menneske møtte opp.

– Har de lyst til å vere med på ei reise? Det var vel noko slikt eg starta med. Det er rart å tenke på no, ler han.

Frå då ballen byrja å rulle, visste Kjetil at familielivet nærast måtte vike dei neste åra. Med full jobb i tillegg til handballen var han i praksis på jobb over 70 timar i veka. Morgon og kveld.

Som spelar, trenar, sponsorjakt. Alt. Men kona Siv Merethe gav tommelen opp. Når barna var sjuke stod kona aleine att. Det vart mange tårer då pappa måtte på møte, sponsorjakt eller trening igjen. Og igjen.

– Det er kjerringa som fortener den største blomsten. Ho tålte mykje den perioden. Eg er glad for at ho tålte mykje. Ekstremt mykje. Det var ei heftig tid, seier han.

ØIF Arendaljubler over å ha nådd cupfinalen

ØIF-spelarane jublar saman med publikum etter å ha sikra plass i cupfinalen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Målet var å skape ein berekraftig klubb. Difor sette dei som mål å gå 700.000 kroner i overskot det første året. Det klarte dei. Etterkvart fekk prosjektet namnet 13.09.09. Dei laga ei fane som dei brukte i 17. mai-toget. Ingen forstod kva tala betydde.

Klubben rykte opp til 1. divisjon. Det var då det verkeleg balla på seg. Kjetil tok etterkvart kontakt med Preben Vildalen, som framleis var aktiv og har over 200 landskampar på CV-en. Ein gigant i norsk handball.

– Er du heime?, spør Kjetil då Vildalen tek telefonen.

– Ja, svarar han.

– Bli der du er. Eg kjem med ein gong.

Kjetil lempar eit titals ark med planar, teikningar og tankekart i ein bag og hiv seg i bilen. Han går rett inn på kjøkenet til Vildalen og legg papira utover kjøkenbordet.

– Her skal du vere med. Eg treng deg, seier Kjetil til Vildalen.

Vildalen studerer planane og tenner umiddelbart. Han er med. Han skal vise seg å bli ei særs viktig brikke i arbeidet for å bli ein toppklubb. Han kjem med nye idear, som Kjetil beskriv som endå villare. Han får ein god makker.

Vildalen blir ei viktig brikke for å få sponsorar på bana. Han er flink med mediene og ikkje minst blir han ein særs viktig spelar for laget. Seinare reiser Vildalen og Kjetil til Danmark for å signere Leif Gautestad om trenar. Han hadde akkurat fått sparken i Aalborg. Han sa ja, nesten umiddelbart.

Opprykket
24. mars 2009 er eit kapittel i klubbhistoria som kan skrivast med gullskrift. Med siger sikrar laget opprykk til eliteserien. Tre år etter at Kjetil la planane for å skape eit topplag.

Motstandar er mosselaget Herulf. 200 supportarar tek turen til Østfold for å støtte laget. Då sluttsignalet gjekk viste resultattavla 28-26 til sørlendingane. Dei var klar for eliteserien.

Preben Vildalen

Preben Vildalen jublar for scoring i Nedeneshallen det året ØIF Arendal sikra opprykk til eliteserien.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Vi visste det ville skje. Vi visste at dagen var komme då vi gjekk inn i hallen. Det er ei kjensle som er vanskeleg å beskrifte. Det er kanskje den største opplevinga på handballparketten for meg. Vi spelte knallgodt. Nei, fy faen for ein dag, fortel han.

Etter kampen var Kjetil ein av spelarane som vart kasta opp i lufta av lagkameratane. Alle dei 20 spelarane på laget var frå Sørlandet. 18 av dei frå Arendal. Kjetil seier at han nesten ikkje hugsar noko. Han fekk blackout.

– Eg kan hugse at eg grein noko voldsomt. Å reise frå snørrete ungar heime, møter på natta, tunge treningar og kampar. Alt kom på ein gang, fortel han.

Etter ellevill feiring på bana henta han telefonen for å ringe kona. Ho var den første han tenkte på.

– Eg hugsar at eg sa tusen, tusen takk. Eg takka ho så jæklig at ho nesten vart flau over meg. Ho sa til meg at «no må du vere litt mann». Eg vart ein mjuk mann akkurat då, ler han.

Kona Siv Merethe har måtte ta mykje ansvar på heimebane. Ho har sjølv spelt i eliteserien og er veldig interessert i handball. Ho levde med ein mann som var lite heime og som gav alt for å skape ein toppklubb. Men ho godtok det. Ho såg kor mykje handballen betydde for Kjetil.

– For mange andre kunne det nok ha enda i skilsmisse. Men det betydde så mykje for han. Men eg følte av og til at det var ØIF først, så barna og så meg, seier ho.

Kjetil Øygarden, Drammen i 2010.

Kjetil Øygarden under ein kamp i sluttspelet i Drammen i 2010. Dette var hans siste seriekamp som aktiv. Etter dette vart han sportsleg leiar i klubben.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Bursdagar og familieselskap har alltid blitt lagt opp etter terminlista. Konfirmasjonen til Kjetil heldt på å skape krøll. Men midt under festen vart han henta for å spele finale i ein cup i Arendal.

Seinare kom han tilbake til sin eigen fest i treningsdress. Slik er det framleis. Spelar ØIF heimekamp vert det ikkje familieselskap den søndagen.

– Kjetil har alltid vore veldig flink til å vere tilstades når han er heime. Også i åra når det stod på som verst. Eg såg han var sliten. Likevel var han veldig tilstades, fortel kona.

Kjetil Øygarden og kona

Kjetil saman med kona Siv Merethe.

Foto: Privat

13.09.09. Dette er datoen ØIF Arendal skulle spele sin første heimekamp i eliteserien. Det var dette som var målet. Målet var nådd.

– Eg er tidleg ute, så eg tenkte eg skulle ta ein tur oppom.

ØIF Arendal sin kaptein, Eirik Heia Pedersen, set seg ned i ein stol ved sidan av Kjetil i Sør Amfi. Den nye storstova. Han har framleis på seg arbeidsklede. Alle spelarane i ØIF Arendal har jobb eller studier ved sidan.

26-åringen var eitt av dei unge talenta som Kjetil satsa på. Saman med Sondre Paulsen er han ein profil i eliteserien og spelar på landets beste lag per dags dato. I desember kan han løfte Kongepokalen dersom ØIF vinn cupfinalen.

– Det ville ha vore stort. Spesielt for Kjetil tenker eg, som har sett i gang dette. For han rann tårene i timesvis etter opprykket. Det var litt magisk, seier han.

Børre Rognlien er den øvste leiaren i norsk idrett. Idrettspresidenten er imponert over innsatsen til sørlendingen.

– Det er berre å gratulere og takke. Eg reknar med han har hatt mange hyggelege opplevingar undervegs, saman med andre frivillege eldsjeler i eit godt og sosialt miljø, seier han.

– Det er hyggeleg med slike suksesshistorier. No kan ikkje alle vinne, men det er uansett viktig å setje seg mål og jobbe for å nå dei over tid. Det å jobbe for eit felles mål saman med mange andre gir glede og sigrar uansett, seier han.

Kjetil Øygarden

Kjetil kyssar cupfinaledrakta som er klar til cupfinalen 30. desember.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Frå bakgardsklubb til storklubb
Kjetil gjekk seinare inn som sportsleg leiar i klubben. Det var han i to år før nok var nok. Han såg at organisasjonen i klubben var så solid at det var rett tidspunkt å trekke seg tilbake.

Han meinte at andre som var 120 prosent motivert til å ta klubben vidare måtte ta over. For å nå målet om å bli ein stabil toppklubb, som arendalittane kunne vere stolte over, og som kjempar om edelt metall.

Samstundes er bygginga av ein ny storhall i gang. Den gamle Nedeneshallen er utdatert. Tribunekapasiteten på kring 1200 er for liten.

Den nye storstova på Myra like utanfor Arendal sentrum blir symbolet på ØIF Arendal sin enorme framgang. Ein av landets mest moderne handballhallar med storskjermar, VIP-fasilitetar og plass til 2500 tilskodarar.

ØIF ARENDAL KLARE FOR FINALE

Sjå ØIF Arendal-spelarane feire cupfinaleplassen saman med supportarane.

Det siste steget
Hausten 2013 buttar resultata imot. Kjetil ser klubben i sitt hjarte kjempe for å overleve i eliteserien. Trenar Leif Gautestad får sparken i desember. Sørlendingane bergar plassen til slutt. Kjetil steppar faktisk inn som lagleiar i ein av dei viktigaste kampane for å berge plassen i eliteserien. Dei klarer det. Igjen kjem tårene.

– Kjetil viser kanskje ikkje så mykje følelsar ellers. Men når det kjem til handballen. Ja, då blir han fort rørt, seier kona Siv Merethe.

Våren 2014 får klubben ein ny trenar i Marinko Kurtovic, som tidlegare har trena Drammen og Runar. Kurtovic skriv under kontrakta i pausen i ein seriekamp. Ute på bana står han saman med mor til Kjetil, Laila Øygarden, som er styreleiar. Kurtovic vert umiddelbart ein suksess.

Laget får ein pangstart og verkar nesten uslåelege i serien og spelar seg til sin første cupfinale. Klubben er best i landet. Åtte år etter at slagplanen vart lagt på julafta. Fleire av spelarane var med då Kjetil sette i gang og er no sentrale på laget som skal spele finale mot Bodø 30. desember.

Han er tilbake der det starta. I den gamle og slitte Nedeneshallen. Vi speidar utover hallen med 15-20 ungdommar som er på trening. Det gror framleis godt.

Kjetil blir ein av kring 1700 Arendal-supporterar i Oslo spektrum under cupfinalen. Der kan klubben ta sin første medalje nokosinne.

– Uff, eg får frysningar når du seier det på den måten. Det er nesten uverkeleg. Eg er stolt over å vere ein del av det og at vi har skapt ein slik toppklubb, seier han.

– Hugsar du kva du fekk i presangane den julafta då du starta planlegginga?

– Eg hugsar ikkje ein dritt. Pakkane vart lagt tilbake og eg tok fram A3-arket mitt. Men eg har fått ei relativt grei gåve med cupfinale no. Det held lenge, ler han.

Kjetil Øygarden er no trenar i Grane i 2. divisjon for kvinner.

Kjetil Øygarden på kontoret

Styreleiar Eirik Smedsrud, Eirik Heia Pedersen, Kjetil Øygarden og sonen Henrik på klubbkontoret til ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim / NRK