Hopp til innhold

Kurtovic blir ny ØIF-trenar

Marinko Kurtovic erstattar Leif Gautestad som hovudtrenar i eliteserieklubben. Kurtovic skreiv under kontrakt med klubben i pausen i oppgjeret mot Haslum søndag kveld.

Styreleiar i ØIF Arendal Laila Øygarden saman med Marinko Kurtovic og dagleg leiar Kurt Eckholt. Kontrakta vart signert i pausen i oppgjeret mellom ØIF Arendal og Haslum.

Styreleiar i ØIF Arendal Laila Øygarden saman med Marinko Kurtovic og dagleg leiar Kurt Eckholt. Kontrakta vart signert i pausen i oppgjeret mellom ØIF Arendal og Haslum.

Marinko Kurtovic

Marinko Kurtovic gler seg til å bli trenar i ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er mange grunnar som var avgjerande. Først og fremst når du ser ut på arenaen her, så er det spennande i seg sjølv, seier Kurtovic og ser utover Sør Amfi.

– Så er klubben interessant både med tanke på organisasjon og sportsleg sett. Den er nyutviklande og dei tenkjer nytt. Det gjer meg gira på å teste det, seier den nye ØIF Arendal-trenaren til NRK.

Tek over etter Gautestad

Det er nøyaktig 60 dagar sidan Leif Gautestad fekk sparken i ØIF Arendal. I løpet av desse dagane har klubben jakta intenst etter Gautestad sin etterfølgjar.

30. januar skreiv NRK at ØIF Arendal hadde inngått avtale med ny trenar, men klubben ville ikkje røpe namnet. Søndag kveld skreiv altså Kurtovic under for arendalittane.

I første omgang strekk kontrakten seg eitt år, men med oppsjon på eitt år til.

– ØIF har skuffa i år

Kurtovic tek over trenaransvaret i arendalsklubben etter sesongslutt. Asle Gran skal ha trenaransvaret i ØIF Arendal ut sesongen. Det betyr at Kurtovic fullfører årets eliteserie med Runar Sandefjord.

– Eg vil ha fullt fokus på Runar ut denne sesongen. Så skal eg setje meg ned med klubbleiinga etter sesongen for å planleggje neste sesong med ØIF Arendal, seier han.

Kurtovic har sjølv slått ØIF Arendal to gonger som Runar-trenar denne sesongen. Samstundes er han overraska over arendalittane ligg på nedre halvdel av tabellen.

– Eg tykkjer heile laget har skuffa resultatmessig. Kvifor kan eg ikkje svare på, seier han.

Marinko Kurtovic skriv under

Her skriv Kurtovic under for ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ville ha den beste trenaren

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen er godt nøgd med å ha trenaren på plass i klubben.

– Vi ville ha den beste trenaren vi kunne få tak i. Vi har hatt ei stri tørn og ein lang prosess med mange ulike kandidatar, seier han til NRK.

Ifølgje Michelsen var Kurtovic heile tida førstevalet til ØIF Arendal som ny trenar. Men Kurtovic var under kontrakt med Runar Sandefjord. Etter kvart endra situasjonen seg då den tidlegare målvakta gav Runar-leiinga beskjed om at han gir seg i klubben etter sesongen.

– Då var vi så heldige at vi fekk moglegheit til å hente han og slo vi til, seier Michelsen.

Kurtovic har tidlegare trena Drammen der han vann seriegull i 2009/10-sesongen. Same sesong leia han laget til cupfinalen der det vart tap mot Elverum i Oslo Spektrum.

I fjor var han med på å føre Runar til semifinale i europacupen Challenge Cup. Han har også bronse med Runar i eliteserien på merittlista.

I fjorårets sesong førte han Runar til 4. plass på tabellen, med same poengsum som ØIF Arendal, som enda på 6. plass.

Marinko Kurtovic, Drammen HK

Marinko Kurtovic har møtt ØIF Arendal ei rekkje gonger. Her er han i Nedeneshallen som Drammen-trenar.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %