Hopp til innhold

Slik unngår du å føle deg einsam

Å kjenne seg einsam kan vere like helseskadeleg som 15 sigarettar om dagen. Ein psykologspesialist, ein filosof, og ein rakettforskar gir deg sine beste råd mot å føle seg einsam.

Vilde Bratland Erikstad

Programleiar Vilde Bratland Erikstad utforskar si eiga frykt for å vere einsam i dokumentarserien Innafor.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Denne veka utforskar dokumentarserien Innafor temaet einsemd. Ei undersøking gjort av Folkehelseinstituttet viser at nær ein av tre studentar kjenner seg einsame.

Filosofiprofessor Lars Svendsen seier einsemd kan vere skadeleg. Han har skrive boka Ensomhetens filosofi.

– Kronikarane, dei som går rundt og føler seg skikkeleg einsame, har ein stor risiko for hjarte- og karsjukdommar, høgare nivå av stresshormon, og det ser ut til å skunde på aldring, seier Lars Svendsen som er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen, seier Svendsen.

Ein har anslått at det har same effekt som 10–15 sigarettar dagen. I tillegg er det kraftig bunde opp med høgare risiko depresjon, seier han.

Her er nokre tips for kva som kan hjelpe for einsame:

1. Jobb med deg sjølv

Vilde Bratland Erikstad

Då Vilde Bratland Erikstad skulle lage Innafor-program om einsemd, så kjende ho sjølv på kjensla av at ho var einsam.

Foto: NRK

Medan dei på Universitetet i Søraust-Noreg ynskjer å tvinge studentar til å vere sosiale med bukollektiv, seier filosof Lars Svendsen at å fylle på med mange menneske rundt ein person som kjenner seg einsam ikkje vil fungere.

Lars Svendsen

Lars Svendsen er professor i filosofi og har forska på einsemd.

Foto: NRK

For dei som er kronisk einsame blir kjensla verande sjølv om dei ytre omgjevnadane endrar seg.

– Du finn menneske som har ein flott familie, gode vener, gode kollegaer, og alt er på plass, og like fullt føler dei seg botnlaust einsame, seier Svendsen.

– Einsemda opplevast som at det er omgjevnadane som har kome til kort, men det kan vere at det er den einsame som kjem til kort i å verdsette dei omgjevnadane han eller ho faktisk har, seier han.

Svendsen meiner den einsame må gjere ein jobb med seg sjølv.

– Det er ikkje slik at nokon kan marsjere inn i tilværet ditt, og eliminere einsemda. Det krev nok eit arbeid med ein sjølv også.

2. Skriv ned tankar

Kjære dagbok

Å skrive kan vere god terapi.

Foto: Maria Elsness / NRK

Å skrive kan vere god terapi, ifølge Yasmin Sofia Iqbal som er psykologspesialist ved Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO).

Yasmin Sofia Iqbal

Yasmin Sofia Iqbal, Psykologspesialist og seksjonsleiar for psykisk helse hos SiO Helse.

Foto: Unni Irmelin Kvam / SiO

SiO er spissa på studenthelse, og heile 67 000 studentar i Oslo har mogelegheit til å ta kontakt med dei for råd om mellom anna psykisk helse.

Iqbal seier det kan høyrast veldig lett ut når ein gir råd, men det kan vere vanskeleg for den som får det å følge dei.

– Det å skrive ned tankar og kjensler kan hjelpe på å få sortert, tilverka og rydda i eige hovud. Å føre dagbok kan betre den psykiske helsa, seier ho.

3. Ha tillit til andre

Lars Svendsen og Vilde Bratland Erikstad

Lars Svendsen meiner ein må ha tillit dersom ein ynskjer å ikkje vere einsam.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Filosofiprofessor Lars Svendsen seier at dei som føler seg einsame, ofte er meir kritisk innstilt overfor andre og seg sjølv. Dei er sosiale perfeksjonistar og legg lista høgare for kva som blir oppfatta som tilfredsstillande sosial omgang.

Han seier tillit er viktig, og meiner at dei som synest der er vanskeleg å stole på andre menneske, truleg er einsame.

– Mistillit skaper avstand. Einsame leitar meir etter teikn, finn fleire teikn, og reagerer sterkare på teikn på avvisning, og vil sånn sett få bekrefta angsten sin, seier Svendsen.

– For den einsame er det sosiale eit litt farleg felt, der ein kan bli såra. Det skaper ein vond sirkel, fordi ein unngår situasjonar der ein kunne ha opplevd tillit. Sånn sett vil einsemda ofte vere sjølvforsterkande.

Når ein ikkje opnar seg og stolar på folk, så blir ein einsam?
– Det er knapt nok noko som er meir einsamt enn å leve i ein kronisk mistillit.

4. Snakk om det

Malin Nygård Solberg og Vilde Bratland Erikstad

Vilde Bratland Erikstad (til høgre) opna seg for venene sine.

Foto: Yasmin Hadafow / NRK

Filosofiprofessor Svendsen meiner einsemd framleis er eit tabu, fordi lista ligg nokså høgt for å vedkjenne seg at ein er einsam.

– Me lever i ein kultur der terskelen er veldig lav for å vedkjenne seg alt mogeleg anna rart. Me har oppheva skiljet mellom det offentlege og private, men einsemda har framleis privat karakter, seier Svendsen.

Han meiner at å seie at ein er einsam kan vere vanskeleg, fordi ein fortel ein at ein ikkje heilt har klart å lage dei tilknytingane til andre som ein treng.

– Det fortel at du er kome til kort med nokon, ein er litt tapar fordi ein har mislykkast med å få til noko som er så utruleg for å fikse livet, og det skammar ein seg over, seier han.

Kan ein seie at ein er einsam utan å tape på det?
– Eg trur ein kan vinne ein del på det. I seinare år har menneske skrive kronikkar og fortalt om einsemda, og slik sett har kanskje tabuet blitt litt mindre. Dersom ein vedkjenner seg einsemda, så har ein også opna opp for noko, seier Svendsen.

– Me må prøve å knytte oss til andre, opne oss for andre, våge å ta den risikoen det er å gjere seg sårbar. Du er nøydd til å rette blikket ditt litt utanfor deg sjølv, og kva det enn er du leitar etter her i tilværet, så kjem du ikkje til å finne det ved å sitte å nistire inn i din eigen navle, seier Svendsen.

5. Gjer det du likar

Vilde lagar taco

Vilde Bratland Erikstad fann ut at for at ho skulle ha ein god kveld, så kunne ho lage taco for ein og sjå fjernsyn.

Foto: NRK

Psykologspesialist Iqbal vil råde einsame til å halde kontakt med dei som har kjent dei lenge, gjerne gamle vener og familie.

– Ein må ta sjansar og både våge å ta kontakt, og seie ja, og prøve å stole på nokon, seier Iqbal.

Viss ein er i ein ny situasjon som til dømes at ein er ny student, eller er i ny jobb, så ville Iqbal gitt det å få vener litt tid.

– Eg ville forsøkt å akseptere det at det tar tid å få venner, og er ein åleine, så kan ein bruke tida til noko ein verkeleg likar og elskar, og prøve å finne ut kvifor ein er einsam, finne sin måte å vere sosial på, kva situasjonar ein likar, seier Iqbal.

– Ein må ikkje vere med veldig mange, eller gå på festar eller aktivitetar. Ein kan vere saman med berre ein, seier ho.

6. Gjer ein aktivitet

Hey girl-treff

Vilde Bratland Erikstad på treffet «Hey girl!» i Oslo for møte andre jenter.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

– Det er ikkje det at nordmenn er så vanskelege å bli kjent med, men det er ein veldig annleis måte ein gjer det på. Nordmenn er som kokosnøtter. Inni er det ein veldig fin og god smak, men ein må knekke nøtta for å komme til, seier kanadiske Julien S. Bourrelle.

Julien S. Bourrelle

Julien S. Bourrelle meiner aktivitetar kan gjere det lettare å bli kjent med andre.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Han er utdanna rakettforskar, budde i fem forskjellige land før han kom til Noreg, og har gjennom eigne erfaringar og observasjonar skrive bøkene The Social Guidebook to Norway og Nordmenn.

For å bli kjent med nye folk meiner han det er bra å gjere noko saman. Han har god erfaring aktivitetar som dans, med dugnad, og med spelekveldar der ein kan snakke med kvarandre rundt ein aktivitet.

– Når det er organisert, det eg har kalla rammeaktivitet, då er det ganske lett å bli kjent med folk. seier Bourrelle.

7. Spander på andre

Vilde Bratland Erikstad spanderer kaffe

Å spandere ein kaffi kan gjere at andre kan gjere at dei spanderer på deg.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Bourrelle har sjølv invitert til fest og fjerna stolane for at folk skal sosialisere. Og han har invitert til middag der alle tar med ein rett.

I tillegg meiner han at det å spandere kan vere lurt. Anten ved å lage ein god middag, eller ta rekninga når ein er ute.

Julien S. Bourrelle med Vilde Bratland Erikstad

Julien S. Bourrelle med Vilde Bratland Erikstad.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

– I Noreg deler me rekninga på restaurant helt likt. I andre land er vennskap ofte bygd opp med at du gir og får tilbake, og så må du gi tilbake. Du skuldar alltid noko til venene dine, medan i Noreg kan «gå» når ein vil, seier Bourrelle.

– Dersom du skuldar ein person noko, må du treffe den igjen for å betale tilbake, og då kan du vere på veg mot eit venskap.

SJÅ MEIR OM EINSEMD I NRK TV:

Hvis du var ensom, ville du sagt det? Programleder Vilde vet selv hvordan det er å være ny i en storby og ikke ha planer for helga. Nå utforsker hun ensomheten, hvor farlig er den?

Dersom du var einsam, ville du sagt det? Programleiar Vilde veit sjølv korleis det er å vere ny i ein storby og ikkje ha planar for helga. Nå utforskar ho einsemda, kor farleg er den?