Hopp til innhold

NRK-funn om naturen: – Kan vise brot på Grunnlova

NRK avslørte 44.000 inngrep i naturen. Styresmaktene manglar oversikt. Begge delar kan vera brot på Grunnlova, ifølgje Noregs institusjon for menneskerettar.

Oversiktsbilde over Grenlandsporten

Grenlandsporten var eitt av områda som vart omtalt i NRK si kartlegging av 44.000 inngrep i naturen på fem år.

Foto: Jon Stabell Sauge / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I byrjinga av januar viste NRK for første gong korleis vi nordmenn behandlar naturen. Ved hjelp av kunstig intelligens og satellittbilete fann vi:

  • 44.000 inngrep i naturen på fem år
  • 79 kvadratmeter tapt natur i minuttet
  • Sjølv i dei spesielt verdifulle områda, som myrer og villreinområde, forsvinn minst to fotballbanar med natur om dagen

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) reagerte på funna.

– Styresmaktene er lovpålagt etter grunnlova og har ei plikt til å sikre naturen på ein allsidig og langsiktig måte. For å lykkast med det treng vi ei samla oversikt over nedbygging av natur, men det har vi ikkje hatt, seier Adele Matheson Mestad, direktør i NIM.

Adele Matheson Mestad

Direktør ved Noregs institusjon for menneskerettar Adele Matheson Mestad meiner nedbygginga av norsk natur kan vera i strid med Grunnlova.

Foto: Norges institusjon for menneskerettigheter

Funna til NRK møter to problem i Grunnlova, ifølgje direktøren. Den aktuelle paragrafen står i menneskerettskapittelet av Grunnlova, derfor uttaler NIM seg i saka.

Kommande generasjonar

Å ha eit leveleg miljø der mangfald blir bevart er ein menneskerett nedfelt i paragraf 112 i Grunnlova.

Mestad seier at retten til å ha eit leveleg miljø gjeld ikkje berre dei som lever i dag, men også for kommande generasjonar.

Styresmaktene har ei plikt til å sikre dette, seier Mestad.

– Når ein no ser den vedvarande og dramatiske nedbygginga av naturen, trass i alvorlege rapportar frå Riksrevisjonen, er spørsmålet om denne plikta blir heldt, seier Mestad til NRK.

– For det andre har borgarane rett til miljøinformasjon. Då må styresmaktene ha ei oversikt over naturen som kan sikre borgarane sin rett. Det er også eit demokratisk poeng, seier Mestad til NRK.

Riksrevisjonen kritisk

Allereie i 2007, og igjen i 2011, fekk styresmaktene kritikk av Riksrevisjonen både for manglande oversikt og for å ikkje hindre nedbygging i viktige område. NRK avslørte altså at oversikta framleis manglar, og at det framleis blir gjort tusenvis av inngrep i desse områda.

Stortinget og regjeringa, har eit ansvar her, ifølgje Mestad. Men det har også kommunane som er dei som bestemmer over lokale byggesaker i naturen. Det ansvaret vil SV og MDG no ta frå dei.

– Kommunane er ikkje i ein posisjon til å sjå på heilskapen. Det er det berre overordna styresmakt som kan gjer det, seier Mestad.

Manglande oversikt kan også ver eit brot

For det andre kan mangelen på oversikt vere eit brot i seg sjølv. Grunnlova gir nemleg styresmakta ei plikt til å skaffe borgarane oversikt over miljøet.

Ikkje berre eitt og eitt inngrep, men heilskapen.

Og det har ikkje styresmaktene greidd. Det innrømde klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, då han fekk sjå NRK sin dokumentasjon. Han fortalde at regjeringa håpar å ha klar første versjon av ein naturrekneskap innan 2026.

Andreas Bjelland Eriksen ser på NRKs bilder av naturødeleggelser.

Andreas Bjelland Eriksen ser på NRK si kartlegging av naturtap.

Foto: Snorre Tønset

– Dette er ingen unnskyldning. No er verktøya gode for å skaffe seg ei slik oversikt, seier Ole Kristian Fauchald, professor i miljørett ved Universitet i Oslo.

Det er fint at regjeringa jobbar med ein naturrekneskap, men det er på overtid, svarer Adele Matheson Mestad i NIM, og held fram:

Eit minstekrav for at styresmaktene skal lykkast med å sikre naturen for framtidige generasjonar, er ei oversikt over korleis naturen blir ramma av stadige enkeltinngrep som isolert kan vere forståelege, men som samla bygger ned vernet naturen har, bit for bit.

Statssekretær i klima og miljødepartementet Kjersti Bjørnstad skriv i ein e-post til NRK at regjeringa tek grunnlova sine forpliktingar på største alvor og at dei har sett i gang arbeidet med å forbetre systemet for å ta vare på naturen.

«Vårt mål er at natur skal vere ei ramme for all politikk, og vi har sett i gang arbeidet med å forbetre systemet for å ta vare på naturen», skriv ho vidare.

Krev svar frå ministeren

MDG er ikkje overraske over at NIM meiner naturinngrepa NRK har dokumentert kan vere i strid med Grunnlova.

– Dette er svært alvorleg. Mange av inngrepa gjer varig skade på dyreliv og økosystem utan at regjeringa har kontroll på omfanget, seier Une Bastholm til NRK.

Ho meiner det er på høg tid at regjeringa skaffar seg ei oversikt.

– Det er oppsiktsvekkjande at regjeringa gong på gong har ignorert krystallklåre åtvaringar frå Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen. Vi i MDG kallar no statsråden inn til Stortinget for å be ham svare på kritikken frå NIM og på kvifor regjeringa ikkje har følgt opp advarslane frå Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen, seier Bastholm.

– Rettsvernet til naturen er for svakt

Samtidig meiner Mestad at dette er spørsmål som neppe vil bli løfta for domstolane. Det er vanskeleg å fremje søksmål som ser på desse spørsmåla, seier ho.

For det første fordi domstolen berre kan behandle enkelttiltak, og for det andre, fordi det er vanskeleg og dyrt å gå til sak. Rettsvernet til naturen er for svakt, konkluderer ho.

Ole Kristian Fauchald

Ole Kristian Fauchald er instituttleiar på institutt for offentleg rett på Universitetet i Oslo (UiO) og er ikkje overraska over NRK si kartlegging.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret

At rettsvernet til naturen er for svakt er Ole Kristian Fauchald einig i. Han underviser i miljørett på Universitetet i Oslo.

– Kvart enkelt tilfelle bryt ikkje grunnlova. Summen av alt som skjer over lengre tid kan bli eit brot. Ein systematisk svikt rett og slett, seier han.

Fauchald seier at i miljøvedtak kan nytte-kostnad-vurderingar nesten alltid vere avgjerande. I ei slik vurdering kjem ofte miljøet dårleg ut.

– Dei systema vi har bygd for å sørge for at dette er berekraftig men også langsiktig, er ikkje gode nok.

– Noreg ligg langt etter når det gjeld å synleggjere miljøkonsekvensane av dei vala ein tek. Det er ganske alvorleg når vi har kome til dette punktet i samfunnsutviklinga.

Naturtap i Norge

NRK har kartlagt 44.000 naturinngrep på fem år.

Foto: Alf Hartgen

Domstolane kjem ikkje til å ta i ei slik sak

Grunnlovsbestemmingane er ganske vage, og det gjer det vanskeleg å ta ei slik sak til retten. Då er det kanskje riksrevisjonen som er det mest effektive kontrollorganet som kan følge opp grunnlova, seier Fauchald.

Regjeringa har eit ansvaret her. Kontroll- og konstitusjonskomiteen, Stortinget sin eigen «domstol», kan ta opp saka om dei vil.

Les også Foreslår massivt bygge­forbud i naturen

Gravemaskin på Blefjell

– No er dette så ferskt at eg ikkje kan seie noko om det. Stortingsrepresentantar har høve til å stille spørsmål til regjeringa om dette. Om det blir ei sak så kan vi sjå på om det innanfor eller utanfor eventuelle lovverk, seier Svein Harberg, nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Tapt natur mens du har lest denne saken:
0m2