Hopp til innhold

Ny oversikt viser summen av alle utbyggingsplanar

For første gong finst ei samla oversikt over alle utbyggingsplanar i Noreg. Arealet svarer til dei 100 største innsjøane i landet.

Hyttebygging Turufjell

TURUFJELL: Ny oversikt viser summen av alle utbyggingsplanar. Hytter står for éin firedel av den planlagde nedbygginga.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Så langt har det berre vore mogleg å få ei oversikt over dei norske utbyggingsplanane som er omfatta av plan- og bygningslova.

For å få ei fullstendig oversikt over dei faktiske utbyggingsplanane har Miljødirektoratet laga ei ny kartløysing som omfattar alle lovverk.

Den nye oversikta inkluderer difor fleire av tiltaka som elles «forsvinn» frå den norske naturrekneskapen, det vere seg vindkraftanlegg, kraftlinjer, solkraftområde og skogsbilvegar.

Kartløysinga vert publisert i ein søkbar utgåve i løpet av dagen, men NRK har alt fått ein sniktitt.

I alt viser kartet at utbyggingsplanane summerer seg til nesten 4000 kvadratkilometer.

  • Det svarer til arealet av Noregs 100 største innsjøar
  • Eller med eit anna bilde: Ei gjennomsnittleg bustadtomt (700 m²) per person
  • Hytter står for éin firedel av den planlagde nedbygginga

Det er planlagt for mykje utbygging

Tala er tydelege. Det er planlagt for mykje utbygging, seier klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

NRK har tidlegare dokumentert at det har blitt gjort 44.000 inngrep i norsk natur dei siste fem åra.

Statsråden varslar ingen «krig» mot hytteutbygginga, men er klar på at «bit-for-bit-nedbygginga» av den norske naturen ikkje kan fortsette.

Hytter både kan og bør vi prioritere ned for å redusere den totale belastninga, seier han.

I staden vil klimaministeren slå eit slag for meir kraftutbygging:

– Er det éin type arealbruksendring vi skal prioritere framfor andre, så er det utbygging av fornybar energi.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

– Innanfor desse nye tala er det mykje nedbygging som kan droppast eller flyttast for å spare naturen og gjere plass til utbygging av meir fornybar energi, seier klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Foto: Javad Parsa / NTB

Regjeringa har tidlegare varsla eit naturrekneskap og ein handlingsplan for natur.

Den nye handlingsplanen skal komme til hausten, og vil vise Noregs oppfølging av naturavtalen som blei underteikna i Montreal i 2022.

Ny oversikt viser summen av alle utbyggingsplanar

Slik ser den nye kartløysinga til Miljødirektoratet ut.

Ny oversikt viser summen av alle utbyggingsplanar. Hytter står for éin firedel av den planlagde nedbygginga.
Ny oversikt viser summen av alle utbyggingsplanar. Hytter står for éin firedel av den planlagde nedbygginga.

Eit tankekors at vi set av meir plass til hytter enn til kraftformål

Miljødirektoratet presiserer at tala «gir eit augeblinksbilde» og at det ikkje er gitt at alle planar blir gjennomførte eller at alle søknader blir innvilga.

– For eksempel er det forventa fleire vindkraftverk framover, men vi ser også at fleire kommunar ser på gamle utbyggingsplanar med nye briller, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

I mars meldte NRK at Kommune-Noreg «skjerpar innsatsen mot naturtap».

Bakgrunnen var at rekordmange kommunar (83) søkte om pengar for å «vaske» gamle arealplanar.

Sokkeldirektoratet fekk sist veke kritikk for å skjene inn på politikken sitt domene da dei uttalte seg om framtidig oljeutvinning.

Miljødirektøren tar derfor ingen sjansar:

Nå skal eg vere varsam med kva eg seier, men for meg er det eit tankekors at vi set av meir plass til hytter enn til kraftformål, seier ho.

Lars Haltbrekken
Dan Robert Larsen

Lars Haltbrekken, SV

– Det er planlagt så latterleg mykje bygging i Noreg nå, at vi er i ferd med å øydelegge natur for all framtid. Dette går rett og slett ikkje lenger. Det er på høg tid å stanse øydelegginga, og vi skulle gjerne hatt ein evig stans i hyttebygging. Men vi må begynne ein stad, og derfor foreslår vi nå ein bygge-timeout fram til 2030. Eg reknar med at klimaministeren tar dette på alvor.

Helge Eide direktør for samfunn i KS
Wilhelm Sverdvik

Helge Eide, KS-direktør

– Vi treng samarbeid for å få denne typen oversikter integrert i arealplanlegginga til kommunesektoren. Vi meiner staten må jobbe saman med kommunesektoren for å vidareutvikle det grunnlaget som nå er lagt. Arealbruksendringar den største kjelda til tap og degradering av artsmangfaldet og naturtypar. Derfor har vi vedtatt at fornybar kraft må prioriterast høgare enn andre arealkrevjande formål.

Fosen Dommen
William Jobling / NRK

Sofie Marhaug, Raudt

– Denne oversikta bør få alarmklokkene til å ringe hjå politikarane. Vi treng ikkje flest nye hytter, og vi treng heller ikkje å bygge ned naturen med kraft. Dei siste åra er det energiutbygging som har stått for det meste av nedbygginga i inngrepsfri natur. Båe hyttar og vindkraft er bit-for-bit-nedbygging og utgjer trugsmål mot naturmangfaldet – vi må seie stopp!

Arild Hermstad
Mats Rønning

Arild Hermstad, MDG

– Regjeringa burde sett ned eit kriseteam og kommen med tiltak som set stopp for nedbygginga. Det provoserer meg at dei ikkje har lagt fram eitt konkret tiltak, og at klimaministeren nyttar høvet til å varsle meir nedbygging av natur. Vi treng meir vern, og som hastetiltak kunne regjeringa innført arealnøytralitet på eigne prosjekt og fjerne naturskadelege prosjekt frå planane til kommunane.

UNGEFOLKEVALDEINNLANDET
Unge Venstre

Omar Svendsen-Yagci, 2. nestleiar i Unge Venstre

– Miljøministeren oppfører seg som ein folk flest, og Kommune-Noreg driv sjølvskading når ein raserer natur, men nektar vindkraftutbyggingar. Vi må få slutt på heime åleine-festen i Kommune-Noreg. Norske kommunepolitikarar har ikkje tatt ansvaret sitt på alvor. Det er sjølvskading at ein tillèt rasering av natur for fritidstomter og nye hyttefelt, mens sårt trengd fornybar energi blir skrinlagd.

Gytis Blaževičius i Natur og ungdom.
Ruby Griffin Solheim / Natur og Ungdom

Gytis Blaževičius, leiar av Natur og Ungdom.

– Dette viser berre det miljørørsla har sagt heile tida: Vi manglar ein heilskapleg plan som kan sørge for at vi ikkje bygger ned meir natur enn vi har råd til å miste. Vi er nøydde til å få på plass strakstiltak for å hindre unødvendig utbygging. Det inneber blant anna å stanse all ny hytteutbygging, og innføre strengare nasjonale retningslinjer for nedbygging av natur.

Miljødirektoratet vil i løpet av dagen publisere ei kartløysing der du kan gå inn og sjå kva som er planlagd utbygd i «ditt» område.

Tapt natur mens du har lest denne saken:
0m2