Hopp til innhold

Kritiserer justisministerens svar: – Kunne like gjerne skrive om korleis ein lagar tyttebærsyltetøy

Å svare eller ikkje svare – det er spørsmålet.

Justisminister Emilie Enger Mehl redegjør i Stortinget om 25. juni-rapport

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) svarer Stortinget titt og ofte, men svarte ikkje på eit konkret spørsmål frå Raudt om bortleggingane til politiet av arbeidsmiljøsaker.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Er justisministeren bekymra?

Spørsmålet frå Stortinget høyrest umiddelbart streit ut.

Men la oss ta det i tur og orden.

I sommar publiserte NRK granskinga si av politisaker om arbeidsmiljø. Altså saker om ulykker på jobben, ulovleg lange dagar eller manglande lønn.

Granskinga viste at 83 prosent av sakene blei lagt bort utan at nokon blei straffa.

Stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson (Raudt) blei sint.

Ein som spør

– Det er sjukt provoserande og skammeleg. Politiet har heilt klart ikkje prioritert desse sakene, sjølv om dei handlar om folks liv og helse, seier han.

Han ville ha justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) ut på bana. For politiet, det er justisministerens bord.

Og det kviler eit alvor over det, når dei folkevalde fører kontroll med regjeringa.

Kristjánsson retta tre spørsmål skriftleg, via Stortingets presidentskap. Det er parlamentarisk skikk. Då må ministeren svara like eins.

Dette var spørsmåla:

  • 83 prosent – er ho bekymra over det talet?
  • Kva for nokre konkrete tiltak vil ho sette i gang?
  • Vil ho øyremerke middel til politiarbeidet med desse sakene?
Mimir Kristjansson fra Rødt i Stortinget

OPPGITT: – Det er sjukt provoserande og skammeleg. Sakene har openbert ikkje vore prioriterte av politiet, sjølv om det handlar om folks liv og helse, seier stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson (Raudt).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ein som svarer - eller?

No har Mehl svart. Eller, har ho eigentleg det?

I dei 343 orda i svaret hennar, finst det ikkje eitt ord om bortleggingar. Ho seier ingenting om ho er bekymra eller ei. Øyremerking av pengar er ikkje nemnt.

Les heile svaret frå Mehl her.

Justisministeren viser til ein handlingsplan og ei evaluering frå i fjor. Og til to brev som vart sendt til politiet tidlegare i år:

  • Det eine har ho sendt sjølv. Det slår fast at politiet skal prioritera saker om arbeidslivskriminalitet.
  • Det andre er frå Riksadvokaten. Det slår fast at arbeidslivskriminalitet er ein alvorleg trussel. Og at politiet skal prioritere alvorlege lovbrot.

Ingen tvil, altså.

Desse sakene skal prioriterast.

Men kva med den faktiske prioriteringasom NRK har dokumentert? 83 prosent av desse politisakene endar utan at nokon blir straffa er det greitt?

Les også Lærlingen Reidun Daltveit mista nesten livet på jobb

Reidun Daltveit

Ein som ikkje veit

Sidan justisministeren ikkje gav svar til representanten på Stortinget om dette, har NRK kontakta den andre brevsendaren Mehl nemnde – Riksadvokaten.

Det er riksadvokat Jørn Sigurd Maurud som har overordna oppsyn med straffesak-arbeidet til politiet, men NRK fekk ein av Mauruds tilsette i tale:

Synes Riksadvokaten at bortleggingsprosenten i arbeidsmiljøsakene er for høg?

Det er vanskeleg for oss, basert på dei presenterte tala, å vurdere om prosenten for bortlegging er på eit feil nivå, svarer førstestatsadvokat Per Eirik Vigmostad-Olsen.

Per Eirik Vigmostad-Olsen er førstestatsadvokat ved Riksadvokatembetet,

VIL GJERNE VITE: Førstestatsadvokat Per Eirik Vigmostad-Olsen arbeider ved Riksadvokatens kontor.

Foto: Vegard Lien / NRK

– Kvifor det?

Det vil krevje ein manuell gjennomgang av sakene for å ta stilling til om saker er lagde bort på feilaktig grunnlag, noko vi ikkje har kapasitet til å gjere.

Ville de likt å vite svaret?

Ja, absolutt. I desse sakene er det eit bredt spekter av straffbare handlingar det kan vere snakk om. Eit betre kunnskapsgrunnlag gjer det enklare å fagleie påtalemakta i politiet og sette i verk målretta tiltak for å heve kvaliteten i behandlinga av straffesaker.

– Kan de ikkje få hjelp av nokon andre til ein slik gjennomgang?

Det er vanskeleg å sjå for seg, ettersom det dreier seg om ein analyse av konkrete bevisvurderingar i enkeltsaker.

Ein som trur han har svaret

Ein som – i motsetning til justisministeren og Riksadvokaten – meiner å ha svar, er Rune Bård Hansen. Han er lagdommar og tidlegare politimeister i Vestfold.

Hansens svar er: Altfor mange politisaker om kriminalitet i arbeidslivet endar i skuffen.

– I slike saker vil politiet ofte koma til botnen i komplekse kriminelle nettverk. Sakene er krevjande og politiet kjem for ofte ikkje i mål.

Rune Bård Hansen

VIL SJÅ FÆRRE BORTLEGGINGAR: Politiet må slutte å gjere sakene meir komplekse enn nødvendig for å reagere med følbar straff, seier lagdommar og tidlegare politimeister i Vestfold Rune Bård Hansen.

Foto: Aina Indreiten / NRK

Hansen meiner også å ha svar på korleis få ned bortleggingsraten:

Politiet må slutte å gjere sakene meir komplekse enn nødvendig for å reagere med følbar straff. I mange tilfelle bør dei nøye seg med å slå hardt ned på opplagde og lett bevislege lovbrot.

– Det er lettare å sjå at eit stillas er rustent, enn at ein gjestearbeidars pass er forfalska. Ved å slå til mot dei som ikkje tek tryggleik på alvor, vil ein kunne ramme firma som utnyttar arbeidarar også på andre måtar, seier han.

Ein som forskar på ulike svar

NRK har bede Jens E. Kjeldsen, professor i retorikk ved Universitetet i Bergen, om ei vurdering av svaret justisministeren gav Stortinget.

Jens E. Kjeldsen

EKSPERT: - Reint funksjonelt kunne justisministeren like gjerne skrive om korleis ein lagar tyttebærsyltetøy. Det er domen frå retorikk-professor Jens Kjeldsens over svaret hennar til Stortinget.

Foto: privat

– Dette er svar-unnvikelse, men det skjer på ein lur måte. For ho bruker ordet arbeidslivskriminalitet og seier mykje generelt. Likevel berører ho ikkje spørsmåla som blei stilte. Reint funksjonelt kunne ho like gjerne skrive om korleis ein lagar tyttebærsyltetøy.

Er svar-unnvikelse utbreidd blant norske toppolitikarar?

Veldig. Det kan skje medvite eller umedvite. Det kjem gjerne av mangel på kunnskap eller at spørsmålet set politikaren i ein vanskeleg posisjon.

– Er det eit demokratisk problem?

– Ja, åpenbart. Då meiner eg ikkje berre denne eine utvekslinga. Men svar-unnvikelse skjer så ofte at det har blitt ein normal måte å kommunisere på. I staden for å adressere den konkrete saka, snakkar ein om noko anna. Det er eit demokratisk problem.

Les justisminister Emilie Enger Mehls svar på kritikken nedst i saka.

Les også Arbeidstilsynet hemmeligholder lønnen til underbetalte arbeidere

Direktør i Arbeidstilsynet Trude Vollheim

Den som spør mest

NRK har sett nærare på dei skriftlege spørsmåla frå Stortinget til regjeringa sidan førre stortingsval i 2021.

Dei folkevalde fremma totalt 6.287 spørsmål i løpet av desse to åra. Sju av dei ti ivrigaste spørsmålsstillarane er frå Frp. Duracell-kaninen er partiets samferdselspolitiske talsperson; Frank Sve.

Frank Sve.

IVRIGASTE SPØRSMÅLSSTILLAR: – Statsråden pleier å seie at eg åleine held halve avdelinga hans i sving, seier stortingsrepresentant Frank Sve (Frp), som har stilt flest skriftlege spørsmål til regjeringa sidan førre stortingsval.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det var ikkje overraskande, seier Sve, når NRK fortel han om førsteplassen.

Statsråden pleier å seie at eg åleine held halve avdelinga hans i sving.

Statsråden er samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

– Får du svar på det du lurer på?

Ja, i all hovudsak. Eg vil skryte av Nygård og departementet hans. Dei gjer ein god innsats for å svare ordentleg.

Men stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson er ikkje nøgd med dei skriftlege svara frå regjeringa.

– Med mindre eg spør om tal og fakta, får eg sjeldan skikkeleg svar. Det blir særleg tydeleg når eg ber om ei politisk vurdering. I dette tilfellet fekk eg tilbake nokre talepunkt frå ein festtale. Det blir eg ikkje så mykje klokare av.

Svarer du alltid konkret på spørsmåla du får?

Ja, det vil eg seie. Alle politikarar er gode til å snakke seg bort, men eg trur eg er flinkare enn dei fleste til å svare på dei faktiske spørsmåla.

Ministeren svarar om sitt svar

Så kva meiner justisministeren sjølv om svaret sitt?

– I svaret peikar eg på at regjeringa har ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Og at vi vil legge fram ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet. Det er jo direkte svar på spørsmålet om kva tiltak eg set i verk.

– NRKs gransking viste at 83 prosent av politisakene blei lagde bort utan at nokon blei straffa. Er det talet urovekkande høgt?

Ja, det synest eg. Eg har ikkje noko problem med å seie det.

Kvifor sa du ikkje det i svaret til Stortinget?

Å vite kva regjeringa gjer på området, er det interessante. Ikkje kva kjensler eg sit med.

Kvifor svarte du ikkje på Kristjánssons spørsmål om øyremerking?

Nokre gonger er det ein god idé å øyremerkje midlar. Men det er også eit viktig prinsipp at politiet må ha fridom til å prioritere midlane slik dei meiner er mest effektivt. Generelt meiner eg øyremerking er noko vi bør unngå viss vi kan.

Kvifor sa du ikkje dette til Kristjánsson?

Eg har prøvd å fortelje korleis regjeringa jobbar med arbeidslivskriminalitet. Det hadde sikkert vore mogleg å formulere det på andre måtar.

Har du sjølv skrive svaret?

Eg skriv alle svar som eg sender til Stortinget. Departementet kjem med innspel om faktagrunnlag.

Emilie Enger Mehl på Mortensrud torg.

– Å vite kva regjeringa gjer på området, er det interessante. Ikkje kva kjensler eg sit med, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: Nuno Duarte / NRK

Til kritikken om svar-unnvikelse, seier ho:

Det professoren peiker på har eg stor sans for, eigentleg. Det er bra med ein diskusjon om retorikk og språkbruk. Det er viktig at både politikarar og andre, så langt det går, prøver å snakke så folk forstår.

Ho trur «mange politikarar har noko å gå på når det gjeld klarspråk».

Har du sjølv noko å gå på der?

Ja, det er noko eg jobbar med heile tida. Å formulere store saker tydeleg og kort. Ofte i éi setning, som passar til eit nyheitsinnslag. Eller til ein journalist som skal han den i ei sensasjonsprega nyheitssak. Det er ikkje alltid så lett, men eg prøver å gjere mitt beste.

– Er du god til å lage tyttebærsyltetøy?

– Det har eg ikkje laga så mykje av. Men eg har laga ein del pryd-eplesaft. Der er eg betre. Prydeple er bitre og ikkje så gode å ete, men dei kan brukast til saft. Som smakar godt.

Les også Politifolk frykter de bryter loven på skurkejakt med Arbeidstilsynet

Politibetjent i uniform