Odd-Einar Hjortnæs sitter på huk og koser med ei ku i fjøset. Han har på seg rød og blå ytterdress. Kua er hvit og strekker hodet sitt mot bonden. Fjøsgulvet er dekt av gult høy.
Foto: Matilde Sunde Solsvik / Matilde Sunde Solsvik

Mjølkeruta

Salet av heilmjølk aukar, trass nasjonale råd om å ete magre meieriprodukt. Vi har følgt mjølka frå ku til kartong.

– Eg drikk mjølk rett frå tanken her, seier bonden Odd-Einar Hjortnæs.

Mellom snødekka jorde i Asker har skodda byrja å leggje seg rundt fjøsen til mjølkebonden.

– Eg leverer ikkje mjølka i lastebil til meieriet, og så kjøper den på kartong. Det er bakvendt.

kollasje fra fjøs. Mann med ku og mann som fyller melkebil
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

«Magre meieriprodukt i staden for feite», tilrådinga i dei nasjonale kostråda frå Helsedirektoratet er ikkje til å ta feil av.

Samstundes aukar salet av heilmjølk hos meieria, viser tal frå Melk.no.

Særleg Rørosmeieriet har selt langt meir feite meieriprodukt dei siste åra:

Graf som viser hvor mange liter helmelk fra Rørosmeieriet som er solgt hver år fra 2019-2023.
Graf som viser hvor mange kilo rømme fra Rørosmeieriet som er solgt hver år fra 2019-2023.
Graf med stolper som viser hvor mange kilo smør fra Rørosmeieriet som er solgt hver år fra 2019-2023.

Både rømme og smør er heilfeitt-produkt. Rømmen frå Rørosmeieriet inneheld 39 prosent feitt og smøret 85 prosent.

I Noreg har salet av heilmjølk auka med 1 prosent kvart år sidan 2015. I 2023 auka salet med heile 4,3 prosent, skriv Opplysningskontoret for meieriprodukt i ein e-post til NRK.

kollasje av nærbilde av melk og ku
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

– Eg trur det er fleire som har fått med seg at forsking som har undersøkt samanhengen mellom heilfeite meieriprodukt og sjukdom, ikkje støtter at det er noko risiko ved å ete dei, seier ernæringsbiolog Marit Kolby.

Det er ikkje Helsedirektoratet heilt einige i.

– Vi kan ikkje basere kostråda på enkeltstudiar, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Marit Kolby – Høgskulelektor og ernæringsbiolog står utendørs i snøen, ikledd hvit boblejakke og grønn genser. Hun har blondt, løst hår og ser til høyre. Hun har samlet hendene foran magen.

Marit Kolby, høgskulelektor og ernæringsbiolog.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

Men kva er eigentleg forskjellen? Vi tek turen til fjøset for svar.

Frå spene til kjøleskap

På garden i Asker senkar temperaturen seg, men innanfor vindauga på fjøsen står 22 mjølkekyr lunt og godt. Rautinga spreier seg blant nysgjerrige kyr, som ikkje er vande med besøk.

– Vi får berre leve med at dei masar litt, seier bonden.

Odd-Einar Hjortnæs
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

Historisk sett har mjølk vore ein sentral del av kosthaldet til nordmenn, men vi drikk langt mindre no, samanlikna med tidlegare.

På 50-talet drakk vi i snitt 200 liter mjølk i året. I dag får vi knapt i oss 80 liter i året.

Ei gruppe forskarar ved NTNU har forska på kvifor vi drikk mindre. Dei har peika på frykta for metta feitt som ein av grunnane.

Men med det auka salet av heilmjølk, kan det sjå ut som dette er i endring.

Kari Helene Bugge – Senior Ernæringsrådgjevar i Tine, holder på en stor, sølvfarget tank med melk inne på meieriet. Hun har på seg en nær gjennomsiktig ytterfrakk, slik man har på seg inne på meierier, og et rødt hårnett. Hun smiler til kameraet.

Senior ernæringsrådgjevar hos Tine, Kari Helene Bugge.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

– Eg trur heilt klart det er påverka av sosiale medium, men vi ser også at det gjennom fleire år har vore ein trend at folk er mindre redd for det metta feittet, seier senior ernæringsrådgjevar i Tine, Kari Helene Bugge.

På garden førebuer bonden seg til mjølking.

Han har skylla mjølkeanlegget med kokande vatn, og no står tre kyr klare.

Bildet er delt i to: Til venstre er nærfoto av ansiktet til en ku, rett forfra. Den brune kua ser rett inn i kameraet, ansiktet er delt i midten av bildet. Til venstre holder Odd-Einar sin hånd rundt ei spene på et jur og skviser ut en tynn, hvit stråle med melk.
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

– Dette er Teleros. Han fortel at kyrne får namn fyrste gong dei kalvar.

Odd-Einar tek rundt juret til Teleros og testmjølkar for å sjekke om ho er klar. Så set han på eit blått mjølkeorgan.

Han er utvikla slik at han skal kjennast ut som ein kalv som drikk frå juret, slik at kua gjev frå seg mjølk.

Flere kyr står klare til å bli mjølka. Ein kan sjå bakenden på dei. Til høgre går bonden ned ei lita trapp, ein kan ikkje sjå ansiktet hans.

Mjølka går gjennom lukka røyr til ein gardstank som held ho avkjølt.

Jørn Kristian Vestby – Mjølkebilsjåfør for Tine klatrar inn i førarhuset på lastebilen med den svære mjølketanken bakpå. Rundt er det kvit snø.

Eit par gongar i veka kjem mjølkebilen og fraktar mjølka vidare til meieriet.

Nokre liter feit, ubehandla, mjølk går rett til kjøleskapet til bonden. Så feit mjølk får du ikkje i butikkhyllene.

Før ho hamnar der, går ho gjennom ein lang prosess.

Den lange mjølkeruta

Ho kjem frå garden i Asker, men hamnar til slutt her. Lukta av mjølk sit i veggane på meieriet til Tine på Kalbakken i Oslo.

kollasje av melk på gulvet
Foto: Mathilde Sunde Solsvik / NRK

På golvet står store sølvfarga tankar. I taket heng røyr så langt ein kan sjå. Inni mange av dei renn det fersk kumjølk, frå gardane rundt om.

Jan Erik Oppen, rådgjevar for Tine, seier dei har høgare produksjon av heilmjølk i dag, enn for berre nokre år sidan.

– Nokre dagar produserer vi meir heilmjølk enn lettmjølk her.

Jan-Erik Oppen - fotografert fra brystet og ned til beltet. Ansiktet hans vises på adgangskortet han har hengende rundt halsen, festet i en svart reim. Han har på hvit genser og i hendene holder han små kataolger i hvitt, rødt og grønt.
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

I eit av romma bråkar det frå store maskiner. Dette er fyrste stopp for mjølka når ho kjem til meieriet.

– Etter vi har testa for antibiotika og bakteriar, separerer vi mjølka til skumma mjølk og fløyte, forklarar Oppen.

All mjølk går gjennom den same prosessen på meieriet:

NRK forklarer

Mjølkeruta

Mjølkeruta

1. Separering:

Mjølka vert skilt til skumma mjølk og fløyte

Mjølkeruta

2. Standardisering:

Dei ulike mjølkevariantane med ulikt feittinnhald vert laga ved å blande fløyte og skumma mjølk

Mjølkeruta

3. Homogenisering:

Feittkulene vert redusert slik feittet vert jamt fordelt i mjølka

Mjølkeruta

4. Pasteurisering:

Mjølka vert varma opp til 72 °C i 15 sekund for å drepe eventuelle skadelege bakteriar og auke haldbarheita

Mjølkeruta

5. Tapping:

Mjølka vert tappa på kartongar

Kvitkledde arbeidarar med hårnett og vernesko går rundt og styrer maskinene på fabrikken.

Dei sørgjer for at riktig mjølk kjem i riktig kartong, før ho vert send vidare til butikkane.

Men kva for mjølk er eigentleg mest «riktig»?

På Tine-meieriet på Kalbakken står en mann i hvit fabrikkuniform og store, svarte øreklokker på hodet. Han står omgitt av maskiner i metall, med ulike klistrelapper og informasjon på. Fotografert med ryggen til.
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

– Kostråda er utdaterte

Meieriprodukt er ein viktig del av kosthaldet, men vi bør velje dei magre produkta, er dei nasjonale kostråda frå Helsedirektoratet.

Råda skal rettleie heile befolkninga til å velje produkt som fører til sunn helse. Og vert oppdatert kvart år, basert på ny forsking.

Då forslaga til endringar frå Nordisk ministerråd kom i fjor, var debatten raskt i gang.

Dei tilrådde mellom anna at alle bør ete så lite mat med mykje feitt som mogleg – også meieriprodukt.

Marit Kolby (øverst) og Linda Granlund

Marit Kolby (øvst) og Linda Granlund.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

« ... kunnskapsgrunnlaget endrar seg. Men kostråda våre henger ikkje med,» skreiv tilsette ved Oslo Nye Høgskole i ei ytring på NRK.

Ein av forfattarane er ernæringsbiolog Marit Kolby. Ho synst det er merkeleg at råda framleis har ei oppmoding om magre meieriprodukt.

– Nyare forsking peikar på at samanhengen mellom det metta feittet i meieriprodukt ikkje heng saman med hjarte- og karsjukdommar, slik det tidlegare har vore trudd, seier Kolby.

På Tine-meieriet på Kalbakken står ekstra lett, lett og helmelk bortover i stabler på samlebånd. De røde, rosa, blå og hvite melkekartongene er i sterk kontrast til den grå, brune og beige bakgrunnen.
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

Det er ikkje slik at ho vil tilrå at folk berre skal ete heilfeite produkt heller, men:

– Det er ikkje noko i kunnskapsgrunnlaget vårt som peikar på at dei må vere magre heller, seier ho.

Bodskapen har ho delt aktivt med sine 100.000 følgjarar på Instagram.

For mykje metta feitt

At det ikkje er grunn til å tilrå magre meieriprodukt, meiner Helsedirektoratet er heilt feil.

Dei baserer kostråda på den nyaste og beste globale forskinga, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i direktoratet.

– Når me lagar nasjonale råd, ser me på all kunnskap samanfatta, ikkje enkeltståande studiar.

Bilde fra Tine og bilde av meieribil
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

Dei arbeider no med å revidere dei nasjonale kostråda. Difor er Granlund også forsiktig med å forskottere kostråda slik dei no står.

Samstundes: Vi får i oss for mykje metta feitt i Noreg.

– Dei vanlege meieriprodukta, som inneheld mykje feitt, bidreg til dette. Difor anbefaler vi lette meieriprodukt, seier Granlund.

Mjølk i matbutikk - melka står bortover tett i tett bak kjøletette glassdører. En liten gutt i sorte vinterklær åpner dørene og ser rett inn på helmelka. På et skilt over kjøledørene står det "MELK" med hvite, store bokstaver.
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

To mjølk or not to mjølk

Senior ernæringsrådgjevar i Tine, Kari Helene Bugge, minner om at det eigentleg ikkje er så stor skilnad mellom mjølketypane.

– Dei inneheld dei same nyttige næringsstoffa, som alle treng, og er like naturlege alle saman. Både skumma, lett og heilmjølk er jo produsert på akkurat same måte.

Melkespann
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

Bonden Odd-Einar trur heller ikkje at det er heilmjølk eller seterrømme som er problemet.

– Eg trur det store problemet i langt større grad er snop, sjokolade, potetgull og liknande.

Han drikk den feitaste mjølka ein kan få.

– Men eg skjønar jo at dei som sitt mykje stille, som ikkje er så aktive i kvardagen, kanskje ikkje bør ete alt for mykje heilfeite meieriprodukt.

Han smiler og legg til:

– Men det er jo ikkje som om eg står i fare for å bli sumobrytar med det fyrste uansett.

Odd-Einar Hjortnæs – Mjølkebonde for Tine
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK