Hopp til innhold

Unge på sesjon reagerer på ukultur i Forsvaret

Ungdomar frå Innlandet og Buskerud møtte til sesjon på onsdag. Dei skal kanskje inn i forsvaret og det Ombudsmann for Forsvaret omtalar som ein ukultur etter ny undersøking om seksuell trakassering.

Observasjon av sesjon

KONDISJONSTEST: Som ein del av sesjonen må ungdommane gjennom blant anna ein kondisjonstest.

Foto: Cecilie Valentin Brekke / NRK

I ei stor undersøking har personell i forsvaret svart på spørsmål om mobbing og seksuelle trakassering dei siste 12 månadane. Der kom det fram at 160 seier dei har blitt valdteke eller forsøkt valdteke det siste året.

– Forsvaret skal på ein måte forsvara landet. Korleis kan me stola på at dei forsvarar oss når dei kan gjera slikt mot andre menneske, seier Vida Somers medan ho ventar på å setta i gang med sesjonen.

Vida på sesjon

TA VARE PÅ KVARANDRE: Vida Somers meiner noko må bli gjort med ukulturen i Forsvaret.

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

Ho er ikkje veldig interessert i å komma inn i Forsvaret.

– Det går greitt om eg kjem inn, men eg vil ikkje.

Underrapportering av seksuelle hendingar

Somers er ei av 18 000 17-åringar som skal innom sesjon i år. 8 000 av desse blir teke inn i Forsvaret.

Roald Linaker er Ombudsmann for Forsvaret, som er Stortinget sitt kontrollorgan av Forsvaret, og meiner rapporten viser ein ukultur. Han fortalde til NRK at han meiner det over tid har skjedd ei underrapportering av seksuelt krenkande hendingar eller åtferd i Forsvaret

Roald Linaker

TEK DET PÅ ALVOR: Roald Linaker, Ombudsmann for Forsvaret, ventar at den politiske og faglege leiinga i Forsvaret tek undersøkinga på alvor.

Foto: Bernt Snorre Johansen

– Den underrapporteringa eg trur har eksistert over tid må forsvinne. Me må få dette opp i dagslyset for då sprekk trollet.

Frank Steder er forskar ved Forsvarets forskningsinstitutt og har følgt utviklinga med kvinner i forsvaret over mange år. Den seksualiserte ukulturen meiner han er tilbake til 1980-talet.

– Det var på veg ned og stabiliserte seg ein periode. Men no ser me at det har auka i omfang att.

Trur det speglar samfunnet

Ventar på å komma inn på sesjon

TRIST STATISTIKK: (f.v.) Maja Nyseth Jensen og Vida Somers meiner det er trist at so mange opplever seksuell trakassering i Forsvaret.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Fleire av ungdommane som skal inn på sesjonen ser delar av ein seksualisert ukultur andre stader enn Forsvaret.

– Eg trur det er vanleg å slenga rundt kommentarar elles i samfunnet blant unge, fortel Maja Nyseth Jensen.

Karoline Østby er einig at det kan vera slik i ungdomskulturen.

– Kanskje det er ein del av ungdomskulturen å ha slike dryge vitsar. Og at det går litt inn i alt ein gjer. Det er jo ikkje berre Forsvaret. Det er alle miljø på ein måte.

Kondisjonstest på veggen

SESJON: Kvart år blir det teke inn 18 000 ungdommar på sesjon i Noreg. 8 000 av desse kjem inn i Forsvaret.

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

Må ta tak i ukulturen

Mange av dei NRK snakka med på sesjon meiner Forsvaret bør ta tak i problemet.

– Dei bør vera strengare, ta meir tak og ha nulltoleranse for det. Ein må sjå alle og høyra på alle, seier Somers.

11. februar vart Norges offisers- og spesialistforbund kalla inn til eit ekstraordinært møte i arbeidsmiljøutvalet til Forsvaret.

Der vart det presentert tiltak mot mobbing og seksuell trakassering.