Hopp til innhold

Da Cassandra (12) kom heim frå klimastreik, fekk ho familien til å planlegge togferie

DRAMMEN (NRK): Før klimastreiken tenkte ikkje Cassandra Skarre (12) noko særleg på klimaendringane. Nå har ho fått familien til å droppe fly og heller reise på togferie til sommaren.

Planlegg togferie

Fleire og fleire gjer som familien Myklebust/Skarre. Dei vel bort fly og reiser med tog ut i Europa.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det var så mange der, og det dei sa fekk meg til å tenkje. Da eg kom heim, sa eg at me burde reise på togferie til sommaren.

12 år gamle Cassandra Skarre står bøygd over eit Europa-kart på stovebordet heime i Drammen. Saman med bror Fredrik August (9), far Niels Fredrik Skarre og sambuaren hans Signe Myklebust planlegg dei sommarens togferie.

Vil ta gode miljøval som familie

For Cassandra gjekk det opp eit ljos da ho stod framfor Stortinget med tusenvis av andre ungdommar ein fredag i mars.

– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt så mykje på det før, men nå tenkjer eg meir på at me må ta vare på jorda. Og da er det jo viktig å ikkje fly så mykje, iallfall gjere det så lite ein kan. Generasjonen vår treng at den ikkje er heilt øydelagd når me skal ta over.

Cassandra Skarre

Klimastreiken saman med tusenvis av andre skulebarn gjorde at Cassandra Skarre begynte å tenkje meir på klimakrisa og kva ho kan bidra med.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Dei vaksne i familien var ikkje vanskeleg å be da Cassandra tok initiativet til ferie på skinner nedover i Europa.

– Det er viktig for oss at me tek gode val som familie. At Cassandra har blitt så bevisst, betyr jo veldig mykje, seier Signe Myklebust.

Planlegg togferie

Ein stor del av ei lang togreise handlar om planlegging.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Toggruppe har eksplodert

Fleire og fleire gjer som familien i Drammen. Selskapet Entur som driftar billettsystemet til Vy merkar ei auke på 14-15 prosent på togbillettane dei sel til utlandet.

Kristian Skjellum Aas jobbar med miljøvenlege reiser i Naturvernforbundet og moderer Facebook-gruppa Togferie. Gruppa blei starta i mars og har fått nærmare 15 000 medlemmar på to månader.

– Det er alle typar folk. Det er barnefamiliar og pensjonistar som har reist heile vegen frå Tyrkia og heim, og det er folk som vil ha kortare feriereiser frå der dei bur i Noreg, seier Aas som også har høyrt om fleire unge som Cassandra.

– Det er heilt fantastisk, og eg har høyrt fleire slike historier. Nordmenn flyg ekstremt mykje. Innanriks flyr me fire gonger meir enn land nummer to på lista i Europa. Også utanriks er me i europatoppen, men om togtilboda blir betre, vil fleire velje tog, meiner Aas.

Vil sjå Eiffeltårnet og katakombane

Den foreløpig reiseruta familien i Drammen har planlagt, inkluderer båt til København, tog gjennom Tyskland der dei skal besøke familie og deretter til hovudmålet Paris.

Reiserute

Her er den foreløpige reiseruta til familien. Fyrst med båt til København, deretter tog gjennom Tyskland og vidare til Paris til slutt.

Foto: NRK

– Eg gler meg til å sjå Eiffeltårnet og ta bilde til Instagram, ler Cassandra.

– Eg vil reise til katakombane, gliser veslebror Fredrik August.

Planlegg togferie

Tidlegare har familien tatt tog i Tyskland, men aldri så langt som til Frankrike.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Planen er å ta det roleg og ikkje haste mellom dei europeiske storbyane.

– Me vil helst reise på dagtid og ikkje ta så lange strekningar om gongen av omsyn til barna. Kanskje tre-fire timar i slengen, seier Niels Fredrik Skarre.

Vil fly så lite som mogleg

Familien har ikkje sett seg mål om kor mykje eller lite dei skal fly, og dei kjem ikkje til å kutte fly heilt sjølv om det ikkje blir flytur i 2019.

– Me veit jo at det verste me kan gjere er å ta fly, men me veit også at det vil kome gonger når det kjem til å vere viktig for oss å reise på ferie med fly. Viss me klarer å redusere flyreisene til eit og anna år, vil jo det bety ein forskjell, meiner Myklebust.

Togfamilie

Familien vurderer også å ta ei strekning som nattog, mest for opplevinga si skuld.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Cassandra trur det blir greitt å kome tilbake på skulen å fortelje at ho har vore på togferie, sjølv om mange av venninnene har flydd til meir eksotiske stader.

– Når eg fortel at me skal på togferie seier eg jo at det er på grunn av klimaet og det me lærte på klimastreiken. Mange av dei var jo med der. Viss ein tek tog så opplever ein jo mykje meir på vegen enn med fly.