– Eg tenkjer det er veldig smart. Eg likar elektriske bilar og utstyr generelt, og det å kunna få det til fly er smart. Det reduserer forbruk av drivstoff, seier 17 år gamle Andreas Hoel Sandsdalen.
Sandsdalen er ein av mange passasjerar på Alta lufthavn. Han har tankar om Widerøe si satsing på grøn teknologi. Widerøe meiner nemleg det er mogleg å sjå eit nullutsleppsfly innan 2025.
– Det er bra for miljøet å koma med elektriske fly som kan fly over korte distansar, i alle fall her oppe i Finnmark, seier Sandsdalen.
Grønt fly med under ti sete
Widerøe trur det kan vera mogleg å sjå eit fly som er godkjend for passasjertransport innan 2025.
– Etter vurderingane våre vil det vera eit lite fly. Me er sikre på at det flyet har mindre enn ti sete, seier konsernsjef i Widerøe, Stein Nilsen.
Konsernsjefen seier dette ikkje er den endelege løysinga. Fleire utviklingsprosjekt vil halda fram.
- Les også:
Nilsen peikar også på økonomiske utfordringar med å fly innanlandsreiser i Noreg grunna auka avgiftsnivå. Dette tvingar Widerøe til å tenkja nytt.
– Me er nøydde til å finna ei ny teknologisk plattform for å kunna ha eit ordentleg tilbod. Det er heilt naturleg at kortbanenettet, som er basert på at me flyr mange avgangar med små fly over korte distansar, står fyrst i løypa når me vurderer ein ny teknologi.
Kor desse flya vil nyttast fyrst, er for tidleg å seia noko om.
Ingen konkrete planar for større fly
Ifylgje Nilsen står innanlandsk luftfart for om lag 2,6 prosent av dei samla CO2-utsleppa i Noreg.
Norwegian seier at dei også ville investert i elektriske fly dersom det hadde eksistert planar for større fly.
– Hadde det eksistert konkrete planar for elektriske fly av den storleiken me har behov for, ville me sjølvsagt satsa på det. Men det finst ikkje, og det er eit viktig poeng å få fram, seier informasjonsdirektør i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen.
Sandaker-Nielsen seier at det blir skapa eit inntrykk av at elektriske fly er løysinga og alle flyselskap kan kjøpa desse om fem år, men at det ikkje er tilfelle.
Må kunna tola røffe flyforhold
Flyprodusentar testar ulike løysingar som er batteridrivne, hydrogen- og hybridbaserte for å nå målet om eit godkjend nullutsleppsfly.
Konsernsjef Nilsen påpeikar at når flyet kjem på marknaden så må det vera i stand til å takla dei krevjande forholda som finst i Noreg.
– Difor er det viktig for oss å vera med i prosessane og påverka den utviklinga flyprodusentane gjer, slik at dei endelege flya som kjem kan brukast på dei røffe vinterforholda me har i Nord-Noreg.
Sjølv om passasjeren på Alta lufthavn synest ideen om nullutsleppsfly er god, peikar han på utfordringar med å fly elektrisk.
– Ein veit jo aldri kva som kan skje med elektronikk. Det er jo dumt om motorane plutseleg stoppar under flyturen. Det å kunna laga fly som toler vêr, vind og lyn er viktig, seier Andreas Hoel Sandsdalen.
- Les også: