Hopp til innhold
Anmeldelse

Håp og humring frå rumpeholet

Med framsyninga «Retro katt» har Carte Blanche og Tori Wrånes laga ei lita perle til trøyst, humring og håp for verda.

Den store kattekroppen minner om den japanske animerte spelefilmen «Min nabo Totoro».
Foto: Øystein Haara
Terningkast 6 Teater

«Retro katt»

Studio Bergen, Festspillene i Bergen

23. mai–2. juni 2024

Eg tør våga påstå at danseframsyninga «Retro katt» må vera eitt av høgdepunkta under Festspillene i Bergen i år. Og det sjølv om eg berre var der eit par dagar og slett ikkje har fått med meg alt.

Likevel er det noko med denne framsyninga som gjer at ho skil seg ut.

«Retro katt» har kvalitetar som kan gjere ein reint lukkeleg.

Kan hende fordi framsyninga er ærleg, varm og open, ho verkar ikkje framand eller vanskeleg å forstå.

Fra danseforestillingen «Retro katt» av Carte Blanche og Tori Wrånes.

FESTSPEL-HØGDEPUNKT: Utforsking av verda i «Retro katt». Slik kan det skje.

Foto: Øystein Haara

Troll, ver deg sjølv

Det heile dreier seg rundt bakenden på ein katt.

I starten er katten berre ein diger haug på scenen som ein først ser kva eigentleg er når ein brått høyrer eit bjeff. Då gjev lydbiletet meining det var lyden av ein katt som mol som låg der og dura i starten. Men bjeffet skremde han bort.

Allereie her stig ei visse fram: Dette blir morosamt, her kan me le, her har dei skapt eit trygt rom.

Fra danseforestillingen «Retro katt» av Carte Blanche og Tori Wrånes.

INN BAKVEGEN: Rumpe er gøy. Her er eit troll på veg inn.

Foto: Øystein Haara

Ut frå den store katten tittar små, troll-liknande vesen fram. Dei er tynne i det bustete håret, ber med seg noko som liknar ein sekk, og har altfor store sko med kløyvd tupp.

Dei maskekledde trolla er utøvarane i Carte Blanche, og når dei smyg, sprett og hoppar ut av kattekroppen, er dei liksom heilt nye i verda. Med store auge famlar dei rundt, finn saman, freistar leika, freistar forstå kvarandre.

Det er liksom ikkje noko vondt i ein skapnad som er heilt ny i verda.

Fra danseforestillingen «Retro katt» av Carte Blanche og Tori Wrånes.

INVITERANDE TROLL: Dei kjem ut av katten som nye i verda, men veks raskt til. Det er noko avvæpnande i forminga av maske og kostyme som gjer det lett å knytte seg til dei dansande trolla i «Retro katt».

Foto: Øystein Haara

Der sola aldri skin

Tori Wrånes står for koreografi, scenografi, kostymedesign, maskedesign og delar av musikken i «Retro katt».

Wrånes er kanskje mest kjent som kunstnaren som la ned grunnsteinen til det nye Nasjonalmuseet i 2016 – hengande frå ei heisekran, syngande, med steinen i ein sekk på ryggen.

Bilde av performancekunstner Tori Wrånes.

RUVANDE: Tori Wrånes er ein av dei store norske performancekunstnarane.

Foto: Øystein Haara

Dei seinare åra har ho utvikla desse underlege trolla som også er med i «Retro katt». Trolla har halvmasker forma ut slik at auga kjem tydeleg fram.

Kvart troll har sin eigen personlegdom, ingen er heilt like, det gjer at dansarane må ha kontroll ned til minste detalj for å skapa og utvikla trollet dei er.

Nett i dette samspelet og i denne karakterutviklinga skapar dei ei verd av vesen som verkar vera kjende, ein har liksom møtt dei før. Slik skapar Wrånes eit bilete på menneska og verda sett gjennom troll.

Fra danseforestillingen «Retro katt» av Carte Blanche og Tori Wrånes.

KJEM FRÅ KATTEKROPPEN: «Retro katt» er ei smart framsyning om menneska sine vilkår i verda – og om kva som framleis er mogleg å få til.

Foto: Øystein Haara

Medan trolla driv si utforsking, bygger musikken seg opp sakte og intenst. Når det underlege og snurrige samspelet på scenen vert forstyrra av truande bjeff, veit dei råd: Dei skyv vekk halen til katten, og eit gigantisk rumpehol kjem til syne.

Holet er som eit auge eller ein munn – eller ein portal. Kattekroppen kan skjula og verna dei alle.

Det minner om den japanske animerte spelefilmen «Min nabo Totoro» frå 1988. Både om kattebussen i filmen, men mest om kjensla av at Totoro-figuren er ein trygg famn. Slik er katten i «Retro katt». Berre at ein må inn bakvegen.

Fra danseforestillingen «Retro katt» av Carte Blanche og Tori Wrånes.

MANGFALDIG: Kvart troll har sin eigen personlegdom. Det gjer «Retro katt» til ei spanande framsyning.

Foto: Øystein Haara

Alt heng saman

Rørslene hjå dansarane handlar mykje om å finna ein felles rytme, eit slags felles dansespråk. Koreografien kan minna om framsyninga «Birget», der Carte Blanche jobba med like teknikkar for å finna eit felles dansespråk og ei felles forståing.

I «Retro katt» går dei tilbake til det basale, til rørsler ein nytta som liten: hopping, gynging, rugging, vogging, bæring, vinking. Dette, saman med det nye og blanke uttrykket utøvarane får av maskene, får fram ei slags parallell røynd der alt er mogleg.

Rørslene og samspelet er presist, kvar karakter har sine trekk, sitt språk og si utvikling – heilt ned til minste detalj. Samstundes ber «Retro katt» preg av improvisasjon, av det som berre hender.

Fra danseforestillingen «Retro katt» av Carte Blanche og Tori Wrånes.

TOTORO-VIBBAR: Den store kattekroppen minner om den japanske animerte spelefilmen «Min nabo Totoro».

Foto: Øystein Haara

Alt heng saman, og framsyninga har plass til mykje humor.

«Retro katt» gjev håp når ho viser korleis viljen til det gode framleis finst hjå desse trolla. Difor gjev framsyninga trøyst: Fellesskap er det første trolla utforskar. Ikkje for eiga vinning, men fordi dei treng å høyra saman.

Det er leikent, smart og djupt menneskeleg på eit svært høgt kunstnarleg nivå.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.