Hopp til innhold
Anmeldelse

Kjærleik med livet som innsats

I «Mitt menneske» hyllar Herbjørg Wassmo kjærleiken slik ein sjeldan opplever i samtidslitteraturen.

Herbjørg Wassmo gir høsten 2021 ut romanen "Mitt menneske"

DRAMATISK: Herbjørg Wassmo spenner opp eit stort lerret når ho skal skildre kor nødvendig det er både å skape og å elske, og viser fram friksjonane når rollene som elskar og kunstnar kjem i konflikt.

Foto: Gyldendal/Rolf M. Aagaard
Bok

«Mitt menneske»

Herbjørg Wassmo

Skjønnlitteratur

2021

Gyldendal

Tittelen «Mitt menneske» kan peike mot eit harmonisk og avklart samliv mellom to som elskar kvarandre, men det tek ikkje lang tid før lesaren skjønar at forfattaren bruker heile paletten og det seier ikkje lite.

Eg nemner i fleng: kjærleik og brå død, kompliserte familieforhold og tung arv, kompromisslause kunstnarsinn og nyoppblomstra kjærleik mellom to som stadig får uavklart fortid slengt inn i det nye forholdet.

Som så mange gonger før skaper Wassmo eit drama som er «større enn livet» og kjem unna med det.

Rut og Gorm, som Wassmo-kjennarar vil hugse frå romanen «Det sjuende møte» (2000), møtest på ny i godt vaksen alder og nærmar seg nølande kvarandre. Gorm har arva eit stort handelshus av far sin i «byen» nordpå og er rik, skilt og utilpass i direktørstolen.

Rut kjem frå «Øya» ikkje langt unna og er no ein internasjonalt feira bildekunstnar. Øya vil ho aldri sjå att, av heilt spesifikke grunnar. Og «byen» er ingen stad for henne. Ho må bu i Oslo, eller Paris eller Berlin.

Alt ligg til rette for tragisk utfall på den gryande romansen.

Symmetriske liv

Så viser det seg at kjærleiken overlever, ja meir enn det, han blømer gjennom mange ulike fasar. Dei står han av, gong på gong.

Det hjelper nok at Wassmo har skapt dei symmetriske. Mest påfallande er det at både Rut og Gorm ber på skuldkjensle over eit søsken som møtte døden tidleg i livet.

Elles har begge barn dei ikkje har sett særleg mykje til, og familiemedlemmer dei slit med å tenkje godt om. Og ikkje minst: begge er kunstnarar; Gorm blir etter kvart forfattar. Dermed er dette også ein kunstnarroman.

Livet og kunsten og livet

Etter kvart erfarer dei at heile kaoset av familie og eksar som distraherer arbeidsfred og sinnsro også gjev dei materiale til å skape kunst.

Ja, det går endåtil an å mistenkje Rut for å setje ting på spissen med vilje, som når ho inviterer eksar med nye ektefellar og alt som er til felles julefeiring. Lesaren sit på nåler mens dramaet utspelar seg gjennom fleire aktar og Rut fotograferer – og skaffar materiale til ein heil bildesyklus. Kunsten går framfor alt – og så får ho heller rydde opp etterpå.

Rut er kompromisslaus og søkjer seg meir enn ein gong mot grensene av det eit menneske kan tillate seg, kunstnar eller ei.

Akkurat det kan vere realistisk nok, elles er ikkje kravet om realisme det mest relevante å stille til Wassmos bøker. Som før antyda opererer ho i stor skala og tangerer rett som det er melodramaet, utan å slurve med kompleksiteten hjå dei mest sentrale personane.

Og utan å ta lett på detaljane: Eimen av terpentin og sveitte står opp frå sidene når ho –bokstavleg talt med døden i hælane – dokumenterer eit dødsleie.

Størst av alt er kjærleiken – og kunsten

Denne kombinasjonen mellom det grandiose og det minutiøse skaper eit rom som liknar på liv men som er kunst.

Det er likevel ikkje kunstnartemaet, men skildringa av kjærleiken som får denne romanen til å stå fram i samtidslitteraturen: I den typiske kjærleiksromanen mellom stive permar er kjærleiken konstant oppe til vurdering, problema står i kø, brotet er nær og tilstanden er mergstelande.

I «Mitt menneske» viser Wassmo fram eit par som blir sterkare av å vere to, og som greier å overskride problema som er her i rikt monn.

Romanen er ikkje lytefri: Draumar skrivne i vaken tilstand fungerer sjeldan, og heller ikkje her. Vidare hadde romanen ikkje blitt dårlegare om han var stramma inn eit par hakk.

Likevel engasjerer kampen for kunsten og kjærleiken heile vegen, frå den forsiktige starten og til den dramatiske slutten der Rut set begge deler i spel.

Alle anmeldelser og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare: