Hopp til innhold

Ni nestenulukker med dronar i år: – Kan ende med katastrofe

FLESLAND (NRK): Norske pilotar fryktar alvorlege ulukker som følgje av kollisjonar med dronar, og krev no strengare regelverk.

Drone

BRYT REGLANE: Til no er det seld opp mot 45.000 dronar i Noreg. Men ikkje alle fylgjer regelverket, noko som har ført ti ni registrerte nestenulukker med dronar så langt i 2017. Biletet er tatt i nærleiken av Heathrow i London.

Foto: John Stillwell / AP

– I sommar har det vore fire hendingar av alvorleg karakter på norske flyplassar. Ei av dei var med ei drone og eit rutefly på Flesland, seier seksjonsleiar i Luftfartstilsynet, Bente Heggedal.

Totalt ni gonger har norske rutefly og helikopter vore involvert i nestenulukker med dronar i norsk luftrom så langt i 2017, viser ferske tal frå Luftfartstilsynet.

I Noreg er det ikkje tillate å fly førarlause luftfartøy nærare enn fem kilometer frå ei lufthamn. Men det respekterer ikkje alle, og tilsynet reknar med at det er store mørketal når det gjeld nestenulukker.

– Det er klart vi vert bekymra når vi får så mange rapportar på nærpasseringar, seier Heggedal.

I fjor vart det registrert ti tilsvarande hendingar.

– Kan ende med katastrofe

Flygeleiar Tor André Mikkelsen på Flesland har full oversikt over kva farkostar som rører seg i luftrommet rundt Bergen på skjermane i kontrollrommet. Med eitt unntak.

– Vi overvakar all flytrafikk til og frå Flesland, og har ein omkrins på sju-åtte mil. Vi ser kva høgde og fart flya har. Men dronane har vi ingen kontroll over, seier Mikkelsen.

Det uroar Norsk Flygerforbund, som meiner talet på nestenulukker er for høgt.

Jo Bjørn Skatval

UROA: Jo Bjørn Skatval i Norsk Flygerforbund meiner det kan ende med katastrofe, dersom regelverket for droneflyging ikkje vert strengare.

Foto: Lars Brede Grøndahl

– Det kan ende med katastrofe viss vi ikkje får droneflyginga under kontroll. Det vil medføre ulukker dersom vi ikkje tek grep, seier Jo Bjørn Skatval, som er ansvarleg for flysikkerheit i forbundet.

Han meiner regelverket må skjerpast.

– Vi må ha ei betre registrering også av dei små dronane. I tillegg bør det vere ei straff i bakhand. I Storbritannia er det til dømes opptil fem års fengsel for å flyge drone i nærleiken av fly, seier Skatval.

Etterlyser betre informasjon

Det er no seld om lag 45.000 dronar i Noreg, ifølge Luftfartstilsynet.

– Dette medfører at vi får ei ny brukargruppe inn i luftrommet. Det betyr at vi må sørge for at brukarane får med seg sunne verdiar, seier Anders Martinsen.

Han er dagleg leiar i UAS Norway, interesseorganisasjonen for bedrifter og privatpersonar som driv med droneflyging. Martinsen trur ikkje strengare reglar er vegen å gå.

– Men ein må opplyse folk om kva reglar som gjeld. Difor arbeidar vi for å etablere ein haldningskampanje saman med dei etablerte aktørane og Samferdsledepartementet. Formålet er at nye brukarar skal få med seg den informasjonen dei treng når dei kjøper dronar, seier Martinsen.

Drone med kamera letter fra bakken

FJERNSTYRT: Sivile dronar vert brukt til ulike føremål, som hobbyfotografering og videoproduksjon.

Foto: Mattis Wilhelmsen / NRK

Det er flygeleiaren på Flesland einig i.

– Det er ein grunn for at vi har lover og reguleringar, og vi oppmodar alle som flyg drone til å følgje desse. Ein må halde seg unna alt av luftfartøy og flyplassar der det er tett trafikk, seier Mikkelsen.