Hopp til innhold

Flaumen i Gaula var 100-års flaum

Det går i gjennomsnitt 100-200 år mellom kvar gong elva Gaula flaumar så mykje over, seier ekspertar i NVE.

Flom Ålen sentrum

Tettstaden Ålen i Sør-Trøndelag vart overraska av store vassmengder då Gaula flauma over.

Foto: Nea radio

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kraftig nedbør på opptil 100 millimeter på eitt døgn førte til flaum i Trøndelag og Hedmark i går, og i Ålen i Sør-Trøndelag måtte fleire evakuerast frå husa sine.

Flaumekspertar i NVE har rekna ut at flaumen i Gaula ved Ålen i Sør-Trøndelag er så stor at han berre skjer omkring kvart 100. til 200. år.

Di større, di sjeldnare

– Vi måler storleiken på ein flaum i gjentaksintervall, som fortel kor sjeldan ein flaum er. Di større ein flaum er, di sjeldnare er det at ein flaum av denne storleiken skjer, fortel hydrolog Heidi Bache Stranden ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NRK.no.

Ein flaum som skjer kvart 100. til 200. år vil oppstå fem til ti gonger i løpet av 1000 år. Store bølgjer på havet blir også målt på liknande måte, etter kor ofte dei opptrer.

Til samanlikning vil ein 20-årsflaum, som heller ikkje er liten, opptre fem gongar i løpet av hundre år. Ein 100-åring som har budd heile livet ved den same elva vil då ha opplevd ein 20-års flaum fem gonger.

– Men korleis flaumane var fordelt i løpet av desse hundre åra tek ikkje statistikken omsyn til. Her snakkar vi om eit gjennomsnitt, fortel Stranden.

NVE har målingar for Gaula som går tilbake til 1940. I august dette året var det ein like stor flaum i elva.

– Men sjølv om dette altså berre er 70 år sidan, vil ein så stor flaum i gjennomsnitt berre opptre kvart 100. til 200. år fordi vi snakkar om gjennomsnittet over lang tid, forklarer Heidi Bache Stranden.

Evakuering under flom i Ålen

Ein person måtte evakuerast med helikopter under flaumen i Ålen.

Foto: Ola Dragmyrhaug

Ikkje dimensjonert for så mykje nedbør

I tettstaden Ålen der Gaula gjekk over sine breidder har flaumen gjort enorme skadar. Sju av kommunen sine bruer er øydelagde, og vegane har og fått store skadar. Næringslivet er også hardt råka. Både butikkar og bedrifter er fullstendig ramponerte av vassmassene.

– Det er mykje regn på kort tid som er årsaka til dei store skadane i denne flaumen, fortel flaumeksperten i NVE.

Men noko som også speler inn her, er korleis vassdraget er dimensjonert for å ta i mot vassmengdene som kjem.

– Vassdraga på Austlandet er ikkje dimensjonert for å ta imot så store mengder nedbør på kort tid. Det er ikkje sikkert at den same mengda nedbør på Vestlandet ville ha gjort like stor skade, seier hydrologen ved NVE.

På Vestlandet er vassdraga gjerne brattare og vatnet endar fortare i sjøen. Elver og bekker her er vant til å måtte gå frå lite til mykje vatn på kort tid. Dei er også gjerne djupare og breiare og kan ta i mot meir vatn.

– Til samanlikning er områda rundt Gaula ganske flate, når det kjem mykje vatn på ein gong her går elva over sine breidder, seier Stranden.

Sjå video av Ålen sentrum etter flaumen (artikkelen held fram etter videoen):

Video Ålen sentrum rasert av storflom

Ålen sentrum rasert av storflom

Farleg å trekkje klimakonklusjonar

Dei siste tre månadene har Austlandet opplevd to store flaumar, i juni i år var det flaum i store delar av Austlandet, og så får vi altså ein ny flaum i august som råkar Trøndelag og Hedmark.

– Dette er uvanleg. Men det er vanskeleg å seie om dette skuldast klimaendringar, seier klimaforskar Atle Nesje ved Bjerknessenteret for klimaforsking til NRK.no.

–Alle prognoser fortel at det skal bli meir ekstremvêr i eit varmare klima, og ekstrem nedbør skal bli hyppigare. Likevel er det farleg å trekkje konklusjonar basert på enkelthendingar, seier Nesje.

– Flaumar opptrer med ujamne mellomrom, og at dei er kortvarige hendingar som oppstår nesten litt tilfeldig. Dei er difor vanskeleg å lenke til langsiktige hendingar. Klimaendringar er til samanlikning endringar som strekkjer over seg minst 30 år, seier Nesje.

Meir flaum siste tusen år

Traktor i Gaula i Ålen

Ein traktor har havna i elva under flaumen i Ålen.

Foto: Erland Knutsen

Ved å sjå på boreprøver av sedimenter i innsjøar har klimaforskarar ved Bjerknessenteret sett på flaumhendingar heile 10.000 år tilbake i tid. Det dei har funne er at det er fleire flaumar dei siste 1000-2000 år enn i tidlegare tider.

– Vi veit ikkje heilt kvifor det er slik, men det kan ha noko med klimaendringar å gjere. Det er i tråd med forventingar om meir fordamping og meir nedbør, seier Nesje.

– I ein periode for mellom 6000-8000 års sidan var det derimot svært lite flaumaktivitet i Sør-Noreg, fortel Nesje.

Vi kan gjerne ønskje oss tilbake til denne tida, men alle prognoser seier altså at vi må bu oss på det motsette: Meir ekstrem nedbør, og med det også meir flaum.