Hopp til innhold

Slo Hitler med hjelp av 3D-briller

Slik stoppa britisk etterretning nazistane: Med 3D-briller og flyfoto. Tidlegare upubliserte foto viser at pilotar flaug uvæpna over tyskokkupert jord for å ta bilete som avslørte kvar bombene var.

Flyfoto

Ved hjelp av flyfoto og stereoskop kunne britane fastslå kvar tyskarane bygde bomber og rakettar. Her flyfoto frå Peenemunde i Tyskland, forskingssenter for V-1-missilane.

Foto: RCAHMS/Wikimedia

Dei dødelege, autopilotstyrte bombene V-1 og V-2 øydela London og delar av det sørlege England i 1944. Men øydelegginga kunne vore mykje større og historia kunne sett annleis ut om det ikkje var for at den britiske etterretninga jobba i 3D.

Gjennom operasjonen «Crossbow» identifiserte The Royal Air Force (RAF) V-bombene og utskytingsstadane deira. Dei fotograferte nøye landskapet i det okkuperte Europa, slik at dei kunne studere kvar detalj.

Nye strukturar var ofte bomber

Bileta er digitalisert av Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Scotland og vart vist i ein ny BBC-dokumentar søndag kveld.

Det hemmelege våpenet til dei britiske ekspertane var eit stereoskop, ei enkel viktoriansk oppfinning som viste landskapet i 3D. Bileta vart analysert av fotokyndige folk i RAF, som målte høgda på uidentifiserte nye strukturar i landskapet. Desse mystiske nye strukturane viste seg svært ofte å vere utskytingsplassar for bomber og rakettar.

Sjølve fotograferinga var det pilotar frå The Photographic Reconnaissance Unit i RAF, oppretta i 1940, som stod for. Dei risikerte liva sine i uvæpna Spitfire-fly på ferd over Europa. Til saman tok dei fleire tital millionar bilete, som genererte 36 millionar print.

France

Flyfoto frå Frankrike viser bunker midt i biletet. Desse bunkerane vart bomba av britane.

Foto: RCAHMS

Uvæpna pilotar

For å utnytte 3D-effekten maksimalt måtte bileta vere tatt i nøye planlagte sekvensar som overlappa kvarandre med 60 prosent, slik at alt ville bli i 3D når ein såg det gjennom stereoskopet.

Det gjorde jobben til pilotane enda vanskelegare. Dei flaug på 30.000 fot og måtte vere uvæpna grunna den tunge vekta til fem kamera som var festa på kvart Spitfire-fly.

88 år gamle Jimmy Taylor er den einaste nolevande igjen av desse pilotane.

– Det var den beste jobben i RAF (Royal Air Force, journ.merkn.). Vi hadde ingen våpen eller kuler, så eg drepte ingen. Det er ingen fysiske teikn igjen av bombinga eller flykampane, men fotografia er med oss og er framleis nyttige, seier han til BBC.

LES OGSÅ:

Stereoskop

Lommestereoskop frå Zeiss med det originale testbiletet. Udatert, men truleg frå 50-talet. Denne type 3D-briller vart brukt for å analysere flyfoto under krigen.

Foto: Joaquim Alves Gaspar / Wikimedia

Flaug heilt ned på 30 meter

«Operation Crossbow» var den viktigaste augneblinken for desse pilotane. Det byrja i 1942, då eit Spitfire-fly som flaug over Peenemunde i Tyskland oppdaga eit felt med tre store sirklar på. Analytikarane som først studerte biletet tenkte ikkje noko over det. Men i røynda var dette eit forskingssenter for V-missilar som nazistane trudde skulle gi dei krigssigeren.

I 1943 oppdaga britane dette, etter å ha avlytta to tyske generalar som omtalte senteret. Britiske spionfly vart sendt ut for å finne staden. Ved hjelp av 3D såg ein av pilotane eit stort sylinderforma rør. Ved å sjå på skuggen av røret kunne piloten slå fast at det var 14 meter høgt.

Om ikkje britane hadde lukkast med denne etterretninga kunne det gitt større sivile tap og øydeleggingar.

Stein Ugelvik Larsen, professor emeritus

Pilotane oppdaga også bunkerar i Frankrike og sendte ut fly for å fotografere. Nokre av dei flaug så lavt som 30 meter over bakken for å få best mogleg bilete.

17. og 18. august 1943 blei 500 bombefly sendt til Peenemunde og bunkerane i Frankrike. Desse raida tok ut V-2-programmet og drap nokre av dei fremste nazi-forskarane.

Jimmy Taylor

Bilete tatt av Jimmy Taylor 14. september 1944 i Bauhafen, Tyskland.

Foto: RCAHMS

Bomba alle «ski-felt»

Etter dette vart produksjonen av V-missilar flytta til Polen og Tyskland, så langt unna at Spitfire-flya ikkje kunne nå dei. Britane måtte konsentrere seg om mål nord i Frankrike som var innanfor rekkjevidde, og den franske motstandsrørsla hjalp til med detaljar om plassane.

Snart fann dei 96 felt, som fekk kallenamnet «ski-felt» fordi kvart av dei hadde ei lang bygning som såg ut som ei ski.

Seint i 1943 vart det klart frå bileta at nazistane planla å bombe Sør-England. Dette var medan dei allierte planla D-dagen. Operasjon «Crossbow» vart aktiv og bombinga av «ski-felta» starta to dagar før jul i 1943. Bombinga var vellukka, men øydela ikkje heile missilprogrammet til tyskarane.

I 1944 øydela V-1-missilen London. Tyskarane tok no i bruk mindre openbare utskytingsstadar og sette ut missilane så seint som mogleg. Men utskytingsstadane vart likevel oppdaga av fotoanalytikarane i RAF og den siste V-1-bomba landa 7. september 1944.

LES OGSÅ:

Planla å skyte opp 2000 per dag

Mainz

The National Collection of Aerial Photography sit også på flyfoto som viser byar etter bombing. Her den tyske byen Mainz.

Foto: RCAHMS

Dagen etter traff ein V-2-missil London. Sidan V-2-missilen var mobil, bomba RAF infrastrukturelle mål i nærleiken av utskytingsstadane, som vegar og jernbaner, for å stoppe den. Til slutt klarte dei allierte styrkene å ta ut alle V-missilane. Men innan det hadde allereie 9000 menneske blitt drept av bombene.

Det kunne fort blitt fleire, var det ikkje for 3D-teknikken og pilotane som fotograferte. Tyskarane planla å skyte opp 2000 V-1-bomber kvar dag. Kva kunne skjedd om ikkje britane stogga dei?

– Denne operasjonen kom litt for seint til at den kunne forandre utfallet av krigen, seier Stein Ugelvik Larsen, professor emeritus i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, til NRK.no.

Han har forska mykje på nazisme, fascisme og den norske krigshistoria.

– Om ikkje britane hadde lukkast med denne etterretninga kunne det gitt større sivile tap og øydeleggingar. Men operasjonen kom i stand i august 1943 etter at Italia hadde kapitulert og Nord-Afrika var tapt. Det ville ikkje endra sjølve utfallet av krigen om ikkje Storbritannia hadde lukkast med operasjonen. Kanskje kunne D-dagen blitt forskyvd med noko tid, trur Larsen.

Det var den beste jobben i Royal Air Force. Vi hadde ingen våpen eller kuler, så eg drepte ingen.

Jimmy Taylor, pilot involvert i operasjon "Crossbow"

Han fortel at også i Noreg vart flyfoto tatt, både av amerikanske, britiske og norske fly, men desse er ikkje frigitt. Dei var viktige for norsk etterretning i London under krigen.

Mesteparten av flyfotoa frå operasjonen vart oppdaga av Allan Williams, kurator ved The National Collection of Aerial Photography, som er ein del av Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Scotland. Berre ein liten del av millionane med bilete er digitaliserte.

– Utan denne fotografiske etterretninga, som vart oppretta på rekordkort tid, kunne tyskarane ha gjennomført potensielt øydeleggande åtak på Storbritannia før D-dagen, som kunne endra utfallet av krigen, seier Williams til BBC.