Hopp til innhold

Samanheng mellom ekstremvêr i Pakistan og Russland

Ekstrem varme i Russland og flommar i Pakistan skuldast spesielle forhold i jetstraum høgt oppe i atmosfæren.

Skogbrann Kustarevka i Ryazan-regionen i Russland

Skogbrann i Ryazan-regionen i Russland.

Foto: DENIS SINYAKOV / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
  • Høyr saken i Verdt å vite:

Denne sommaren har vi sett ekstreme vêrforhold fleire stader i verda.

Mens Russland har hatt tørke og har vore herja av skogbrannar, har Pakistan opplevd ekstreme nedbørsmengder. Over 20 millionar menneske er ramma av flommen den siste månaden.

jetstraumar

Kraftige jetstraumar rundt jordkloden fører vind frå vest mot aust.

Foto: Lyndon State College Meteorology

–Sidan vi starta målingar for 130 år sidan, har vi aldri registrert ein slik langvarig varmeperiode over Vest-Russland, seier Tore Furevik ved Bjerknessenteret for Klimaforsking til NRK.

Desse to vêrfenomena har ein samanheng, og årsaken er jetstraumen høgt oppe i

atmosfæren skriv New Scientist.

Jetstraumar oppstår på grunn av skilnader i temperatur og trykk mellom tropane og polane.

Varm, lett luft frå tropene beveger seg mot kald, tung luft ved polane. Jordrotasjonen gjer at desse luftstraumane beveger seg frå vest mot aust.

Jetstraumen "frys"

Innanfor desse jetstraumane kan det oppstå bølgjer som forplanter seg i motsett retning av vindstraumen, såkalla rossbybølgjer.

Ved dei rette betingingar kan bølgjene bevege seg med same fart som jetstraumen, slik at jeten blir står i ro i forhold til bakken.

Flom i Pakistan

Eit blokkerande høgtrykk saman med monsun har ført til ekstrem nedbør i Pakistan

Foto: RIZWAN TABASSUM / Afp

Ein slik "stilleståande" jetstraum mellom Russland og Pakistan meiner forskarane har gitt opphav til langvarig høgtrykk i Russland og eit tilsvarande langvarig lågtrykk i Pakistan.

Denne situasjonen blir kalla for eit blokkerande høgtrykk.

–I Pakistan har vi ein dobbel situasjon med monsun og blokkerande høgtrykk, seier Tore Furevik ved Bjerknessenteret for klimaforskning til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

–Slike blokkerande høgtrykk er ikkje så uvanleg, seier Tore Furevik.

–I Norge hadde vi ein slik situasjon sist vinter då vi opplevde ei lang periode med kulde.

Den ekstreme heten i Europa i 2003 skuldast også eit liknande blokkerande høgtrykk.

–Situasjonen ser no ut til å vere i ferd med å gå tilbake til normalen, seier Tore Furevik. Temperaturane i Vest-Russland er i ferd med å synke.

–Når det gjeld Pakistan har dei framleis monsunen som vil føre nedbør over landet.