Hopp til innhold

Avdekker mysteriet bak vandrande steinar

Kva får steinane i Racetrack Playa til å bevege seg? NASA-praktikantar har tilbrakt sommaren i Death Valley for å avdekke årsaken bak det underlege fenomenet. Sjå biletserien.

I det paddeflate og tørre landskapet i Racetrack Playa i Death Valley, USA, synest det som om steinar er levande.

Små og store steinar vandrar av garde, tilsynelatande heilt av seg sjølv, og etterlet seg virvar av spor i den tørre bakken.

Nokre steinar er einsame vandrarar, medan andre ser ut til å vandre saman to og to, så synkroniserte at spora etter dei ser ut til å vere danna av dekka på ein bil.

Fenomenet er kjent i lang tid, også frå liknande stader, og har blitt utforska av vitskapsfolk sidan 1940-talet.

Skattejakt

I sommar har 17 praktikantar ved Lunar and Planetary Sciences Academy (LPSA) ved NASA's Goddard Space Flight Center dratt til Racetrack Playa for å utforske fenomenet.

- Det var som å dra på skattejakt, sa student Justin Wilde frå University of Wyoming.

Studentane gjorde ei mengde målingar, alt frå storleiken til steinane, lengde, breidde og djupn på spora, og målingar av magnetisk felt og radioaktiv stråling.

-Dette smørbrødbordet av data er nødvendig fordi det som føregår på Racetrack Playa er komplisert, seier Brian Jackson, ein av leiarane på turen. Det er ikkje openbart kva data som kjem til å bli viktig.

Saman med ein kollega har Brian Jackson studert Racetrack Playa sidan 2006, og dei har nyleg publisert ein artikkel der dei samanliknar denne staden med ein inntørka innsjø på Saturns måne Titan.

Is speler viktig rolle

Den mest sannsynlege forklaringa på fenomenet er at ein kombinasjon av vatn, is og vind flyttar steinane langs bakken i dei inntørka innsjøane skriv NASA.gov.

Smeltevatn frå snøa i omkringliggande fjell renn ned på playaen, og frys om natta. Vinden i ørkenlandskapet kan komme opp i heile 60 meter i sekundet.

Steinane kan fryse inn i is, og iskappa kan gjere at steinane delvis flyt på smeltevatnet.

Fleire steinar innfrose i blokker av is kan forklare kvifor to steinar beveger seg heilt parallellt.

Spor utan stein kan forklarast ved at isblokker har laga spora, og at desse har smelta bort.

Ein kombinasjon av vatn, is og vind flyttar truleg steinane i Racetrack Playa. Sjå ei forklaring i denne youtube-videoen:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.