Hopp til innhold

Her er forløparen til «Ikke gjør dette hjemme»

Roteromfysikarane Øgrim og Ormestad gjekk heller ikkje av vegen for å gjere rampete forsøk for 40 år sidan.

Video Magnet og TV i Fysikk på roterommet

Bytt ut dampmaskiner og sprettertar med varmtvassbehaldarar og dynamitt – så er kanskje «Ikke gjør dette hjemme» berre 2012-versjonen av «Fysikk på roterommet»?

Å vekke interesse for naturvitskap og fysikk gjennom eksperiment og humor var målet for fysikarane Helmut Ormestad og Otto Øgrim (sjå faktaboks).

Dei to fysikarane underheldt Noregs befolkning i ein mannsalder under programtitlane« På roterommet» og «Fysikk på roterommet».

Trass sin akademiske pondus var duoen absolutt ikkje redd for å tulle og tøyse på eksperimentrommet. Alt frå magnetisme og elektrisitet til kvardagslege fenomen som pølsekoking kunne vere tema for eksperimenta.

Sjå klipp med pølsefysikk frå Fysikk på roterommet anno 1963:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mykje til felles

– «Fysikk på Roterommet» og «Ikke gjør dette hjemme »har veldig mykje til felles, meiner prosjektleiar for Ikke gjør dette hjemme i NRK, Njord Røv.

– Begge programma har ein leiken og nysgjerrig tilnærming til naturvitskapens forunderlege verd, og engasjerer sjåarane med å bruke kjente gjenstandar i kjente omgivnader, seier Røv.

Rune Nilson og Per Olav Alvestad

Går Rune Nilson og Per Olav Alvestad i fotspora til Otto Øgrim og Helmut Ormestad?

Foto: NRK

Programleiarrollene har også visse likskapstrekk. I «Fysikk på roterommet» var ein er litt naiv og spørjande (Ormestad), den andre forklarte (Øgrim). Rollefordelinga er ikkje så ulik i «Ikke gjør dette hjemme».

– Men der Ormestad stilte dei enkle spørsmåla og Øgrim forklarte, så er Nilson den skeptiske mens Alvestad er pådrivaren. Og der Ormestad og Øgrim i sine samtalar var pedagogisk forklarande, er Alvestad og Nilson meir fysisk utførande. seier Njord Røv.

Sjå Øgrim og Ormestad eksperimentere med eksploderande egg:

Video Eggekoking i fysikk på roterommet

– Gamlekara visste kva dei dreiv med

Programleiar Rune Nilson hugsar Roterommet som magisk og utruleg spennande, sjølv om han litt problem med å sjå seg sjølv i rolla som ein av dei to fysikarane.

– Dei var jo litt ordentlege, seier Nilson først. Men så tenkjer han seg om:

– Eller var dei kanskje litt rampete og galne dei også?

– Ein annen ting er at gamlekara openbart visste kva dei driv med. Det gjer vel strengt tatt ikkje vi, veldig ofte i alle fall, innrømmer Rune Nilson ærleg.

Roteromfysikarane leikar med spytterøyr:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ville vore begeistra

Røv trur fysikarane på roterommet ville likt «Ikke gjør dette hjemme».

– Eg er overbevist om at Øgrim og Ormestad ville vore svært begeistra for 2012 – utgåva, seier prosjektleiaren.

Rett nok ville Øgrim og Ormestad gjerne inspirerer folk til å prøve ut eksperimenta deia på eiga hand, noko «Ikke dette hjemme»-programleiarane absolutt ikkje vil.

Men målet for programma er kanskje likevel det same:

– Øgrim og Ormestad var svært opptekne av korleis naturvitskapen skulle nå ut og skape nysgjerrigheit og interesse – så begge programma har felles målsetjing, seier Røv.

Nilson er litt meir usikker på kva dei to legendariske fysikarane ville meint:

– Det kan jo hende dei ville rista på hovudet av oss også, seier han.

Synest du det går ein raud tråd frå roterommet til «Ikke gjør dette hjemme» eller er du heilt ueinig? Gi di meining i kommentarfeltet.

Sjå spegelbedrageri i Fysikk på roterommet:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.