Hopp til innhold

Strutseegg i mikroen

Sånn går det når du puttar dyreverdas største egg i mikrobølgjeomnen.

Torsdag er det klart for fjerde og siste program i NRKs vitskapsprogram "Ikke gjør dette hjemme", programmet som er hata av nokre, men elska av andre.

I programmet testar programleiarane Per Olav Alvestad og Rune Nilson ut ting alle veit at ein ikkje skal gjere heime - slik at du slepp!

I bruksrettleiinga til mikrobølgjeomnen blir ein sterkt åtvara mot å koke egg i mikrobølgjeomnen, difor må sjølvsagt Per Olav og Rune teste ut dette.

Frå vaktelegg til strutseegg

Programleiarduoen startar smått, med eit vaktelegg. Dette gir ikkje den heilt store effekten. Alt vi høyrer er eit lite popp etter ca 10 sekund.

Difor bestemmer duoen seg for å skalere opp forsøket med eit vanleg hønseegg, noko som gir større utslag.

Både Kinder-egg og påskeegg med innhald blir også testa ut, og påskeegget overraskar med ei stygg gassutvikling.

–Gudskjelov at vi prøvde ut vi prøvde dette, slik at du slapp å gjere det, seier Rune Nilson, og legg til: Putt aldri påskeegget ditt i mikrobølgjeomnen!

Dyreverda har større egg å by på enn hønseegg, og trass i protestar frå Rune, insisterer Per Olav på å utsetje eit strutseegg for mikrobølgjer.

Strutseegg er verdas største egg og er omkring 20 gongar større enn eit hønseegg.

Når ein utset eit egg for mikrobølgjer blir det så varmt at vatn inne i egget går over til damp.

Damp tek som kjent mykje større plass enn væske, noko som fører til at det blir større trykk inne i egget. Etter kvart som det blir utvikla meir og meir damp, blir skalet utset for så mykje trykk at det til slutt gir etter.

Dette er ikkje første gong Nilson og Alvestad har varma opp gass under trykk, noko ein absolutt ikkje skal gjere heime.

Såg du korleis det gjekk då gutane varma hermetikkmat utan å opne boksen først? Viss ikkje kan du sjå klippet om att her:

Frityrbrann

Torsdagens episode av "Ikke gjør dette hjemme" byr på meir enn strutseegg i mikroen:

Programleiarane testar blant anna også ut om ein gjeng med sukkerhypre fireåringar er i stand til å rive ned eit hus, kva som skjer når ein koplar saman altfor mange skøyteleidningar, og om ein kan bruke brusmaskina til å lage sprudlevatn av vanleg vin.

Duoen lager også røykbomber av ting dei finn i kjellaren.

Det blir også kåring i elektrocupen, konkurransen der kjøkenartiklane knivar om å klare mest mogleg oppgåver.

Fekk du sett korleis det gjekk då Nilson og Alvestad nytta oppvaskmaskina til å lage tomatsuppe i første episode? Her kan du sjå klippet:

Den store finalen i programmet er likevel når programleiarane testar ut kva som skjer når ein prøver å sløkkje ein brann i ei frityrgryte med vatn, noko som resulterer i at huset brenn ned til grunnen.

I ein eventuell oppfølgjar til serien, vil programleiarane altså måtte sjå seg om etter ein annan stad å utføre dei risikable eksperimenta sine.

Mens du ventar på siste episode kan du nyte synet av golvet som brest når gjengen fyller eit heilt rom med vatn:


Sjå "Ikke gjør dette hjemme" på NRK1, torsdag kl. 19:45.


Sjå første episode av "Ikke gjør dette hjemme" her

Sjå andre episode av "Ikke gjør dette hjemme" her

Sjå tredje episode av "Ikke gjør dette hjemme" her