Hopp til innhold

Sprøytemiddelforbod skal hindre biedød

Frå og med måndag innfører EU forbod mot bruk av tre ulike sprøytemiddel som kan stå bak massiv biedød.

Bie og solsikke

Planteverngifter brukt på blant anna solsikker er vist å kunne medverke til biedød gjennom å skade nervesystemet deira.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / NTB Scanpix

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Globalt er biedød eit stort problem. No innfører EU eit forbod om bruk av tre ulike plantevernmiddel som er lenka til massiv forsvinning av bier. Forbodet er verksamt frå og med 1. desember.

Dei tre giftene det er snakk om er clothianidin, imidakloprid og thiametoxam som alle høyrer til ei gruppe insektgifter kalla neonikotinoidar.

Avlingar blir sprøyta med desse midla for å unngå insektangrep, men den triste bieffekten kan altså ha vore biedød.

Neonikotinoidar skadar bier gjennom nervesystemet og gjer at biene ikkje finn vegen tilbake til kuben sin.

Ifølgje forskingssjef Ingeborg Klingen på seksjon for skadedyr, avdeling for plantehelse og plantevern i Bioforsk, er desse insektgiftene i Noreg no berre brukt i veksthus og på potetplantar som ikkje blir besøkt av bier.

–Neonikotinoidar er ikkje brukt i blomstrande kulturar som er farlege for pollinatorar i Noreg, seier Klingen til NRK.no.

Mattilsynet trekte i mars i år tilbake godkjenning for bruk av plantevernmiddelet imidakloprid for oljevekster som raps, då det viste seg at middelet var påvisbart i pollen og nektar.

–Ope spørsmål

–Kor godt dette forbodet vil verke, er eit godt spørsmål. Dette er eit avgrensa forbod som berre gjeld for plantar som er pollinert av bier, med evaluering av forbodet etter to år, seier Frode Ødegaard ved NINA til NRK.no.

–Potetplantar vil til dømes ikkje bli omfatta av forbodet, fordi dei ikkje er rekna for ein slik plante. Enkelte studiar frå Danmark kan likevel tyde på at potetplantar også kan bli besøkt av bier der det er lite konkurranse med andre blomsterplantar, seier Ødegaard.

Førebels er det altså berre EU som innfører eit forbod, sjølv om andre kontinent har større problem med det såkalla kolonikollaps-syndromet.

–USA har vore mest plaga av biedød, og der er det ein sterkare sprøytemiddelindustri. Det er nok langt fram at ein kan få til eit forbod der, seier Ødegaard.

Tilbakegang av villbier

Kolonikollaps-syndromet har ikkje råka Noreg. Likevel er det kjent at veldig mange villbie-artar har gått tilbake også i Noreg.

Hovudforklaringa på at villbier har gått tilbake her i landet er at arealet av blomsterplantar går tilbake. Dette skuldast både store område med monokultur i moderne jordbruk, samt gjengroing. Bier vil aller helst ha ein mellomting som i gammalt kulturlandskap.

–Det er ikkje gjort så mange studiar på effekt av sprøytemiddel i Noreg, men det er sannsynleg at det har spelt inn også her. I alle fall i område der ein har intensiv jordbruksdrift, seier Ødegaard.