Hopp til innhold

Er du synsk? Sjå her!

I denne safen hos politimeisteren i Trondheim låg det ei hemmeleg melding.

Nærbilde av safen med den hemmelege meldinga
Foto: Lars Skjønberg/NRK

Video: Syvende sans

Schrödingers katt, i samarbeid med Kveldsåpent på NRK P1, utfordra alle klarsynte til å finne ut kva som står i den hemmelege meldinga som låg i safen til politimeisteren i Trondheim.

Berre to personar kjende til teksten: politimeisteren sjølv, Nils Kristian Moe, og redaktør i magasinet Skepsis, Asbjørn Dyrendal.

Safen vart overvaka av eit webkamera for å hindre at nokon skulle få tak i meldinga. Bildet frå eit webkamera stod og som ei ”hjelp” til klarsynte som ønskte å sjå gjenstanden.

Meir om utfordringa: NRK utfordrar klarsynte: Kan du sjå inn i safen?

To som ser

Klarsynte Linda Thorstensen

Linda Thorstensen ser den hemmelege meldinga

Foto: Lars Skjønberg/NRK

Linda Thorstensen, vinnaren av ”Jakten på den 6. sans” på TVNorge, meiner at ho ”har fornemmelse av noe med skepsis”.

Henning Hai Lee Yang, ”verdens beste spåmann”, i følgje han sjølv, seier at ”det er mye mellom himmel og jord”, når han blir presentert for oppgåva.

Schrödingers katt og Kveldsåpent vil at du prøvar dei klarsynte evnene dine.

Kan du sjå?

Har du svaret på kva som står i den hemmelege meldinga? Ta kontakt med Schrödingers katt på e-postadressa: katta@nrk.no

Kveldsåpent i NRK P1 er og med på forsøket, og her kan du sende sms til 1987 med kodeordet ”ÅPENT”.

Kva står det i meldinga?

Kom gjerne med forslag i kommentarfeltet under.