Hopp til innhold

NRK utfordrar klarsynte: Kan du sjå inn i safen?

Kan du lese den hemmelege meldinga som ligg innelåst i safen hos politimeisteren i Trondheim? I såfall er du klarsynt.

Safe med hemmeleg melding
Foto: Lars Skjønberg/NRK

Video: Syvende sans

Schrödingers katt på NRK1, i samarbeid med Kveldsåpent i NRK P1, utfordrar alle klarsynte. Oppgåva er å lese ei hemmeleg melding som ligg innelåst i safen til politimeisteren i Trondheim.

Webkamera frå politimeisterens kontor: Er du synsk? Sjå her!

Sikre mot juks

Berre to personar kjenner innhaldet i meldinga: religionshistorikar ved NTNU Asbjørn Dyrendal og politimeister i Trondheim, Nils Kristian Moe.

Politimeister Nils Kristian Moe og religionshistorikar Asbjørn Dyrendal.

Politimeister Nils Kristian Moe og religionshistorikar Asbjørn Dyrendal

Foto: Lars Skjønberg/NRK

For å sikre seg mot at meldinga skal bli endra, har Schrödingers katt alliertseg med kryptolog ved NTNU, Kristian Gjøsteen.

Metoden

Den hemmelege meldinga vart tasta inn på ein pc og kombinert med eit tilfeldig tal. Resultatet vart eit anna tal – det vi kallar bindinga – som fungerer som eit ”fingeravtrykk”. Denne kombineringa, eller utrekninga, vart gjort ved hjelp av eit spesielt dataprogram (vi oppgir bindinga lenger nede på denne sida). Det tilfeldige talet – som er eit svært stort tal – ligg på ein minnepinne som er innelåst i safen saman med den hemmelege meldinga. Sjølve meldinga finst berre på lappen i safen, det som vart tasta inn på pc-en vart sletta frå minnet.

Avslutting av forsøket

Når forsøket skal avsluttast, blir meldinga og det tilfeldige talet kombinert på nytt, og dersom resultatet ikkje blir identisk med den første bindinga, tyder det på at meldinga er blitt endra – nokon har juksa, med andre ord.

Bindinga inneheld i seg sjølv ingen informasjon om det som står i meldinga, men om ein no likevel skulle ha fått tak i den rette teksten på eitt eller anna vis, må ein og ha det rette tilfeldige talet. Det er teoretisk mulig å finne det dersom ein tek i bruk all datakraft som finst på jorda, men ein må ha god tid – det vil ta over hundre år å gjere det, i følgje kryptolog Kristian Gjøsteen, og då er nok serien Sjuende sans slutt.

Hjelpemiddel


Nokre klarsynte kan ha hjelp i bilde eller gjenstandar når dei skal ”sjå”, og i dette tilfelle har vi bilde av safen.

Politimeister Nils Kristian Moe og safe

Politimeister Nils Kristian Moe passar på safen med den hemmelege meldinga

Som ei ekstra ”hjelp” oppgir vi og bindinga, talet som er rekna ut av datamaskinen. Den finn du lenger nede. Merk: Denne bindinga inneheld ingen informasjon om sjølve meldinga, men er ei sikring mot at nokon endrar meldinga.

Ta kontakt

Er du klarsynt? Kan du sjå den hemmelege meldinga i safen? Ta kontakt med Schrödingers katt ved å bruke e-postadressa katta@nrk.no .

Kveldsåpent i NRK P1 er og involvert i serien Sjuende sans, og her kan du sende sms-melding til 1987 med kodeordet ”ÅPENT”.

Dette er bindinga, "fingeravtrykket" til den hemmelege meldinga:

23 033 989 056 392 088 075 906 934 622 227 495 347 072 455 114 289 356 609 194 723 644 375 299 196 749 048 323 058 457 430 255 155 293 516 162 332 265 973 329 349 627 266 060 080 358 051 507 710 232 504 482 708 138 847 202 048 761 438 533 672 025 841 923 165 674 622 570 197 155 061 535 691 403 026 996 515 926 704 348 777 561 571 008 389 742 785 122 963 626 603 368 177 170 985 956 893 984 828 337 167 041 062 671 918 955 081 538 592 982 444 633 421 087 419 172 187 173 363 426 078 863 246 569 067 261 517 488 963 684 347 963 449 805 489 253 369 390 675 767 040 939 123 192 257 879 367 023 035 912 314 434 451 568 968 168 146 880 408 526 840 700 651 738 407 882 530 396 418 400 683 749 667 761 005 176 647 816 019 623 390 180 665 876 739 143 983 775 710 196 810 900 950 195 789 207 377 948 698 237 942 227 313 298 445 644

Sjå webkamera frå politimeisterens kontor: Er du synsk? Sjå her!