Hopp til innhold

Overgripar møtte mindreårige offer på Fortnite

– Vi har fornærma på sju år, som er lokka til å utføre grove seksuelle handlingar med seg sjølv, seier politiadvokat Sissel Kleiven.

Fortnite illustrasjon

ILLUSTRASJON: Fortnite blir spelt av millionar over heile verda. – Sjølv om det berre er speling, så kjem borna i kontakt med andre som dei ikkje skulle hatt kontakt med. Foreldre må følgje med, seier politiadvokat Sissel Kleiven.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiadvokaten snakkar om overgrepssaka Vest politidistrikt no etterforskar for fullt.

Med saka som utgangspunkt, ber Sissel Kleiven foreldre følgje med og snakke med ungane om kva dei held på med i ei tid med meir inne- og skjermtid.

– Dei som vil gjere overgrep, er på plattformene borna er, på Fortnite og meir uskuldige nettstader. Der får dei kontakt med born, seier ho.

Har erkjent straffskuld

Mannen i 20-åra er varetektsfengsla på fjerde månaden, sikta er for grov valdtekt mot born under 14 år og seksuelt krenkande åtferd overfor born under 16 år. Politiet har identifisert 14 gutar, men meiner det kan vere tale om kring 20.

Dei fleste er i 10-12-årsalderen. Den yngste guten er sju år.

Hovudtyngda av overgrepa skjedde månadane før mannen vart pågripen. Gutane er frå Sørlandet, Austlandet og Vestlandet.

Forsvarar Lene Knapstad seier mannen erkjende straffskuld frå første politiavhøyr.

– Sikta har i ein vanskeleg livssituasjon gjort straffbare handlingar over internett, som han ikkje skulle gjort. Det er han lei seg for, seier ho.

Starta på Fortnite

Sissel Kleiven

KONKRET: Politiadvokat Sissel Kleiven meiner foreldre bør stille borna konkrete spørsmål om nettbruk: – Kven har du kontakt med? Kven spelar du med? Kven følgjer du, og kven legger du til?

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Saka starta då eit foreldrepar politimelde at sonen hadde hatt seksualisert kontakt med ein på nettet. Framgangsmetoden er ikkje heilt ukjend for politiet.

Kleiven seier kontakten med dei yngste starta på online-spelet Fortnite, eit overlevelsesspel spelt av millionar på verdsbasis.

Mannen er mykje på Fortnite, og hadde også mange følgjarar på TikTok til kontoen vart sperra.

– Han er ganske god i spelet, og mange yngre beundra og ynskte å bli betre kjend med han. Dei møttest att på TikTok, og då føreslo oftast han meir kommunikasjon på Snapchat, seier Kleiven.

– Der skjedde bileteutvekslinga, legg politiadvokaten til.

Overraska foreldre

Kleiven vil ikkje utdjupe kva mannen har lokka med, men gutar har sendt han bilete og videoar av seksualisert art. Ingenting tyder på at bileta er delt vidare.

Både Snapchat og TikTok er sosiale nettverk der brukarar deler bilete eller korte videoar. Tilrådd aldersgrense for er 13 år. For Fortnite er den 12 år.

Foreldre gir likevel borna sine lov til å vere på desse plattformene. Kleiven seier dei har kontakta mange overraska foreldre.

– Mange har ikkje aning om at borna har hatt slik aktivitet på nett. Særskilt når borna er under ti år, og ein trur dei driver med eit uskuldige spel som Fortnite, seier ho.

Nektar for bileta

Etterforskingsarbeidet har vore tidkrevjande og vanskeleg. Bilete og videoar er analyserte for å identifisere gutane.

Sjølv om politiet har biletbevis, nektar enkelte for å ha sendt seksualiserte bilete. Det ser politiet også i andre liknande saker.

– Det er flautt og skambelagt for gutar på 10–13 år å fortelje kva dei har gjort. Vi merkar også at born som har fortalt det til foreldra, lettare fortel om det i tilrettelagde avhøyr, seier Kleiven.

Samarbeider med politiet

Strafferamma i saka er fengsel i 21 år. Sikta har samarbeidd med politiet.

– Han har på eige initiativ gjeve politiet opplysningar om fleire krenka, for å lette politiet si etterforsking og medverke til oppklaring av saka, seier Knapstad.

Det får også følgje for straffutmålinga når saka skal i retten.

– Her er mykje som skal vurderast, også sider ved sikta. Men utgangspunktet er ei ikkje ubetydeleg fengselsstraff. Det vil seie på fleire år, avsluttar Kleiven.