Hopp til innhold

Barneombodet er uroa for hundretusenvis barn som er heime

Over ein million skulebarn sit heime når skulane no er stengde. Barneombodet er bekymra. For mange av barna er heimen den farlegaste staden.

Stengd skule skole stengt

Norske skular held stengt på grunn av spreiinga av korona-viruset. Mange opplever at vanskane doblar seg når barn blir åleine med vanskelege tankar og kjensler.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Over ein million barn må halde seg heime i desse dagar på grunn av koronaviruset. Men ikkje alle har det like godt heime. Statistikk viser at eit av fem barn opplever vald i heimen.

Barneombud Inga Bejer Engh

Inga Bejer Engh er barneombod i Noreg.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det er ei stor utfordring når barn ikkje lenger kan gå på barnehage og skule. Dette gjeld særleg for barn der foreldra strevar med omsorga i utgangspunktet, seier barneombod Inga Bejer Engh.

Barneombodet fryktar også at barn som ikkje er fanga opp av omsorgsetatane til no kan utvikle og få forsterka varnskar når skulane og barnehagane er stengde.

– Det er store mørke tal på barn som lever under forhold som ikkje er bra. I den situasjonen vi er i no, kan det også komme mange fleire, seier ho.

Barneombodet har utvida opningstida til kontakttelefonen sin og har informasjon på nettsida si om korleis barn kan ta kontakt.

– Kva gjer eg om eg blir slått?

Ei av dei som opplever auka pågang frå barn og unge er Helsesista. Søndag fekk ho ei melding på Snapchat. Ein person spurte kva ein skulle gjere om ein av dei vaksne heime begynte å slå?

– Dette kom ikkje overraskande på meg. Eg har tenkt på desse sidan skulane og alle fritidsaktivitetar vart stengt ned, seier Helsesista, Tale Maria Krohn Engvik.

Skjermdump frå Helsesista sin Snapchat. Bilde er publisert med tillatelse frå Helsesista.

Denne meldinga mottok Helsesista sist søndag.

Foto: Skjermdump/Helsesista

Mange barn har no mista viktige tilbod dei elles har i kvardagen. Engvik peiker på at det er mange barn som ikkje har det så lett.

– Det er mange barn som kanskje har eit ekstra godt forhold til ein lærar som lurer på korleis dei har det, eller ein trenar som tar ekstra godt vare på dei. Dette mister dei no når dei må vere heime, seier ho.

Helsesista i Ålesund

HELSESISTA: Helsesjukepleiaren Tale Maria Krohn Engvik har mykje kontakt med barn og unge gjennom sosiale medium.

Foto: NRK

Krisesituasjonar fører ofte til at valden eskalerer.

Også Statens barnehus i Ålesund fryktar dei sårbare barna no får ein ekstra vanskeleg kvardag.

– Eg er redd dei barna som er gode til å halde fasaden om korleis dei eigentleg har det, vil få ein vanskelegare kvardag heime, seier Ingrid Heggli, leiar for statens barnehus i Ålesund.

No fryktar ho at mange barn som har det vanskeleg ikkje blir oppdaga.

– Vi ser på barnehuset at mange barn opplever vald heimen når dei skal arbeide med lekser, seier ho.

Også organisasjonen Redd Barna fryktar at vaksne ikkje skal oppdage at barn blir utsett for omsorgssvikt no når barna ikkje går på skulen og barnehage.

Ingrid Heggli, Daglig leder ved Statens Barnehus i Ålesund.

BARNEHUSET: Statens barnehus i Ålesund er redd dei sårbare barna ikkje blir oppdaga når dei no ikkje får gå på skulen.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Forstår at det kokar over

Helsesista seier mange er i ein vanskeleg situasjon no. Og at dette fører til at det fort kan gå gale.

– Nokon kontaktar meg og seier foreldra kranglar høglydt, foreldre som gjer ting dei vanlegvis ikkje brukar og gjer, seier ho.

Ho forstår at det kan koke over for foreldre i denne perioden. Derfor meiner ho det er viktig at dei også tør å ta kontakt med nokon som kan hjelpe.

– Vi står i ein vanskeleg situasjon no, og det er ikkje noko skam i at foreldre tar kontakt med nokon som kan hjelpe å sortere tankane ein har i hovudet, seier ho.

– Åleine med tankane sine

Organisasjonen Blå Kors driv ei chatte-teneste for barn og unge. Dei merkar stor pågang i desse dagar, og har utvida opningstida si.

– Vi merkar at det i sårbare familiar blir ekstra forsterking av det som allereie er vanskeleg. Og vi ser at mange er åleine med tankane sine, seier leiar for tenesta Henning Reme til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL