Hopp til innhold

Her kan vikarlegen koste 300.000 kroner i veka

Skjervøy kommune tilbyr 300.000 kroner i veka for ein vikarlege. Internt notat slår alarm om at legeutgiftene til norske kommunar «har eksplodert».

Skjervøy kommune

SKJERVØY: Denne kommunen tilbyr eit vikarbyrå 300.000 kroner i veka ut året for å få ein fastlege til distriktskommunen. På øya bor det 3.000 menneske.

Foto: Visit Lyngenfjord

NRK har tidlegare fortalt om desperate norske kommunar som freistar nyutdanna danske legar med lønningar på 200.000 norske kroner – i månaden.

No viser eit internt notat at norske kommunar må førebu seg på å betale det dobbelte av dette neste sommar.

I notatet er dei nye satsane oppgitt til 95.800,- kroner – i veka.

«Utgiftene til vikarlegar har eksplodert», heiter det i notatet.

Og ingen stader har dei eksplodert meir enn i Skjervøy kommune i Troms.

300.000,- kroner i veka er summen dei er villige til å bruke på ein legevikar, «i ytste konsekvens ut året».

Deler av summen går til vikarbyrået, men brorparten går direkte til legen.

Framtid i Nord omtalte saka først.

Dette er et kraftig innhogg i kommuneøkonomien, og ikkje ei løysing som er berekraftig. Det er ein kriseløysing, seier Åshild Hansen, som er helse- og omsorgssjef i kommunen.

Ho legg til at kollegaer i kommunen har uttrykt at tilbodet er «usmakeleg» og at ho «til dels kan vere samd i det».

I Årdal kommune kallar ordførar Hilmar Høl (Ap) dei galopperande legeutgiftene for «det største problemet vi har».

For kort tid sidan var kommunen i kontakt med ein potensiell vikarlege som kravde 120.000,- kroner i veka, pluss reisekostnader og fullt møblert bustad.

Årdal kommune manglar tre av seks fastlegestillingar, og var difor i ferd med å akseptere tilbodet inntil begge partar «fann eit betre alternativ».

Aurland

Aurland er blant kommunane med legemangel som må bu seg på å betale 95.800,- kroner i veka for ein vikarlege.

Foto: Aurland kommune

Eit alvorleg rekrutteringsproblem

I 2015 var prisen for ein vikarlege 32.950 pr. veke for ikkje-spesialistar, og 39.900 pr. veke for spesialistar.

Det er særleg siste tre åra at prisane har gått veldig opp, seier Guri Olsen, som er tenesteleiar for helse i Aurland kommune, der to av tre fastlegelister er utan lege.

Ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling (Sp), kallar lønningane eit bilete på «eit alvorleg rekrutteringsproblem».

Hennar resept er å desentralisere siste halvdel av medisinstudiet.

Vi veit kor viktig studiestad er for vidare arbeidsstad. Desentralisert utdanning ved lokalsjukehus og i kommunar aukar sjansen for at legane vert buande i distrikta også etter ferdig utdanning, seier ho.

Forholdet mellom studiestad og arbeidsstad vert utforska i prosjektet «Utdannar vi helsepersonell som by og land treng», som Nasjonalt senter for distriktsmedisin har teke initiativ til.

Internt notat slår alarm om legeutgiftene

Internt notat slår alarm om at legeutgiftene til norske kommunar «har eksplodert».

Foto: Håvard Nyhus

Som å tisse i buksa for å halde varmen

På Stortinget vekkjer situasjonen i Kommune-Noreg skarpe reaksjonar:

  • Marian Hussein (SV): – Dette er spinnvilt. Kommunane er fanga i uføre der dei blakkar seg på vikarbyrå i staden for å satse på langvarige løysingar.
  • Aydar Seher (Raudt): – Å løyse problemet med å ty til kommersielle vikarbyrå for å rekruttere legar utan spesialisering er som å tisse i buksa for å halde varmen, og så sende han til reins i staden å vaske han sjølv.
  • Olaug Bollestad (KrF): – Denne saka vitnar om kommunar i ein desperat situasjon.
  • Bård Hoksrud (Frp): – Når nyutdanna, danske legevikarar kan tene det dobbelte av kva norske fastlegar gjer, viser det kva for ein desperat situasjon norske kommunar står i.
  • Tone Wilhelmsen Trøen (Høgre): – Dette er eit bilete på situasjonen i fastlegeordninga. Fastlegekrisa er ei pasientkrise.

President i Legeforeininga, Anne-Karin Rime, seier til NRK «vikarstafetten» er eit symptom på fastlegekrisa.

Det gjer at pasientane må møte mange ulike legar, noko som gir langt mindre kontinuitet og stabilitet. Då mister vi sjølve gullet i fastlegeordninga. Vikarbruken er i tillegg veldig dyr for kommunane.

Anne-Karin Rime

President i Legeforeininga, Anne-Karin Rime, seier at «vikarstafetten» er eit symptom på fastlegekrisa.

Foto: Legeforeningen/Thomas B. Eckhoff

Regjeringa varslar «konkrete grep» i statsbudsjettet

Helsedirektoratet oppgir at 175.000 nordmenn manglar fastlege, medan Allmennlegeforeininga hevdar det reelle talet er 235.000.

Regjeringa har varsla «konkrete grep» for fastlegeordninga i statsbudsjettet for neste år, som blir lagt fram i oktober.

Vidare har dei sett ned eit ekspertutval som skal gå gjennom allmennlegetenesta. Mandatet er å gi konkrete forslag til tiltak for å styrkje fastlegeordninga «slik at alle får ein fastlege å gå til og gjere den berekraftig over tid».

Ekspertutvalet skal levere dei fyrste tilrådingane innan 1. desember 2022.

NRK snakka med statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap), tidlegare i september:

– For å løyse fastlegekrisa må vi tenkje nytt, og vi må ta nye grep. Vi kan ikkje halde fram i same spor og håpe situasjonen løyser seg over tid.