Hopp til innhold

Verdas fem varmaste stader

Saknar du sommarvarmen? Då får du ta grep og reise til desse stadane, kor temperaturane kan bli over 50 grader.

Montasje - Varme stader

Desse fem stadane er såpass gjestmilde, at berre to av dei er bebudde. Den eine staden er ein hovudstad, medan den andre bebudde staden er så lite gjestmild at det i dag vert kalla ein spøkelsesby.

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ei hetebølgje går gjennom Europa, og nordmenn på ferietur pøsar på med vatn for å klare å halde ut. Sommaren i Noreg er derimot av den kalde typen så langt. Men om du ikkje kan få nok av varmen, og vil utfordre kroppen din, så kan du sjekke ut denne lista, som opphavleg er utarbeida av The Telegraph.

5. Bangkok, Thailand

THAILAND-WEATHER-MONSOON

Det kan også øse ned regn i verdas varmaste by, Bangkok.

Foto: CHRISTOPHE ARCHAMBAULT / Afp

Dette er utan tvil den mest kjente staden på lista, og er den varmaste byen i verda. Den største byen i Thailand har ein årleg gjennomsnittstemperatur på 28 grader. Varmast er det med rundt 35 grader frå mars til mai, og ein luftfukt på heile 90 prosent.

I desember kan det bli litt mildare med rundt 31 grader. Men det er framleis like fuktig. Klimaet i Bangkok er delt opp i tørrare og våtare periodar, med regnperioden frå mai til september.

4. Dasht-e Lut, Iran

IRAN/ Iranian tourist walks on sandy hill in Iran Central Desert 310 km south east of Tehran

Det er fleire ørkener i Iran. Her eit bilete frå den største ørkenen, Dasht-e Kavir, men den varmaste ørkenen er Dasht-e Lut, lengre søraust i landet.

Foto: MORTEZA NIKOUBAZL / Reuters

Dette ørkenområdet er blant dei tørraste stadane i verda, og langt mindre bebudd enn Bangkok. I 2004 og 2005 målte NASA ein temperatur på heile 70,7 grader her. Men dette er ein bakketemperatur, og ikkje temperaturen i lufta, så Dasht-e Lut har difor ikkje rekorden i verda.

Denne saltørkenen i Søraust-Iran er verdas 25. største ørken. Det er vanleg med kraftige vindar i området på grunn av dei varme temperaturane nede i ørkenen og dei kalde vindane på fjelltoppane som møtest.

3. Dallol, Etiopia

Denne staden, ikkje langt frå grensa til Eritrea, er den varmaste bebudde staden i verda og ligg 116 meter under havnivået. Dallol ligg særs avsidesliggande til, og vert i dag kalla ein spøkelsesby fordi det er få innbyggjarar att. Den årlege gjennomsnittstemperaturen er på 34,6 grader.

ETHIOPIA-SALT/ A man walks on sulphur and mineral salt formations near Dallol in the Danakil Depression

Dallol er ein særs utilgjengeleg stad nær grensa mellom Etiopia og Eritrea. Det er mykje saltførekomster i området som er den staden i verda som er bebudd og har høgast gjennomsnittstemperatur.

Foto: STRINGER / Reuters

Det er store mengder salt i Dallol, og det går både vegar og kamelkaravaner inn i området for å frakte ut salt. Det ligg også ein vulkan i området, som sist var aktiv i 1926.

Den varmaste månaden, juni, har på det verste hatt ein gjennomsnittstemperatur på 46,7 grader.

2. Al Azizyah, Libya

Inntil nyleg var dette staden som hadde rekorden som den varmaste staden på jorda, men etter Verdas meteorologorganisasjon (VMO) fann ut at målinga viste heile sju grader feil, så vart rekorden frå 1922 redusert frå 57,8 grader.

VMO mistenkte at temperaturen var målt feil, sidan mannen som var på jobb den aktuelle dagen ikkje var den mannen som vanlegvis jobba på staden, men som derimot var ein fyr som var uerfaren med meteorologiske observasjonar.

TRAVEL LIBYA

Saharaørkenen dekker store deler av Libya. Her frå Al Ramla i det søraustlege Libya. Byen Al Azizyah, litt sør for hovudstaden Libya ligg eit stykke frå sjølve Sahara-ørkenen, men er den staden i verda som hadde den globale varmerekorden i mange år. Men etter å ha dobbeltsjekka dokumentasjonen mista Al Azizyah rekorden.

Foto: JOHN MOORE / Ap

Han brukte heller ikkje eit termometer som var godkjent. Då VMO fann eit gamalt dokument der temperaturen var notert, så konkluderte dei med at det var for store manglar i dokumentasjonen, og rekorden vart fjerna.

Denne staden, som ligg fire mil sør for Libyas hovudstad Tripoli, er ein liten by, der den månadlege gjennomsnittstemperaturen frå mai til oktober som oftast er over 30 grader. I desember og januar kan gjennomsnittstemperaturen snike seg ned til rundt 15 grader. Det er nokre få gonger målt minusgrader i byen.

1. Death Valley, USA

Den staden som har rekorden for den varmaste målte temperaturen er derimot Furnace Creek i Death Valley, California. I 1913 vart temperaturen her målt til 56,7 grader celsius.

ATHLETICS-ULTRAMARATHONS/ File photo shows competitors running in the Badwater Ultramarathon in Badwater Ultramarathon at the Death Valley National Park

Desse folka deltok i eit ultramaraton i Death Valley i 2013. Maratonet vart arrangert i juli månad, den varmaste månaden i året på den varmaste staden i verda.

Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

Det tek rundt tre timar å køyre hit frå kasinobyen Las Vegas, og om du reiser rundt juletider, så vil du klare å unngå den verste turisttrafikken. På den tida av året er ikkje temperaturane så ille heller, med ein gjennomsnittleg temperatur på 19 grader i januar. Det årlege gjennomsnittet er på 25,1 grader, og varmast er det no i juli.

Death Valley Sailing Rocks

Steinar som beveger på seg har lenge vore eit av Death Valley sine mysterium. For nokre år sidan kom forskarar fram til svaret.

Foto: Ap

Men isen kan også legge seg i Death Valley, noko som har ført til eit fenomen der steinar flyttar på seg. Lenge klarte ein ikkje å forstå kvifor steinane flytta på seg av seg sjølv, men i 2010 kom svaret på mysteriet.

Kjelder: The Telegraph, Wikipedia, VMO (WMO)

SISTE NYTT

Siste nytt