Hopp til innhold

Tusenvis flykter fra bomberegnet i Jemen

I Jemen flyktar tusenvis av sivile frå krigen. Hovudstaden i nord blir bomba av Saudi-Arabiske krigsfly, medan opprørarane rykker fram i sør. Arabiske land sat i helga i krisemøte.

YEMEN-CONFLICT

Tusenvis av familiar forlèt hovudstaden i Jemen på grunn av bombinga. Kvar natt kjem dei Saudi-Arabiske krigsflya. Mange av måla deira ligg i bustadområde.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp

Krigen i Jemen forverrar seg for kvar dag som går. I hovudstaden Sanaa pakkar folk sakene sine og reiser til slektningar på landsbygda for å unngå bombene frå dei Saudiarabiske krigsflya.

Det er ingen som veit kor mange sivile som er drepne i bombekampanjen sidan den byrja torsdag. Om lag 35 døde berre i natt, hevdar ein Houthi-talsmann til Reuters.

Helgerevysak om Houthi-militsen

Slaget om Aden

Houthi-geriljaen har på kort tid klart å ta kontroll over store deler av Jemen. Av dei store byane står berre hamnebyen Aden att. Aden ligg i Sør og det er her restane av regjeringa har flykta.

Der blir det no utkjempa eit bittert slag mellom Houthiane og det som er igjen av regjeringsstyrkane.

Då president Abedrabbo Mansour Hadi i helga forlét Aden, trudde mange at det var eit teikn på at byen ville falle i hendene på Houthiane.

Men regjeringsstyrkane held stand, og skal ha klart å ta tilbake flyplassen i Aden.

Håpet er at dei Saudi-Arabiske krigsflya vil klare å stoppe framrykkinga til Houthiane.

CORRECTION-EGYPT-UAE-ARAB-YEMEN-CONFLICT-DIPLOMACY

Leiaren for dei Sameinte arabiske emiratane, Hamad bin Mohammed Al Sharqi, på det arabiske toppmøtet i Sharm el-Sheik.

Foto: MOHAMED EL-SHAHED / Afp

Arabisk krisemøte om Jemen

I helga møttest dei arabiske landa for å diskutere krisa i Jemen. Mange er redde for at Iran vil få eit fotfeste på den arabiske halvøya, skulle ein ikkje klare å stogge frammarsjen til Houthiane.

Det blir hevda at Iran hjelper dei sjiamuslimske Houthiane, med pengar, våpen og trening.

Vurderer bakkekrig

På møtet i den egyptiske feriebyen Sharm el-Sheikh, vart det vedteke å opprette ein felles arabisk militærstyrke for å sørge for sikkerheita i regionen.

Men Saudi-Arabia seier dei ikkje har bestemt seg for ein bakkekrig enno.

– Akkurat no klarar vi å nå måla våre ved hjelp av bombekampanjen, men eg vil ikkje avvise noko alternativ, sa Saudi-Arabias ambassadør til USA, Adel al-Jubeir, til amerikanske nyheitskanalar i dag.

YEMEN-CONFLICT

Eit våpenlager utanfor Aden eksploderte da folk tok seg inn for å plyndre det.

Foto: SALEH AL-OBEIDI / Afp

Jemens internasjonale flyplass bomba

Saudi-Arabiske krigsfly bomba i dag rullebana og sette flyplassen i hovudstaden Sanaa ut av drift. No må utanlandske statsborgarar, om det er mogleg, forlate landet frå den sørlege flyplassen i Aden

FN evakuerte alle sine tilsette på laurdag.

YEMEN-CONFLICT

Folk studerer eit bombekrater utanfor Sanaa.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt