Hopp til innhold

Iran: – Bombinga av Jemen kan føre til blodbad

Iranske styremakter åtvarar Saudi-Arabia mot å halde fram bombinga mot Houthi-opprørarane i Jemen. Det kan føre til eit blodbad i regionen seier Irans utanriksminister.

SWITZERLAND-US-IRAN-NUCLEAR-TALKS

Den iranske utanriksministeren Javad Zarif åtvarar Saudi-Arabia mot å halde fram bombinga i Jemen.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / Afp

65 personar skal vere drepne av Saudi Arabiske jagarfly natt til torsdag, fortel norske Alvhild Strømme som arbeider for FN i Jemen til NRK på telefon.

Alvhild Strømme

Alvhild Strømme arbeider for FN i Jemen. Ho er no innkvartert på eit hotell i hovudstaden saman med andre FN-tilsette.

Foto: Privat

– Det er ein skremmande situasjon, det er ingen i Jemen som støttar dette, eller trur det vil løyse nokon konfliktar, fortel Strømme til NRK.

Det er venta at bombinga vil starte igjen i natt, fortel ho.

Iran åtvarar

Bombinga har fått den iranske utanriksministeren til å kome med ein skarp åtvaring til Saudi-Arabia.

– Militær innblanding frå land utanfor Jemen vil berre føre til meir vald og fleire døde, sa Javad Zarif til nyheitskanalen Al-Jazeera.

EGYPT-YEMEN-SAUDI-CONFLICT

Egyptiske marinefartøy er på veg mot Jemen. Egypt seier seg villige til å bidra med bakkestyrkar.

Foto: YASSEN MOHAMED / Afp

Men det sjiamuslimske prestestyret i Iran blir sjølve skulda for å støtte trusfellene Houthiane. Opprørarane tok nyleg over hovudstaden Sanaa, og truar no den sørlege hamnebyen Aden.

Sunnikoalisjon slost mot sjiaopprørarar

Mideast Saudi Yemen Abed Rabbo Mansour Hadi, Mohammed bin Salman

Jemens President Abed Rabbo Mansour Hadi, i jovial passiar med Saudi Arabias forsvarsminister Mohammed bin Salman. Hadi er offisielt på statsbesøk.

Foto: Ap

Bombekampanjen til Saudi-Arabia blir støtta av dei andre sunniarabiske landa i regionen. For konflikten blir sett på som ein maktkamp mellom Saudi og Iran, sunni og sjia. I bakgarden til Saudi-Arabia.

100 jagarfly var i aksjon i natt til torsdag og fleire iranskbygde rakettinstallasjonar skal vere trefte rundt hovudstaden Sanaa. Torsdag kveld er det meldt om nye eksplosjonar.

USA bidreg med logistikk- og etterretning, men deltek ikkje direkte i krigføringa, seier talsmenn.

Mideast Yemen

Houthiopprørarar dansar med dolkar for å feire at dei har teke hovudstaden Sanaa.

Foto: Hani Mohammed / Ap

Fare for uro blant sjiamuslimane i Saudi Arabia

Nord-Aust i Saudi-Arabia ligg dei største og mest lukrative oljefelta i verda. Det er kjelda til enorm rikdom. Men her bur også den sjiamuslimske minoriteten i landet, som utgjer om lag 10–15 % av befolkninga i Saudi-Arabia.

Frykta er stor for at konflikten i Jemen vil piske opp stemninga blant sjiamuslimane rundt oljefelta, skriv den amerikanske tankesmia Brookings.

Etter flyangrepa byrja i natt har oljeprisen gått opp 4%, melder CNN.

Men Saudi-Arabia er villige til å gå langt for å bevare den sunnimuslimske regjeringa i Jemen.

– Vi vil gjere alt i vår makt for å hindre at den legitime regjeringa i Jemen blir styrta, sa Saudi Arabias ambassadør i USA, Adel al-Jubair til Washington Post.

Kan eskalere til bakkekrig

Ein Saudiarabisk TV-kanal melde i går at kongedømmet vurderer ein bakkekrig i Jemen, utan å kome med fleire detaljar.

Egypts utanriksminister Sameh Shoukri, seier han er villig til å bidra med soldatar om det blir nødvendig.

Fire egyptiske marinefartøy er ifølgje nyheitsbyrået AP på veg til kysten av Jemen.

– Fryktar sivile vil døy i natt

Alvhild Strømme fortel at sjølv om det er militære mål som blir bomba, vil mange sivile døy. Ho og andre FN tilsette er blitt flytta til eit hotell av tryggingsomsyn.

– For den avsette presidenten la mange militære installasjonar i sentrum og i bustadområde. Difor vil truleg sivile liv vil gå tapt, fortel ho til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt