Hopp til innhold

NRKs kvinne i skjæringspunktet mellom aust og vest

Etter vel ein månad i Berlin, er Guri Norstrøm godt i gang som korrespondent. Men det er mykje som skal til når ein skal starte opp eit nytt kontor.

Guri Norstrøm

Guri Norstrøm har allereie fartstid som NRK-reportar, og har mellom anna dekka Ukraina-konflikten for NRK. Her på jobb i Donetsk.

Foto: NRK

Guri Norstrøm på Berlin-kontoret

KREATIV LØYSING: Ikkje alt er kome heilt på plass i Berlen endå. Guri prøvar her å unngå romklang på sitt heimekontor.

Foto: privat

– Det er veldig kjekt, men mykje jobb! Ein jobbar seg i hel med eit smil om munnen, kan du sei, seier den ferske korrespondenten, som fortel at det er mykje bakom-jobb som ikkje sjåarane ser, frå det tekniske til papirmøllene til det tyske byråkratiet.

Ho har i løpet av sin første månad på kontinentet fått dekke eit vidt spenn av saker; frå minneseremoniar for slutten på 2. verdskrig til det polske presidentvalet, frå tysk spionskandale til Pegida-demonstrasjonar.

Guri Norstrøm

EUROPAKORRESPONDENT: Guri Norstrøm er NRK sin nye korrespondent i Berlin.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Det som har gjort sterkast inntrykk er møta med overlevande frå konsentrasjonsleirane som ho fortel om i sitt første korrespondentbrev.

I kveld kan du møte ho både live i Store studio saman med dei andre korrespondentane, og i Urix si Europa-sending, saman med kollegaene Morten Jentoft og Åse Marit Befring.

(Saka held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

– Det vert sjølvsagt ein del om det som går føre seg i Ukraina, seier Norstrøm.

Det var under krisa i Ukraina som etter kvart utvikla seg til ein krig ho verkeleg fekk prøve seg, der ho både dekka opptøyane på Maidan og situasjonen i Donetsk for NRK.

Guri Norstrøm

DEKKA UKRAINA: Her med fotograf Gunnar Bratthammer i Kiev

Foto: NRK

No er oppgåva å dekke Tyskland og Aust-Europa, med unntak av dei gamle Sovjetstatane, som hovudsakleg er Moskva-korrespondent Morten Jentoft sitt område. Han er glad for å få ein kollega i området.

– Det som er så bra med å få Guri på plass i Berlin er at ho også har et blikk austover, i og med at ho og snakkar russisk og kjenner Russland og områda i det tidlegare Sovjetunionen godt. Og i den spente politiske situasjonen som vi har nett no, er det viktig at ho kan sjå konflikten i Ukraina frå fleire sider, seier Jentoft.

96 år gamle Trygve Rindahl er den einaste gjenlevande av dei norske politimennene som sat fanga i konsentrasjonsleiren Stutthof.

STERKT MØTE: Møte med Trygve Rindahl, siste overlevande av dei norske politimennene som sat i konsentrasjonsleir i Polen, gjorde inntrykk på Guri Norstrøm.

SISTE NYTT

Siste nytt