Hopp til innhold

Dette er NRKs nye korrespondent-team i Ukraina

Til neste år set NRK ned eit permanent korrespondent-team i Kyiv i Ukraina. – Det blir utruleg spanande, seier den påtroppande korrespondenten.

NRKs Ukraina-korrespondenter

NYTT KORRESPONDENT-TEAM: Kari Skeie og Gunnar Bratthammer skal jobba frå Ukraina framover.

– Saman vil dei kunna koma tett på folk og laga reportasjar og rapportera nyhende som blir viktig no som vi snart er på veg inn i krigens andre år, seier utanriksredaktør i NRK Sigurd Falkenberg Mikkelsen om det korrespondent-teamet.

Det er Kari Skeie og Gunnar Bratthammer som skal utgjera NRKs nye korrespondent-team i Ukraina neste år.

Kari Skeie er utanriksmedarbeidar og har jobba tett med Russland, Aust-Europa og Nordområda i lang tid. Ho snakkar også russisk.

Gunnar Bratthammer er ein av NRKs mest erfarne fotografar og har jobba mykje i Ukraina og andre krevjande område.

– Viktig å vera til stades

– Det å vera til stades i Ukraina er av stor journalistisk betydning. NRK har vore til stades nesten samanhengande sidan før Russland gjekk til full invasjon, seier utanriksredaktøren.

Mikkelsen kan fortelja at NRK no etablerer eit permanent team i Kyiv.

– Det blir viktig for å betre forstå Ukraina og kunna rapportera med djupn og nærleik om krigens gang. Det blir viktig no som krigen snart er på veg inn i sitt andre år, seier Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

– Denne krigen påverkar heile verda, og særleg vårt eige europeiske kontinent, legg han til.

– Spanande

Påtroppande korrespondent Kari Skeie ser fram til den nye kvardagen.

– Å bu og jobba i Ukraina i tida som kjem blir utruleg spanande. Det er stort alvor knytt til jobben og store forventningar til kva vi skal levera. Målet er jobba fram god journalistikk, seier ho.

Skeie håpar at dei klarar å finna andre typar historier som går bak det daglege nyheitsbiletet - i tillegg til å følgja utviklinga i krigen.

– Det blir viktig når vi skal vera til stades over tid, seier ho.

Gunnar Bratthammer i felt.

Gunnar Bratthammer i felt. Han har jobba mykje i Ukraina etter Russlands invasjon.

Foto: NRK

Fotograf Gunnar Bratthammer ser også fram til arbeidet.

– Det blir kaldt i vinter, men kva for nokre andre vendingar vil denne krigen ta? Det veit vi ikkje no. Difor er det viktig at vi er til stades, som augevitne som kan rapportera den løpande utviklinga, seier han.

– Eg ser fram til å koma endå tettare på folka og livet ein lever i Ukraina enn det eg har vore til no i år på meir sporadiske reportasjereiser, legg han til.

SISTE NYTT

Siste nytt