Hopp til innhold

Herifrå skal USA ha avlytta franske presidentar

Ein hemmeleg lyttestasjon skal ha skjult seg på toppen av den amerikanske ambassaden i Paris, kamuflert som ein ekstra etasje.

Den amerikanske ambassaden i Paris

LYTTEPOST: Den øvste etasjen på den amerikanske ambassaden i Paris er berre ein presenning med påmåla vindauge skjuler ein avlyttingsstasjon, med antenner innstilt på presidentpalasset berre eit steinkast unna.

Foto: JOHN SCHULTS / Reuters

Slik kunne USA avlytte franske presidentar frå ambassaden, som ligg berre eit steinkast unna det franske presidentpalasset i det fasjonable Champs-Élysées-området i Paris.

Francois Hollande i telefonen

AVLYTTA: USA skal ha avlytta president François Hollande, og dei tidlegare franske presidentane Jacques Chirac og Nicolas Sarkozy

Foto: ALAIN JOCARD / Afp

Det er den franske avisa Libération som skriv dette i ein av ei rekke artiklar dei har publisert det døgnet. Via eit nytt Wikileaks-dokument avslører dei at USA skal ha spionert på franske presidentar mellom 2006 og 2012.

Ein slik løysing skal ikkje vere unik for ambassaden i Paris. Dette skal vere noko som USA nyttar seg av på fleire av sine ambassadar. Ifølge Der Spiegel er det snakk om 80 antenner spreidd rundt i verda.

«Mission impossible»

Lyttestasjonen skal vere ein del av eit system kalla The Special Collection Service (SCS), ifølge ein hemmeleg rapport publisert av Der Spiegel i forbindelse med avsløringane om avlytting av tyske politikarar.

SCS er knytt til dei amerikanske etterretningsorgana NSA og CIA. Dei har vore kjend for sine «mission impossibles», frå dei vart etablert under den kalde krigen, på 70-talet og fram til i dag, så dei bl.a. vert brukte i det amerikanske myndigheiter kallar «krigen mot terror».

Stasjonen skal vere installert mellom 2004 og 2005, og er dekka av eit spesielt lerret eller seglduk som let elektromagnetiske signal passere.

I sjølve Wikileaks-rapporten står det lite om teknikken bak korleis materialet har vorte samla inn. Den avslører at USA har avlytta franske presidentar, og gir att ei rekke fortrulege samtalar, m.a. om gresk utmelding av euroen i 2012.

Sjokk og vantru blant franske politikarar

Rapporten vart lekka tysdag kveld, og sette i gang ein storstilt møteverksemd i den franske hovudstaden onsdag morgon.

Hollande og Fabius på eit regjeringsmøte onsdag

KRISEMØTE: Franske politikarar diskuterer onsdag korleis dei skal svare på avsløringane om amerikansk spionasje.

Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters

I morgontimane kalla presidenten inn til eit krisemøte i sitt kabinett. Vidare møter Hollande det franske parlamentet for å diskutere saka, og utanriksminister Laurent Fabius har kalla inn USA sin ambassadør på teppet onsdag kveld kl. 18.

Ein talsperson for den franske regjeringa melder om at ein representant for fransk etterretning vert sendt til USA i løpet av dei nærmaste dagane for å ta opp avsløringane med sine amerikanske motpartar.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt