Hellas skuldar tyske bankar og finansinstitusjonar 85. milliardar euro, Finansminister Schäuble har skulda den greske statsministeren Alexis Tsipras om å kome med «falske skuldingar som ikkje er i nærleiken av realitetane».
LES OGSÅ:
Slik fordeler den greske gjelda seg:
Auka popularitet
Forbundskanslar Angela Merkel har vore meir forsiktig i sine fråsegner om Hellas, men ho har stilt seg bak finansministeren sin. Dette har gjort at dei to på heimebane no gjer det svært godt på meiningsmålingane.
72 prosent av dei spurde i ei fersk meiningsmåling meiner at Wolfgang Schäuble gjer ein god jobb, og han har aldri tidlegare vore så populær. Angela Merkel får 57 prosent på same målinga, og det er berre to prosent lågare enn hennar beste måling.
I målinga blir også tyskarane spurde om kven som har ansvaret for at gjeldsforhandlingane med Hellas har gått i stå, og då svarte 68 prosent at skulda ligg hos statsminister Alexis Tsipras og hans venstreorienterte regjering i Aten.
På spørsmål om Hellas bør ut av eurosona, svarte 45 prosent nei og 45 prosent ja. Tsipras og regjeringa hans har også fått hard medfart i tysk presse dei siste vekene.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Den greske gjelda:
– Grådige tyskarar
I Hellas er det mange som meiner at Tyskland oppfører seg arrogant, og det er ei utbreidd haldning at det dei kallar grådige tyskarar har mykje av skulda for den vanskelege situasjonen landet har hamna i.
Ein valplakat for neisida viser tydeleg kva ein del meiner om den tyske finansministeren. Eit stort bilete av Schäuble har denne teksten: Denne mannen har drukke blodet ditt i fem år. Sei nei til han på søndag.
Mange EU-leiarar har i dag kome med sterke oppmodingar til greske veljarar om å seie ja til kreditorane sine vilkår for å få til ein ny avtale, blant andre president Jean-Claude Juncker i EU-kommisjonen.
– Neppe forhandlingar ved nei
– Om fleirtalet røystar nei til folkerøystinga søndag, vil posisjonen til Hellas i gjeldsforhandlingane bli dramatisk svekte, sa han tidlegare i dag. Han sa at det blir vanskelege forhandlingar også om fleirtalet seier ja til kreditorane. Skulle det bli nei, ser ikkje Juncker lenger sjanse for vidare forhandlingar.
Eurokommissær Valdis Dombrovskis har tidlegare sagt at spørsmålet grekarane skal røyste over, korkje er reelt eller juridisk korrekt