Tsjekkia blir det ellevte landet som har forskingsstasjon i Ny-Ålesund - den nordlegaste busetnaden i verda.
Frå før har Tyskland, Frankrike, Kina, Japan, Sør-Korea, India, Italia, Nederland, Storbritannia og Noreg stasjon her.
I tillegg driv eit titals land med forsking utan å ha eigen stasjon.
– Tsjekkia ønskjer å etablere ein forskingsstasjon hos oss, og planen er at dei skal vere operative frå Ny-Ålesund i 2015, seier direktør i Kings Bay AS, Ole Øiseth.
– Tsjekkarane skal blant anna drive med breforsking og marinbiologisk forsking, fortel Øiseth. Dei har klart gitt uttrykk for at dei ønskjer å dele forskingsdata med dei andre her, så dette ønskjer vi velkommen, seier han.
Les også:
Tyskland og Frankrike mest aktive
Tyskland etablerte seg i Ny-Ålesund i 1991, Frankrike kom 10 år seinare. Sidan 2003 har dei to landa hatt ein felles stasjon som først og fremst forskar på atmosfæren og livet i Kongsfjorden rett nedanfor.
Dei samlar også inn verdata som blant anna blir formidla til Meteorologisk institutt. Det er ein stasjon som no trappar opp.
– Vi aukar aktiviteten jamt og trutt, fortel leiar for stasjonen, Rudolf Denkmann.
Og fleire land ønskjer å plassere sine instrument hos oss, legg han til.
– Ny-Ålesund er ein attraktiv stad, blant anna fordi det er svært godt tilrettelagt for å drive forskingsarbeid her. Det er også lett å komme seg hit med fly, sjølv om det er langt mot nord, seier han.
– Den fransk-tyske stasjonen har desidert mest aktivitet i Ny-Ålesund, seier Ole Øiseth. Dei har hatt ein markant vekst det siste året. Blant anna etablerte dei i fjor eit undervassobservatorium som har ført med seg betydeleg aktivitet.
Mindre norsk forsking
Mens fleire land trappar opp, har den norske aktiviteten i Ny-Ålesund gått noko ned dei siste åra. Noreg ligg no på andreplass.
– På grunn av klimaendringane søkjer forskarane seg lenger nordover og austover, seier direktør for Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther.
Endringar i økosystem og isforhold gjer at det er blitt meir interessant å opphalde seg heilt nord på Spitsbergen. Dermed har det blitt noko mindre aktivitet for nokre forskargrupper i Ny-Ålesund.
– Er Ny-Ålesund mindre interessant enn før?
– Nei, det vil eg ikkje seie. Det er berre det at fleire av våre forskarar også ønskjer å vere andre stader. Og det er jo ikkje slik at Ny-Ålesund blir tømt for norsk aktivitet.
Må framleis satse
– Norske styresmakter har investert svært mykje for å leggje til rette for forsking i Ny-Ålesund. Eg kan blant anna nemne Marinlaboratoriet og luftmålestasjonen på Zeppelinfjellet, seier Winther.
– Alt dette tilseier at vi frå norsk side også skal vere aktive her. Slik kjem det også til å bli. Vi på Polarinstituttet har jo vår stasjon her, no skal det leggjast fiberoptisk kabel hit, og Kartverket byggjer nytt jordobservatorium.
– Vi må framleis styre midlar mot Ny-Ålesund, og sjå til at balansen mellom utanlandsk og norsk forsking i Ny-Ålesund er på eit riktig nivå. Og det er jo veldig flott at det er eit internasjonalt engasjement her, for då får vi endå meir igjen for forskingsmidlane totalt sett.
– Den totale norske forskinga på Svalbard - sett under eitt - er relativt stabil, legg han til.
Frå gruveby til forskarsamfunn
Ny-Ålesund var ein gong ein gruveby. Selskapet Kings Bay AS blei starta i 1916. Opp gjennom åra var det fleire ulukker i gruvene, og i 1963 blei gruvedrifta avvikla.
Kings Bay er no eit statleg selskap som eig og driv Ny-Ålesund som eit senter for internasjonal forsking og miljøovervaking. Det er rundt 35 fastbuande her om vinteren og ca. 180 om sommaren.
Denne veka besøkte utanriksminister Espen Barth Eide og den sørkoreanske viseutanriksministeren, Cho Tae-yul, Ny-Ålesund. Saman med ei lang rekkje representantar for forskingsmiljø og næringsliv deltok dei på det årlege Ny-Ålesund-symposiet.
Viktig for verdssamfunnet
I fjor markerte koreanarane 10-årsjubileum for stasjonen her.
– Dette er noko heilt spesielt, eg trur at knapt nokon i Korea veit kva som skjer her. Dei gjer ein fantastisk jobb, ikkje berre for Korea, men for heile verdssamfunnet, seier Cho Tae-yul.
Korea har vore aktiv i polarforsking i nesten 30 år, og har også forskingsstasjon i Antarktis.
– President Park legg stor vekt på at Korea er aktiv i Arktis. Det er ein del av hennar visjon for landet. Det er eit bidrag til at Korea kan spele ei meir aktiv rolle på den internasjonale arenaen, seier viseutanriksministeren.
Ny-Ålesund har eit heilt unikt forskingsmiljø, seier Espen Barth Eide.
– Staden ligg langt borte frå annan busetnad og industriell aktivitet, og forskarar frå mange land ser på dette som kanskje ein av dei beste stadene i verda for å drive forsking - ikkje berre polarforsking men også generell klimaforskin, seier han.
– Alle er hjarteleg velkomne, og vi er svært glade for å vere vertskap for alle desse landa, legg han til.
Eide set pris på at Tyskland, Frankrike, Tsjekkia og andre land satsar her.
– Det er veldig fornuftig, vi treng internasjonal kunnskap om kva som skjer i polare strøk, og vi treng internasjonal kunnskap om kva som skjer med miljøet. Her oppe blir det skapt mykje solid innsikt i kor raskt verda endrar seg. Dette er alvorlege og viktige spørsmål, og at det skjer i eit internasjonalt miljø gjer at resultata blir spreidde endå betre og blir endå meir truverdige, seier Eide.