Hopp til innhold

– Kan ikkje bli verre i Nord-Irak

– Det er så ille som det kan bli, og ingenting vert betre, seier fleire organisasjonar om tilstanden for religiøse minoritetar i Nord-Irak. No ber dei om meir engasjement.

Caritas

Martha Rubiano Skretteberg var nyleg i Nord-Irak der ho mellom anna delte ut teppe på vegner av Caritas Norge, der ho er generalsekretær. Ho møtte mange jesidier, eit folk som er forfølgde for si tru.

Foto: Caritas Norge

Dei lever eit liv på flukt fordi dei trur på ein annan Gud enn det IS gjer. Nokre av dei vert sexslavar, andre blir drepne, og resten er på flukt. Situasjonen for religiøse minoritetar i Nord-Irak har lenge vore ille, og den er på inga måte betre no.

Generalsekretær i Caritas, Martha Rubiano Skretteberg, har nyleg vore på besøk i områda. Ho skildrar ein livssituasjon som få norske kan sette seg inn i og forstå.

– Både kristne og jesidiar fryktar at IS skal fortsette sin offensiv nordover og truge områda som dei no finn seg i. Mange av dei har allereie opplevd grufulle handlingar frå IS si side, slik som at døtrene har blitt kidnappa, eller at resten av familien er massakrert, fortel Skretteberg.

Flyktninger Jesidier Nord-Irak

Denne vesle familien er nokre av dei mange jesidiane som har flykta frå IS i Nord-Irak.

Foto: Caritas Norge

– Risikerer liva over Middelhavet

Mange kristne i området drøymer no om ei framtid på andre sida av Middelhavet, men ferda over sjøen er farleg, og mange har tidlegare drukna i sine forsøk på å kome over.

– Likevel vil mange av dei kristne som eg snakka med ta sjansen likevel, fordi dei føler at dei ikkje har noko verdig liv eller rettar der dei er. Dei har verken jobb eller håp for framtida, seier Skretteberg.

Generalsekretæren er klar på at verdssamfunnet, og Noreg, må bidra langt meir enn i dag. Ho understrekar også at det er viktig å inkludere religiøse minoritetar i fredsarbeidet som skal gjerast.

– Me i Noreg forstår ofte ikkje kor viktig rolle leiarar for trusbaserte samfunn speler i ulike delar ev verda, seier Skretteberg, som meiner religiøse leiarar er nøklane i ein eventuell fredsprosess i Midtausten.

Jesidiane vert sett på som djeveldyrkarar

Også Ed Brown i Stefanusalliansen, ein organisasjon som jobbar med trusfridom og menneskerettar, fortel om ein stadig forverra situasjon for minoritetar i Irak.

– Eg veit ikkje om det kan bli så mykje verre. Særleg minoritetane lever under eit stort press heile tida. Etter IS sitt inntog har det blitt ei stor forverring, seier Brown.

Det er ein liten skilnad på dei ulike religiøse minoritetane, der nokon er meir utsette enn andre, meiner Brown.

– Dei kristne kan av meir moderate muslimar enn IS bli sett på som boka (Bibelen, red.anm.) sitt folk, men jesidiane vil bli sett på som djeveldyrkarar. Også bahaiane vert sett på som fråfalne muslimar, og vert heller ikkje beskytta, seier Brown.

SISTE NYTT

Siste nytt