Hopp til innhold

Navarsete meiner KS er del av «korstog»

Sp-leiar Liv Signe Navarsete meiner KS-leiinga spring ut frå NHO og Høgre og difor støttar høgresida sitt ønskje om kommunesamanslåing.

Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum

Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete meiner KS sin leiar og styreleiar er farga av deira bakgrunn frå NHO og Høgre og dermed støtter eit «korstog mot små kommunar».

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I dag skriv Dagens Næringsliv at også kommunanes eigen interesseorganisasjon, KS, vil at Stortinget skal ta initiativ til nye kommunesamanslåingar.

Navarsete ser dette i samanheng med det ho kallar «NHO sitt korstog» mot små kommunar.

– NHO starta eit korstog for samanslåing i 2003, og sidan har dei halde på. No har Civita og Høgre teke over stafettpinnen.

– Kanskje eller kanskje ikkje tilfeldig

Navarsete viser til at KS-leiar Sigrun Vågeng kjem frå NHO, medan KS sin styreleiar Gunn Marit Helgesen er politikar for Høgre.

– At dei tek side med NHO og Høgre i denne saka, er ikkje overraskande. Dette er ei kampanje som NHO har køyrt i mange år. No får vi sjå kva landsstyret i KS seier når dei skal diskutere denne saka i neste veke, seier Navarsete.

På spørsmål om ho trur dette er ei bevisst kampanje frå NHO- og KS-toppane, svarar Navarsete slik.

– Det kan vere heilt tilfeldig at KS for første gong går inn for kommunesamanslåing, og det kan hende det ikkje er tilfeldig. Eg veit ikkje.

KS: – Kritikken er urimeleg

KS-leiaren er provosert

Styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen meiner kritikken frå Navarsete er urimeleg, og at ho ikkje har grunnlag for å seie det ho gjer.

Foto: NRK

Styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen tykkjer kritikken frå Navarsete er urimeleg.

– Det er landstinget i KS som i fjor gav oss i oppdrag å greie ut kommunestrukturen, og det har vi no gjort, seier Helgesen.

– Navarsete trekkjer ei linje frå NHO sitt «korstog» mot småkommunar, til endringa som skjer i KS i dag. Kva tenkjer du om det?

– Det har ikkje Navarsete noko grunnlag for å seie. Eg møter henne stadig, og ho jobbar godt for kommunane i sin rolle. Eg arbeider for KS-medlemmane sine interesser, og det vil eg halde fram med, seier Helgesen.

Ho legg til at det ikkje er eit mål i seg sjølv for KS å redusere talet på kommunane, men å gi betre tenester.

Hovudstyret i KS skal handsame denne saka i neste veke.

– Det har skjedd ei erkjenning hos mange om at dersom vi skal løyse større oppgåver, som samhandlingsreforma, må ein sjå på korleis vi er organiserte. Vi må diskutere om vi i dag er organisert på best mogleg måte, seier Helgesen.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.