- Den sentrale leiarskapen i Al Qaida i Pakistan er svakare og under meir press enn nokon gong sidan dei flykta frå Afghanistan i 2001, heiter det i ei fråsegn frå Det kvite hus.
Langt frå problemfritt
Samstundes går det fram av rapporten at forholdet mellom USA og Pakistan i hovudsak er godt, men at det langt frå er problemfritt.
- Pakistan har gjort framskritt i kampen mot Al Qaida. Dei har gått til aksjon i seks av sju stammeområde der dei har operert fritt, heiter det i rapporten.
Det går fram at dette har ført til store både sivile og militære tap for Pakistan, og at landet har gitt store offer til kampen mot terror.
I rapporten som Obama skal leggje fram seinare i dag går det også fram at USA vil starte «ei ansvarleg tilbaketrekking» frå Afghanistan i løpet av juli i 2011.
Målet om at afghanske styrkar skal ha teke over ansvaret for tryggleiken i størsteparten av landet i løpet av 2014, står framleis fast.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Taliban-framgang stansa
Det heiter vidare at framgangen til Taliban i Afghanistan er stansa i nokre område og snudd til tilbakegang i andre område, men at organisasjonen like fullt utgjer ein stor trussel.
Det blir også slått fast at det er svært viktig for USA å sørgje for betre styring og mindre korrupsjon, slik at regjeringa står sterkare.
Utanriksminsiter Hillaary Clinton skal i starten av 2011 vere vert for ein samtalerunde mellom USA, Afghanistan og Pakistan.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: