Hopp til innhold

Sterke reaksjonar på Junckers utspel om italiensk korrupsjon

Italienske politikarar er i harnisk etter at EU-toppen Jean-Claude Juncker i går sa at italienarane må arbeide hardare og bli mindre korrupte.

Presidenten i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker.

Italienske politikarar reagerer sterkt på at Jean-Claude Juncker meiner at italienarane må arbeide hardare og bli mindre korrupte.

Foto: Olivier Matthys / AP

Det var den britiske avisa The Guardian som først siterte Juncker på at italienarane var late og korrupte. Ei talskvinne for EU seier at fråsegna frå den mektige presidenten i EU-kommisjonen er teken ut av samanhengen, men dette er ikkje nok for leiarane i dei nye regjeringspartia i Italia, Femstjernersrørsla og Ligaen.

– Eg godtek ikkje lenger at alt som går gale i Sør-Italia blir forklart med manglande innsats frå EU eller EU-kommisjonen. Italienarane må sjølve ta vare på dei fattige områda i landet. Det betyr meir jobb, mindre korrupsjon og meir seriøsitet, sa Jean-Claude Juncker.

Han bad også Italia å slutte å leggje alt ansvar over på EU.

– Skammeleg og rasistisk

 Matteo Salvini er partileiar for Ligaen.

Partileiar for Ligaen, Matteo Salvini, reagerer sterkt på fråsegnene om at italienarane frå presidenten i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker.

Foto: Tony Gentile / Reuters

Leiaren for Legia Nord, Matteo Salvini, kallar utspelet frå Juncker for «skammeleg og rasistisk». Han lovde samstundes at den nye italienske regjeringa vil sørge for at dei 60 millionar innbyggjarane i Italia heretter skal behandlast med respekt frå EU-hald, og ikkje med fornærmingar.

Det var på ein pressekonferanse i Brussel i går ettermiddag at Juncker kom med fråsegnene om Sør-Italia. Det var på direkte spørsmål om kva EU kan gjere for å EU kan gjere for å hjelpe unge menneske i regionar som Sør-Italia.

Før han snakka om hardt arbeid og korrupsjon, sa Juncker også at han nærer ein djup kjærleik til Italia.

Femstjernersbevegelsen vil ha riksrett mot Italias president

Krev dementi

Giuseppe Conte ny statsminister i Italia.

Jusprofessoren Giuseppe Conte blir statsminister i den italienske regjeringa som blir teken i eid fredag.

Foto: Alessandro Di Meo / AP

Presidenten i EU-parlamentet, Antonio Tajani, som sjølv er italienar, krev at Juncker skal dementere fråsegnene sine. Han skriv på Twitter at om Juncker verkeleg har sagt det han har blitt sitert på, så er det ikkje akseptabelt.

I går var det klart at partia Ligaen og Femstjernersrørsla får danne regjering. Det er ei regjering som i stor grad består av teknokratar. President Sergio Mattarella nekta å godta den første regjeringslista som partia la fram, fordi den føreslåtte finansministeren er kjent som ein sterk Euro-kritikar.

I går godkjende Mattarella regjeringslista, med ein ny finansminister, og ei regjering leidd av jusprofessoren Giuseppe Conte blir teken i eid i løpet av fredag. .

SISTE NYTT

Siste nytt