Hopp til innhold

Østersund-dødsfall for retten

Mannen, som er tiltalt for lekamsskading med døden til følgje, etter eit mistenkeleg dødsfall i Østersund møter i retten 16. mars.

Østersunds Stugby og Camping

Kvinna blei funnen død her på Østersunds Stugby og Camping.

Foto: Nyhetsspiller, Nyhetsspiller / NRK

– Eg reknar med at saka tek mellom sju og ti dagar, seier kammeråklagare i Østersund, Stig Anderson til NRK.

Først tiltalt for drap

31 år gamle Aud Jorun Rønning frå Malvik blei funnen død på ein campingplass i Østersund i Sverige i 14. april 2007. Ein 48 år gamal mann frå Steinkjer blir sikta for å ha drepe ekskjærasten sin.

Mannen blir først tiltalt for drap, men den svenske domstolen avviste tiltalen på grunn av manglande bevis.

No er han tiltalt for lekamskading med døden til følgje. Sjølv nektar mannen å ha noko med dødsfallet å gjere.

- Vil møte i retten

Mannens forsvarer, John Christian Elden sier til NRK at hans klient kommer til å møte i retten den 16. mars.

- Jeg har ingen grunn til å tro noe annet. Men min klient erklærer seg ikke skyldig, sier Elden.

Lang ventetid

Når rettssaka no kjem opp, har foreldra til Aud Jorunn Rønning venta i nesten tre år.

– Eg er bitter på at det har tatt så lang tid. Vi må få sette sluttstrek. Vi kan ikkje ha dette hengande over oss, sa Aslaug Hjertø Ivangen til NRK i august i fjor.

20 personar skal vitne i saka som vi bli ført for Østersunds tingsrett.