Hopp til innhold

Brukte tapetknivar i underlivet til kvinner – kan kome ut på prøve til våren

Etter ti år i fengsel erkjenner no den forvaringsdømde trønderen det han gjorde mot tre kvinner: Påførte dei omfattande skader i underlivet etter å ha dopa dei ned. Ei av dei døydde av forgifting.

Hovretten i Sundsvall

TILTALT i RETTEN MANGE GONGER: På veg inn in retten i Østersund med den dåverande forsvararen sin, John Christian Elden.

Foto: Marcus Frånberg / Sveriges Radio

Statsadvokaten meiner no at 60-åringen frå Steinkjer bør bli lauslaten på prøve til våren. Aktor støttar seg mellom anna på sakkunnige som meiner risikoen for nye seksuallovbrot er mindre enn før.

Pressa til å ta tablettar så det ikkje skulle gjere vondt

Den første offeret var den dåverande kona hans. I 2004 vart han dømd til fengsel i to og eit halvt år for å ha skadd henne alvorleg i underlivet. Dette tilstod han i rettssaka og forklarte det med at kona hadde ein uvanleg stor klitoris som han kunne ordne.

Ekskona sa at tiltalte pressa henne til å ta tablettar så det ikkje skulle gjere så vondt.

Ho vitna også i den nye rettssaka mot eksmannen, i Østersund. Her stod han tiltalt for grov mishandling med døden til følgje mot ei trebarnsmor frå Malvik. Ho vart funnen død i campinghytta ho og tiltalte hadde leigd. Då var han ute på prøve etter den første domen. Dei drog til Østersund for å feire trulovinga.

Tiltalte nekta for å ha skadd henne og sa at han fann henne i campinghytta etter at han hadde vore ute på ein spasertur på morgonen.

LES OGSÅ:

Blod frå kvinna som vart funne i hytta måtte vere frå menstruasjon, forklarte han i retten.

Han vart frifunnen for drap, men dømt til tre år og fire månader i fengsel for grov mishandling.

Dømd til forvaring etter det tredje tilfellet

I 2011 varsla Sjukehuset Levanger politiet om ei kvinne som var innlagt med skader i underlivet. Ho hadde vore heime hos tiltalte, var rusa og sa først at ho vart skadd på ein sengestolpe. Ho måtte seinare opererast.

Hos tiltalte vart det funne fleire tapetknivar. Han forklarte at han brukte dei til mellom anna å sløye fisk og nekta for å ha skadd kvinna. Han hadde også vaska soverommet med Klorin så det var vanskeleg å finne tekniske bevis.

Bevis i rettssak

TAPETKNIVAR: Beslag frå tidlegare rettssak

Tingretten frifann han, men lagmannsretten dømde han i 2013 til forvaring.

Den har seinare vorte forlenga to gonger. Den noverande går ut 17. november.

Rettspsykiatrar har fleire gonger konkludert med at mannen har alvorlege og sjeldne seksuelle avvik med innslag av sadisme. Han har ei dyssosial personlegdomsforstyrring og har Klinefelters syndrom, ei medfødd, genetisk forstyrring som berre rammer gutar. Manglande produksjon av testosteron og potensproblem kan vere følgjene.

Sjølv har tiltalte forklart at han alltid har vore opptatt av underlivet til kvinner, men at han ikkje har meint å skade dei.

Må halde seg unna kvinner

Sidan juni fjor har tiltalte sona i eit ope fengsel. Han har hatt 17 permisjonar sidan 2017, fleire med overnatting hos familie.

Fengselet gir tiltalte gode skottsmål, men meiner det ikkje er «tilrådeleg» å sette han fri no utan at mange vilkår er på plass: Tiltalte må mellom anna framleis gå til behandling, han må ha jobb og godta ruskontroll.

I det opne fengselet er det fire kvinnelege innsette. Ei av dei skal ha vorte god ven med tiltalte kom det fram i retten.

Oksana Flåan og Michael Setsaas sitter i en rettsal.

SAKKUNNIGE: Psykiatrane Oksana Flåan og Michael Setsaas.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Dei sakkunnige meiner det er viktig at tiltalte ikkje innleier forhold til kvinner. Det kan provosere fram «underliggande drifter og lyster», som psykiater Michael Setsaas uttrykte det i retten tysdag.

Tiltalte forklarte seg tysdag, men retten bestemte at pressa ikkje fekk referere det han sa.

Forsvarer Ann Turid Bugge stadfesta overfor NRK måndag at tiltalte no erkjenner det han har gjort mot dei tre kvinnene:

–I straffesaker bruker ein tiltalt gjerne litt tid på å fordøye det ein har gjort og som kanskje er vanskeleg å snakke om. Så går tida og ein får det på avstand og forstår meir av sin eigne handlingar. Han har erkjent absolutt alt, seier Bugge.

Forsvarer Ann Turid Bugge i en rettsal.

FORSVARER: Ann Turid Bugge meiner det ikkje er uvanleg at dømde først vedgår det dei har gjort mange år seinare.

Tillært eller oppriktig erkjenning av skuld?

Dersom retten kjem til at tiltalte skal prøvelauslatast 1.april neste år, bør prøvetida vere på tre år. Den bør forlengast med nye tre år, meiner aktor. I prosedyren sin viste Schjetne til utspørjinga si av tiltalte måndag:

Tiltalte vart spurt om han tok ansvaret for handlingane sine fordi han skjønte at han måtte seie det for å skape eit betre inntrykk.

Mannen svarte at det var oppriktig meint.

Aktor meiner det framleis er vanskeleg å vete om dette er tillært eller ei oppriktig erkjenning av skuld.

–Det er mange innsette som har utført alvorlege handlingar på innsida av murane. Derfor er det ikkje noko argument at tiltalte har sete inne med strenge rammer og dermed ikkje kunne gjere noko gale.

Det sa forsvarer Ann Turid Bugge i prosedyren sin. Ho meiner klienten må settast fri når forvaringa går ut 17.november. Tiltalte har hus, familie og går i behandling. Vilkåra er oppfylte og han vil neppe gjere noko liknande igjen, argumenterte Bugge.

Ho viste også til at ei prøvelauslating frå forvaring byr på nye utfordringar:

– Dei som er prøvelauslatne går med eit stigma i panna, det vanskeleggjer rehabilitering .

Skal du fortelje venene dine som vil ha deg med på kino klokka 23 at du er forvaringsdømd ute på prøve. Eller skal du bryte reglane om innetid, spurte Bugge retorisk.

Den røynde forsvararen, som også har jobba i politiet i mange år, sa i retten at dette er ei «unik» sak med tanke på kva tiltalte gjorde mot dei tre kvinnene.