Det kan vere fleire skjelett inne i hòla, for ingen veit kva som faktisk har gått føre seg der.
I 1987 fann ein lærarskolestudent to skjelett i hòla.
Han skulle utforske fjella rundt Drageid leirskole i Flatanger, og ingen hadde vore i grotta på manns minne. Skjeletta låg ved restane av eit bål.
Lensmannen vart varsla, for skjeletta var godt bevarte, og det såg ut til at det kunne vere ein relativt fersk kriminalsak.
Ikkje 40 år, men 1500 år!
Analysar frå Anatomisk institutt viste at det dreidde seg om to menn, den eine var mellom 20 og 35 år gammal, og den andre mellom 35 og 40 år.
Skjeletta var så godt bevarte at ein først trudde at dei kunne ha ligge der i minst 40 år, maksimalt 150 år.
Men så vart dei undersøkt nærare.
14-C-analysar viste at skjeletta, eldstaden og matrestane gav ei datering til eldre jernalder, ein plass mellom år 200 og 500 etter Kristus.
Fann beinrestar i bålet
Arkeolog Sigmund Alsaker var med på veke med registreringar i hòla for snart 30 år sidan. Dette arbeidet viste at det var minst fire forskjellige skjelett i hòla som heiter «Bølekointa», utan at ein i dag heilt veit kva som har skjedd der.
Lærarstudenten var den første på veldig lenge som klatra opp dit.
– Eldre folk i bygda sa at ein ikkje skulle gå inn i denne hòla. Der skreik det, og det var mykje vondt der, vart det sagt, fortel Alsaker.
– Fjellet heiter Vondtfjellet, og ein kan spekulere i korleis det har fått namnet sitt.
Alsaker fortel at tanken om kannibalisme og menneskeofring dukka opp da arkeologane skulle ete lunsjen sin under undersøkingane.
– Matpakka smakte dårleg da vi fann bein inne i bålrestane. Det var da vi begynte å tenke på ofring, seier han.
Vil ha meir informasjon
Ingolv Dørum har vore leiar på leirskolen på Drageid i mange år. Han har ofte med seg både leirskoleelevar og andre grupper opp til hòla. Han er svært forsiktig i si framferd der inne, og kunne tenkt seg betre informasjon på staden.
Dørum har merka at dårleg opplysning gjer at somme grev i jorda og gjer dumme ting.
– Vanlege folk som går laus med spade her, vil ikkje klare å finne noko interessant. Det må arkeologar til, som kan faget og kan å datere. Med litt info om slikt, trur eg at folk ikkje ville rørt jorda her, seier han.
Dørum drøymer om å få på plass informasjonsplakatar og kanskje to skjelett som viser korleis det såg ut da arkeologane kom dit første gongen.
– Burde ha vore utgravd
Sigmund Alsaker er ofte innom skjeletthòla i tankane.
– Eg tenkjer ofte på det, særleg at hòla ikkje vart utgravd. Etter at vi kartla det som var der, erkjende vi at det burde ha vore gjort ei skikkeleg arkeologisk undersøking der. Det ligg nok meir informasjon der, trur han.
Han presiserer at det er uhyre viktig at folk som ferdast der, ikkje begynner å grave, men respekterer at det er viktig for framtida at hòla får ligge i fred.