Hopp til innhold

Må betale husleige for Rock City i 16 år

Mens Rock City i Namsos skrumpar inn, sit kommunen att med ei husleigeavtale som strekker seg fram til 2031. No vil kommuneleiinga ha ei avklaring frå staten om framtida til Rock City.

Rock City

Rock City i Namsos vart opna i november 2011, og skulle vere eit nasjonalt ressurssenter for profesjonell musikk. Tre år seinare har staten stengt pengekrana, og nesten alle dei tilsette er borte.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Gunnar Lien

Rådmann i Namsos, Gunnar Lien.

Foto: Espen Sandmo / NRK

– Namsos kommune eig selskapet, og politikarane og administrasjonen må sjå på kva som er muleg å gjere. Per i dag er det framleis veldig mykje som er uavklart og usikkert, og det må vi jobbe med før vi kan handsame det politisk, seier rådmann Gunnar Lien.

Når trur du det kan skje?

– Forhåpentleg innan ein månads tid. Vi er interessert i å få ei avklaring så snart som muleg, men det er viktig med ei riktig avklaring, og da må alle brikkene på plass først, seier han.

Draumane forsvann

Det var stor fest og mange draumar den 11.11 2011 da Rock City vart opna. Stortingets mandat frå 2005 var at Rock City skulle vere eit nasjonalt ressurssenter for profesjonell musikk, og eit opplevingssenter for trønderrock.

Etter festen kom bakrusen, og draumane forsvann i økonomisk rot, granskingsrapportar og uro.

Namsos bygde seg et stort nytt kulturbygg rundt Rock City, og sit no att med leiekontrakta på det. Den går fram til 2031. Spørsmålet er kva kommunen skal bruke bygningen til.

– Vi har mange tankar, men det er tidleg å komme med dei no. Bygningen representerer mulegheiter og verdiar, seier rådmannen.

– Kva med Rock City? Skal Namsos kommune drive det selskapet vidare etter neste år?

– Det er opp til eigarane, altså politikarane. Ein må få avklart spelereglane først, altså kva vil staten bidra med i den samanhengen.

Reiser til Oslo for å få svar

Den nye regjeringa kutta hausten 2014 det meste av pengestraumen til Rock City og signaliserte full stopp, men 10. desember samla Stortinget seg om å be om eit nytt mandat for Rock City, utan at så mange forstår kva det betyr.

Derfor ventar selskapet, rådmannen og politikarane på ei avklaring, noko dei håpar å få med ei osloreise i slutten av månaden.

– Eitt av spørsmåla som ikkje er avklart, det er kva som eigentleg ligg i merknaden frå Stortinget knytt til endring av mandat. Det kom ikkje noko finansiering med denne merknaden, så kva for innhald det eigentleg har, det må vi få greie på før vi kan konkludere, seier rådmann Lien.